Lærer borna kor maten kjem frå
1. og 2. klasse ved Gimle skule var på gardsbesøk sist veke. Der lærde dei mellom anna kva pannekaker er laga av.
På garden til Gunhild Agnes Svalestog har det akkurat kome ein haug med nye lam. Det er difor naturleg at dei fyrst får merksemd av borna som er på besøk frå skulen denne tysdagen. Dei samlar seg i sirklar rundt dei heldige fyrste som får lov til å halde dei små dyra.
– Så søt den er, seier Anne Teksle medan ho klemmer lammet forsiktig. Rundt ho ropar alle «kan eg halde no?» i kor. Ho latar til å ha stengt masinga ute. Nestemann i køen sprekk nesten av spenning. Andletet hans utstrålar skrekkblanda fryd.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har aldri hatt lam på besøk heime, men mange hundar og babyar, seier Elias Valseth Holmegård.
Borna veit for lite
Det er Fyresdal bondelag med Kim Hopland i spissen som står bak det dei kallar «Jord til bord, 1-10». Prosjektet går ut på å lære alle klassane i grunnskulen om kor maten deira kjem frå. Dei håpar det vil bli ein integrert del av utdanningsløpet.
– Kvart år skal kvar klasse innom ein eller annan aktivitet som har med landbruk å gjere. Det kan vere alt frå slakting til potetsanking. Me må begynne å ta dette på alvor, for eg blir heilt sjokkert over kor lite nokre born veit, seier Hopland.
Aslak Snarteland, også bonde og medlem av bondelaget i Fyresdal, stemmer i.
– Det er viktig å starte tidleg med dette. Me ser ikkje noko poeng i å fortelje dei at det søte lammet dei no står og kosar med blir jolemiddag i desember, men grunnleggande informasjon er nyttig, seier han.
– Du treng ikkje lenger enn ende bort på butikken så er alt pakka i plastikk. Viss du ikkje får informasjon heime veit du ikkje meir enn det, legg Hopland til.
Fersk mjølk og landbruksquiz
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne solskinsdagen i Fyresdal skal 1.- og 2.-klassingane få sjå korleis det er på ein gard, smake på mjølk fersk frå spenane, bryne seg på landbruksquiz og få med seg brosjyrar dei seinare skal gjennomgå nøye på skulen.
Mellom lammekos og quiz grillar dei pølser på ein bålgrill ute på tunet. Eit par nyttar seg av tilbodet om å drikke fersk mjølk. Mange takkar nei.
– Det smakar godt, synest eg. Det smakar mjølk, seier Nora Austjore Heistad.
Så fort alle har fått ete er det tid for quiz. Spørsmåla er varierte, men borna har som regel eit svar på det meste. Engasjementet når imidlertid nye høgder når Hopland spør om dei veit korleis ein lagar pannekaker.
– Likar de pannekaker, eller?
– Jaaaaaaa!
– Kva lagar me pannekaker av, då?
– Mjølk frå kua, ropast det frå fyrste rad.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og egg frå høna, skrik ein annan.
– Ja, bra. Mjølet, då? Kor kjem det frå?
– Buti…
– IKKJE sei butikken, befaler Hopland. Så forklarar han dei at til og med mjøl kjem frå gardar.
Stas med hest
Den innhaldsrike timen på garden nærmar seg slutten, og borna blir store i augo då dei får høyre korleis dei skal kome seg tilbake til skulen.
– De skal få lov til å ri hest, seier Snarteland. Litt for tidleg. Borna spring skrikande nedover mot kjerra som står parkera på tunet, trass i at det framleis er ei lita stund til dei skal reise. Lærarane skulle gjerne hatt dei med på litt leik den siste tida, men det latar til å vere rimeleg håplaust no. Hesten er viktigast.
Eit par av dei har likevel tid til å svare på kva dei har lært i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har lært at alt du treng for å lage pannekaker kjem herfrå, seier Anne Teksle med eit smil.