Rådmannen i Nissedal meiner Halvor Homme må busette seg på garden sin, sjølv om han og familien har nytt hus fire kilometer unna.
Rådmannen i Nissedal meiner Halvor Homme må busette seg på garden sin, sjølv om han og familien har nytt hus fire kilometer unna.

Reagerer på nei til bufritak

Nissedalrådmannen meiner Halvor Homme må flytte til garden sin, i staden for å bu i nytt hus eit stykke unna. Homme undrar seg over at det ikkje er nemnt i saka at leigetakar av garden kan oppfylle buplikta.

I dag skal Nissedal formannskap diskutere rådmannens forslag om å avslå søknaden frå Halvor Homme om konsesjon utan buplikt på garden Homme.

– Avslaget er gjeve ut frå omsyn til ressursforvalting, storleiken, husforholda på eigedomen og likebehandling, skriv sakshandsamar Peter Rieber-Mohn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg søkjer om fritak fråpersonleg buplikt, og ikkje buplikta. Eg har eit ynske om at vilkåret for konsesjon blir oppfylt av leigetakar som etter planen skal bu på garden. Så blir ikkje dette nemnt i det heile i saksutgreiinga. Merkeleg, seier Homme til VTB.

Han påpeikar at han ikkje vil kome med syting i saka, men er oppteken av likebehandling.

– Eg har ingen problem med tilrådinga til rådmannen, men reagerer på at han meiner eg vil vere meir motivert til å ta vare på garden om eg bur der. Eg brukar all fritid på eigedomen, og har snart totalrenovert våningshuset som var i veldig dårleg stand då eg overtok. Eg trur ikkje det blir problem å leige ut garden til heilårsbusetting. Det er god plass for ein heil familie der, og blir det slik er det vinn-vinn situasjon for alle partar, seier Homme.

Bufritaksaker

Han viser til ei sak der Fylkesmannen gav Jon Arild Resen-Fellie i Askim fritak for personleg buplikt på Felle austgarden om andre bur fast på garden så lenge han eig bruket. Vidare nemner han at Treungen-busette Knut Oddvar Nes for litt sidan fekk bufritak på garden sin i Nissedal.

– Politikarane meinte Nes ville skjøtte garden greitt ved å bu i kommunen. Dessutan fekk Hege Heimdal og Nottov Homme nyleg fritak for buplikt på eit småbruk dei kjøpte, og Olav Inge Nordbø i Fyresdal fekk konsesjon for ikkje å busetje seg på eigedomane Vik og Tveitane i Nissedal. Vilkåret var at han overfører eigedomen til eitt av barna innan 1. januar 2015, minner Homme om.

Bur i nytt hus

Han overtok eigedomane Homme på 1.607 dekar og Raunesodden på 120 dekar av bestemora Helga Homme. Kjøpesummen var 1,6 millionar kroner. Søkjar bur saman med ektefelle Tove Solli Homme og to barn i nytt hus på Solli i Treungen.

– Det er fullt mogleg for søkjar med familie å busetje seg på eigedomen. Det er fyrst og fremst eit spørsmål om vilje og innstilling. Det vil ha negative konsekvensar om dette skal gje grunnlag for fritak frå personleg buplikt. Det vil også vere i strid med tidlegare praksis, skriv sakshandsamaren.

Han viser til sak i formannskapet i 2011: «Abraham Grimstvedt fekk i 2008 avslag på varig fritak for buplikt, men formannskapet gav han utsetjing på buplikta så lenge mora budde på garden.»