Flate steinar er til å sitje på, meiner Mattis i «Fuglane». Juan Gutierrez er kan hende av same oppfatning. Her har han slått seg ned ved Vinjevatn, der Tarjei Vesaas òg henta mykje inspirasjon.
Flate steinar er til å sitje på, meiner Mattis i «Fuglane». Juan Gutierrez er kan hende av same oppfatning. Her har han slått seg ned ved Vinjevatn, der Tarjei Vesaas òg henta mykje inspirasjon.

Vesaas på spansk

Den meksikanske forfattaren og omsetjaren Juan Gutierrez har flytta frå Mexico City til Vinje for å lære seg nynorsk. Han er svært begeistra for Tarjei Vesaas sin litteratur, og vil lære seg å lese han på originalspråket for å kunne omsetje bøkene til spansk. – Det er ei skam at det ikkje finst noko av Vesaas på spansk, seier Gutierrez, som håpar å ha gjort noko med den saka innan eit par år. – Språket til Vesaas er så djupt og meiningsrikt, og mykje av det forsvinn lett i omsetjingar. Difor vil eg lære meg nynorsk heller enn å omsetje bøkene hans frå engelsk, forklarar den ferske vinbyggjen.

Interessa for Vesaas sin litteratur fekk Gutierrez på 1990-talet, då han kom over ei engelsk omsetjing av «Isslottet» i ein bokhandel. Bak i boka hadde forleggjaren skrive ein epilog som slo fast at dette var den beste romanen som nokon gong var skriven.

– Då eg las det, måtte eg no berre kjøpe boka. Eg blei svært begeistra for ho, og starta å leite etter spanske omsetjingar av Vesaas, fortel Gutierrez.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han blei skuffa då han fann ut at det ikkje fanst noko av Vesaas på spansk.

– Det er ei skam, meiner meksikanaren, som no har tenkt å gjere noko med det. «Fuglane» er den fyrste boka han skal gje seg i kast med. Men han vil ikkje omsetje frå engelsk, fordi han meiner Vesaas har så mykje djupne i språket som lett kan forsvinne i omsetjingar. Difor går han no inn for å lære seg nynorsk, og satsar på å ha fullført prosjektet innan 2-3 år.

Aukande interesse

I 2005 fekk skodespelarkona til Gutierrez ei rolle i ei meksikansk oppsetjing av Ibsens «Fruen fra havet». Den var omsett i Spania på 50-talet, då Franco styrde landet og i stor grad kontrollerte kva som blei sagt og skrive. Dermed framsto skodespelet som kjemisk fritt for dei kontroversielle tema det faktisk tek opp.

– Kona mi og eg ville difor freiste å lære oss norsk for å kunne fange essensen i Ibsens verk, fortel omsetjaren.

Dei kom i kontakt med Ibsen-instituttet som rådde Gutierrez til å omsetje frå ein nyare engelsk versjon for så å dobbeltsjekke med den norske versjonen. Som sagt, så gjort, og interessa for norsk var no vekt for alvor hjå det meksikanske ekteparet.

Lite tilbod

For eit år sidan reiste Gutierrez til Noreg. Då blei han merksam på at det slett ikkje berre fanst ein variant av norsk skriftspråk, men to. Det han og kona hadde studert i Mexico var sjølvsagt bokmål, så han starta å utforske kvar det var mogleg å studere nynorsk for ein som aldri har vore borti det før.

Det viste seg etter kvart at det var ikkje mogleg nokon stad, og han måtte tenke utradisjonelt. Den norske ambassaden i Mexico oppmuntra han til å gå vidare med prosjektet, og enden på visa blei at Gutierrez sende ein e-post til rådmannen i Vinje kommune, Hans Kristian Lehmann.

– Lehmann og kommunen har vore positive frå første stund, seier Gutierrez. Han hadde valet mellom Vinje og Ivar Aasen-senteret i Ørsta, men valde Vinje for å vere nær omgjevnadane og kulturen til Tarjei Vesaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han er ein svært inspirerande og unik forfattar, seier meksikanaren om sin norske kollega.

Han framhevar Vesaas sin evne til å skape meining bak kvart ord.

– Det er nyansane eg vil prøve å fange gjennom å lære meg å meistre det nynorske språket. Det er eit vakkert og levande språk, men ei stor utfordring å lære seg, held han fram.

Proff hjelp

Gutierrez har eit godt språkøyra, men på eiga hand hadde det nok tatt lang tid å lære seg nynorsk så godt at han kan fange opp alle dei skjulte meiningane og stemninga i språket til Vesaas og andre nynorskforfattarar.

Signe Marie Kittelsaa har difor ikkje berre opna heimen sin for Gutierrez medan han ser etter ein plass å bu. Ho har òg sett han i kontakt med tre særs kunnskapsrike vinbyggjar innan litteraturfeltet: Stein Versto, Øystein Løk og Olav Nordstoga.

– Eg er svært takksam for den støtta eg har fått frå desse tre. Dei er meir enn villige til å hjelpe meg med prosjektet, og kjem til å vere gode ressursar i arbeidet mitt dei neste to åra, seier Gutierrez.

Nynorsk over alt

På ulike vis har meksikanaren i løpet av dei siste åra kome over nynorsk litteratur han har sett stor pris på. Forfattarskapa til mellom anna Olav H. Hauge og Olav Duun har han møtt på her til lands, medan han vart kjend med Jon Fosse sin litteratur då ei meksikansk teatergruppe sette opp eit teaterstykke der borte.

– Nesten kvar gong eg kjem over norsk litteratur eg set pris på, viser han seg å vere nynorsk, smiler Gutierrez.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt motteken

Han er svært glad for mottakinga han har fått frå bygdefolket, kommunen og diverse kulturinstitusjonar.

– Her blir det eg gjer faktisk lagt merke til. Det er eg ikkje vant med heimanfrå, sidan eg kjem frå 20-millionarsbyen Mexico City, seier han.

Innan hausten har han fått kona og dei to tenåringsbarna sine til Vinje òg. Håpet er at dei vil kjenne seg like velkomne som Gutierrez sjølv. Han seier dei gler seg veldig til å tilbringe to år i Vinje. Det blir nytt og spennande, og noko heilt anna enn dei er vane med, for ein større kontrast til Mexcio City enn Vinje skal ein leite lenge etter.