Fuktig, men suveren festival
19.700 menneske trassa dårleg vêr og fann vegen til den 5. Countrfestivalen i Seljord i helga. Arrangørane presentera eit stjernespekka show frå tri scenar. Publikum var fornøgd - det var politi og arrangørar også. Og arrangørane er snart i gang med å planleggje Countryfestival nummer seks.
Den etter kvart ganske så våte og sølete festivalplassen, husa 2650 vogner, telt og kombicampar. Frå torsdag til sundag var 19.700 menneske innom Countryfestivalen i Seljord, og 5000 av dei var dagsbesøkande.
Det var meldt dårleg vêr og det blei dårleg vêr, men likevel svikta ikkje publikum. Det er utruleg at me hadde besøkstal med ein differanse på 300 frå rekordåret i fjor, seier ein fornøgd dagleg leiar Asbjørn Storrusten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokon gjester reiste heim på laurdag, men dei fleste heldt ut til sundag, då mange av dei vart slepa med traktor ut frå gjørma.
Vêret laga litt krøll for gjester, artistar og arrangørar, men me ser likevel fram til den 6. Countryfestivalen neste år, seier Storrusten.
Arrangørane og politiet er fornøgd med årets festival.
Nokre tilfelle av bråk, flatfyll og slagsmål hadde me, men sett i forhold til talet menneske som var på festivalen er me svært fornøgde, uttalar Storrusten.
Amerikanske glis
Amcar-campen hadde i år eige område på andre sida av hovudvegen. Omkring 250 deltok med amerikanske «glis».
Me har hatt større deltaking tidlegare år, men vêret spela nok si rolle. Hadde sola skine hadde nok besøket auka med eit par hundre ekstra, seier Tarjei Skræi, som har ansvar for Am-Car under festivalen.
Laurdag vart det halde utstilling av amerikanske bilar inne på festivalområdet. Omkring 50 bilar var med i tevlinga, og det vart kåra ei «10 på topp-liste», og publikum kåra sine favorittar.
Det var ein del nye bilar som vart premiera i år. Me hadde besøk frå heile landet, mellom anna frå Mo i Rana. Det kom også to svenske gjester til Amcar-campen, det er artig, fortel Skræi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Av dei 50 utstillarane vart det trekt ut ein tur til USA. Det var Hans Arne Sunde frå Akkerhaugen som vann turen. Han var på plass i Seljord med ein Pontiac, Firebird Formula, 1970-modell. Andre glis ein fekk sjå under utstillinga var 1957-modell Buick Spesial, 1970-modell Cadilac De Ville og 1960 modell De Soto Adventurer.
Seljordingane Inge Tveitan med sin 1958-modell Ford Fairline og Arve Grinaker med sin 1955-modell Chevrolet Del Ray kom på «10 på topp-lista» med sine glis.
Trassa vêret
Trass i at regnet fall i store straumar heile helga kom dagsgjestene til festivalen. Ut på ettermiddagen laurdag letta skyene og det vart opphaldsvêr mesteparten av kvelden.
Store delar av den eine campingplassen vart endra til basseng av gjørme og vatn. Inne i telt måtte ein tråkke i klissete vatn, og ute på sletta bygde gjørmebadet seg opp, noko folk nytta seg av. Gjørmebryting vart ein suksess for mange festivaldeltakarar, og brannslangen vart hyppig bruka til å spyle gjestene reine før dei fekk gå i dusjen.
Stor oppleving
Hovudscenen fredag og laurdag var spekka av gode artistar, men nokon lokka fleir folk ut frå campingplassen og inn på festivalområdet enn andre.
Hellbillies er ei av gruppene som gjer suksess kvar einaste konsert. Dei gjer mellom 70 og 80 konsertar i året, og sa til publikum under konserten fredag at dei alltid gler seg til å kome til Seljord.
Etter bandet frå Hallingdal gjekk av scenen tok Terje Sending over publikum, og sendte vidare stafettpinnen til ein av dei tri store amerikanske stjernene under festivalen, Heather Myles. Ho gav ein konsert med mykje fart, og dei danseglade fekk verkeleg svinga foten.
Av det 14 timar lange programmet laurdag var amerikanarane Jim Lauderdale og Danni Leigh to artistar som publikum fekk møte. Ein bra men noko roleg konsert av Lauderdale vekte ikkje full interesse frå deltakarane i Seljord. Artisten er mest kjend for produksjon av songtekstar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jim Lauderdale er ein av verdas beste tekstforfattarar, uttala Danni Leigh då ho gjekk på scena og fekk med seg artisten og forfattaren på ein duett. Leigh gav ein konsert av høg musikalsk kvalitet og eit sceneshow som fekk publikum i ekstase.