Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka er erfarne dansepartnarar. Her tevlar dei på landskappleiken på Geilo i 2014.
Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka er erfarne dansepartnarar. Her tevlar dei på landskappleiken på Geilo i 2014.

Konkurrerer om kongepokal

Denne veka startar landskappleiken på Røros. Vesttelane er som vanleg godt representert, men berre Sara Fjågesund Aase og dansepartnar Eivind Bakka tevlar om kongepokalen.

Kongepokalen i år er sett opp i A-klassa for dans hardingfele. Det er åtte år sidan sist det vart tevla om kongepokal i denne klassa, og i år er det 22 dansepar som har meldt seg på for å kjempe om det gjeve trofeet. Som eitt av kring fire hundre startnummer under dei fire kappleiksdagane går Sara Fjågesund Aase frå Seljord folkemusikklag på scenen laurdag føremiddag for å danse ein telespringar med Eivind Bakka frå Fjellrosa.

Både eldre og yngre

Av dansarar elles herfrå må nemnast Bjønn Raftevold Rue frå Seljord folkemusikklag. Han dansar i B-klassa, og tek fyrst ein gangar med Ingrid Storlid før han seinare dansar ein sprigar med Anne Karin Slåtta. I alt 20 par er påmelde i denne klassa. Rue skal også danse halling, der han tevlar med fire andre i B-klassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Syster Gjertrud Raftevold Rue skal også i elden. Ho deltek i yngste klasse, og skal danse telespringar. Totalt er dei tolv i klassa.

Eit par veteranar hiver seg også i dansen. Aud Manheim frå Seljord folkemusikklag og Johan Bojer Vaa frå Falkeriset folkemusikklag er påmelde i eldste klasse og skal danse ein springar.

Domarar i desse danseklassane er Sverre Heimdal, Magne Kleiveland og Gina Ingeborg Hagen, medan Øyvind Kvile går inn for Sverre Heimdal når det skal gjevast poeng for halling.

Hardingfele

Laurdag ettermiddag er det klart for storspel når tolv utøvarar i A-klasse hardingfele møtest til dyst. Frå Vest-Telemark stiller Ottar Kåsa og Lars Erik Skjøtskift Øygarden, båe frå Falkeriset folkemusikklag på Rauland. I B-klassa stiller Ånond Versto, som er oppført som medlem både i Seljord og Falkeriset folkemusikklag. Han konkurrerer med 20 andre deltakarar.

Totalt tjue spelemannslag stiller i konkurransen fredag, og det er Seljord folkemusikklag som har ansvaret for æra til Vest-Telemark i denne samanhengen.

Desse skal døme hardingfelespel: Per Åsmund Omholt, Jan Arne Sebuødegård og Åse Teigland.

Mange kvedarar

I alt seks kvedarar frå Vest-Telemark skal i elden på Røros. Fire av dei konkurrerer i A-klassa; Kjell Hove og Inger Lien frå Falkeriset folkemusikklag, Knut Erik Jordstøyl frå Vinje spilemannslag og Ingebjørg Lognvik Reinholt frå Seljord folkemusikklag. For ein del av publikumet vil det nok verke noko uheldig at vokal klasse A blir arrangert samstundes med spel hardingfele klasse A laurdag ettermiddag.

B-klassa, der det i år er påmeldt heile 26 deltakarar, skal gjennomførast fredag. Hæge Manheim frå Seljord folkemusikklag er einaste vesttele i klassa. I D-klassa, altså eldste klasse, stiller raulendingen Halvor Nordjordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse dømer vokal-klassene: Kari Lønnestad, Eli Storbekken og Liv Ulvik.