Ingerid blei noregsmeister i sprint: – Det største eg har opplevd
Langrennstalentet Ingerid Vadder frå Ordal og Morgedal IL vann 17-årsklassa under junior-NM på Lygna laurdag.
– Dette er det største eg har opplevd. Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie, seier Vadder til VTB laurdag kveld.
Ho var best både i prologen, kvart- og semifinale, og leia finalen frå start til mål.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er verdas dårlegaste taktisk så eg bestemte meg for å gå for fullt frå start. Det fungerte, seier Vadder med eit smil.
Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord og Morgedal IL blei nummer fem i 18-årsklassa. Gunhild Kvålseth kom til kvartfinalen blant dei 18 år gamle jentene.
Vesttelar i sekundstrid
Fredag var det noregscuprenn i klassisk på Lygna. Då gjekk Vadder inn til femteplass på 5-kilometeren.
– Eg var litt skuffa etter løpet. Plasseringsmessig er det veldig bra, men eg følte eg hadde meir å gå på.
I 18-årsklassa blei det duell mellom to vesttelar som går i same klasse på Hovden. Erik Brostigen Ringhus frå IL Rein trekte det lengste strået då han gjekk inn til ein knallsterk 9.-plass. Flaaten fylgde på plassen bak. Det skilde 1,1 sekund mellom dei to.
Sundag er det noregscuprenn i skøyting på programmet på Lygna.