Håkon Hagen Ringhus (V), Awalle Mohamed (V), Lars Kili (V), Victor Dahle (ÅT) og Anders Rønningen (ÅT).
Håkon Hagen Ringhus (V), Awalle Mohamed (V), Lars Kili (V), Victor Dahle (ÅT) og Anders Rønningen (ÅT).

Samarbeider både ute og inne

Spelarar frå Vinje og Åmdal-Tokke har for fyrste gong vore med i innandørs futsalserie. I Vinjehallen sundag var det nye samarbeidslaget gode mot andre lag frå fleire fylke.

Det er sundag føremiddag og 20 minuttar før fyrste futsal-kampen i Vinjehallen startar klokka 10.00. Vinje har aldri tidlegare vore med i ein slik innandørsserie, men er nå klar for spel i 2. divisjon avdeling sør/aust.

Som VTB omtala i førre veke skal Vinje og Åmdal-Tokke samarbeide om eit utandørs serielag komande sesong. Denne sundagen i Vinjehallen kjem det sju fotballglade frå Åmdal-Tokke for å vere med på laget med spelarar frå 16–21 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er glimrande at det kjem så mange frå Åmdal-Tokke, og alle spelarane på dagens lag kjenner kvarandre, seier Øyvind Kili.

For samarbeidslaget ventar det tre kampar på kvar 2 gonger 20 minuttar, og fyrste fellestreninga var dagen før …

– Skikkelege greier, det blir mykje spel på dei, seier Kili.

Han har sagt ja til å vere ansvarleg for samarbeidslaget denne fyrste serierunden, der det kjem lag heilt frå Stavern.

Teknisk fotball

– Innandørsserien er eit suverent tilbod, og ein glimrande måte å halde folk i aktivitet på denne tida også. Det burde ha vore ein slik innandørsserie også for aldersbestemte lag i Vest-Telemark, seier Kili.

Det er 11 spelarar totalt på laget hans.

– Det er bra, for ein orkar ikkje spele så lenge av gongen i ein hall. Spelet går så fort, og det er teknisk fotball. Det har me ikkje for mykje av rundt omkring, seier Kili.

Han har tru på at det skal gå bra for samarbeidslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det er alltid ein fordel med kampar i Vinje ein sundag føremiddag …, seier Kili.

Ikkje før det er sagt kjem det telefon frå eine motstandarlaget. På grunn av skadar har dei så lite spelarar at ein må hente folk frå hytter.

– Der ser du fordelen Vinje har i dag – me har folk i nærleiken, seier Kili.

Det er fem spelarar på banen av gongen. I futsal er det litt andre reglar enn i utandørsfotball. Etter fem frispark er det straffe frå ti-meteren, og så ny straffe for kvart nye frispark. Det gjeld for dagens domar Rollef Flathus frå Kjapp å telje frispark, i tillegg til alt anna han må sjå etter i døminga av dei sju kampane fordelt på 280 minuttars spel.

– Du skal døme i heile dag?

– Det blir bra om beina held, svarar Flathus med eit smil.

Veldig moro

Ulefoss 2 har bare fem spelarar på plass når domaren startar dagens fyrste kamp, og det mot Vinje. Etter seks minuttar skårar bortelaget. To minuttar seinare sørger Lars Kili for å bli historisk ved å utlikne og ha ordna lagets fyrste mål i ein innandørsserie.

Så går motstandaren opp til leiing både 2- og 3-1.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinje kjem nok sterkare tilbake når det byrjar å bli tungt utover, trur Kili.

Håkon Hagen Ringhus reduserer for heimelaget, før Ulefoss 2 er frampå att. Lars Kili skårar sitt andre mål og syter for pauseresultat 3-4.

– Det er tungt og litt uvant å spele inne, men veldig moro. Eg er veldig glad for at det er ein serie som dette, seier tomålsskårar Lars Kili i pausen.

I andre omgang utliknar Tarjei Hyttedalen. Bortelaget har fått på plass éin spelar til; etter å ha blitt oppringt stakk 51-åringen John Håtveit raskt frå hytta si for å hjelpe den elles unge gjengen på banen. Det tok ikkje lange tida før «fotballpensjonisten» gav Ulefoss 2 leiinga igjen.

Det såg ut til at 51-åringen skulle bli matchvinnar, men ti sekundar før slutt stod Awalle Mohamed for ein kjempeinnsats og klarte å berge det eine poenget.

To speledagar til

Det blei få minuttars kvile før Vinje skulle ut i neste kamp, mot Klyve 2. Heimelaget vann 5-2. I Vinje sin siste kamp for dagen blei det siger 5-1 mot Nærsnes/Åros frå Buskerud.

– Eg er veldig fornøgd med resultata, og også heile arrangementet, seier Kili etterpå.

Vinje har sju poeng og leiar tabellen før Stag (Vestfold) som har seks poeng, men har ein kamp mindre spela. Det ventar to speledagar til i vinter før ein kan kåre kven som er best i avdelinga med fem lag.