Mottaksleiar Margaret Sanner vil gjerne evaluere asylmottaket, men hevdar at Høgre kastar fram udokumenterte påstandar i staden for fakta.
Mottaksleiar Margaret Sanner vil gjerne evaluere asylmottaket, men hevdar at Høgre kastar fram udokumenterte påstandar i staden for fakta.

– Lause påstandar om asylmottaket

Mottaksleiar Margaret Sanner og dei tilsette ved Kviteseid asylmottak reagerer sterkt på utspelet frå Høgre om at mottaket bør avviklast. – Høgre set fram ei rekkje lause påstandar utan å ha undersøkt kva som er fakta, påstår mottaksleiaren. Ho vil gjerne evaluere asylmottaket, men reagerer på tidspunktet for utspelet og forma det har fått. – Utspelet kan byggje opp under framandfrykt og hat, og få fram mykje grums, hevdar Sanner.

Leiinga ved Kviteseid asylmottak, med mottaksleiar Margaret Sanner i spissen, reagerer sterkt på utspelet frå Kviteseid Høgre om at mottaket bør leggast ned fordi det er til belastning for fastbuande og gjev dårleg tilbod til asylsøkjarane.

– Me opplever at Høgre set fram ei rekkje påstandar utan at desse er undersøkt eller diskutert med oss. Partileiar Halvor Nyland er leiar i Styret for undervising og omsorg (SUO) og deltok i samarbeidsmøte med oss i januar utan å koma med kritiske merknader i det heile. Ordførarkandidat Gunnar Ruud arbeider i same bygg som oss, men har ikkje tatt kontakt før utspelet. Det synest me er feil og useriøst i ei så alvorleg sak, seier Sanner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at UDI har vore i møte med kommunen to gonger etter brannen i april 2002. Seinast i mai i år var tilbakemeldinga ros frå kommunen til mottaket for arbeidet dei driv.

– Tidlegare var det ein debatt som førte til nedlegginga av asylmottaket i 2001. Då sette fleire klutane til for reetablering, mellom dei Høgres fremste folk. Ettersom det ikkje har kome innvendingar til drifta av mottaket i det heile, forlenga UDI og kommunen i sommar avtala om drift av asylmottaket med tre nye år, fortel Sanner.

Vil evaluere asylmottaket

Sanner er både skuffa og forundra over utspela Høgre har kome med, men har ingenting mot ei evaluering.

– Evaluering gjev oss moglegheit til å bli høyrt og gjera arbeidet endå betre. Men ei evaluering må byggje på fakta og ikkje lause påstandar, meiner ho.

Sanner avviser fleire av påstandane Høgre har kome med.

– Den sosiale aktiviteten er den same no som då me heldt til på Kviteseid hotell. Mellom anna har kyrkjemenigheiten ei samling kvar tredje veke og me inviterer med jamne mellomrom til samkomer med bygdas folk, hevdar Sanner.

Ho har heller aldri høyrt noko frå dei 20 som har fått varig opphald i bygda om at dei blir hemma i integreringa av asylsøkjarane.

Det desentraliserte mottaket ser ho heller ikkje som dårleg. Tvert om ser både ho og UDI mange fordelar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sentrale styresmakter har sett fordelane av desentralisering og ynskjer at fleire mottak skal drivast slik som i Kviteseid, påstår ho.

– Me har ikkje fått ei einaste klage frå huseigarar eller naboar om at bebuarane våre skaper problem for nabolaget, legg ho til.

– Brukar ikkje dei kommunale tenestene meir enn andre

– I motsetnad til mange andre stader har mottaket i Kviteseid tilsett sjukepleiar sjølv. Ho «silar» behovet for legehjelp. Statistikken viser at bruk av kommunale legetenester er lågare for bebuarane på mottaket enn for resten av innbyggjarane i Kviteseid, seier Sanner.

Mottaksleiaren er heller ikkje samd med Ruud i at personell innan skule, helse og sosialtenesta manglar kompetanse.

– Alle dei me har treft i desse etatane er engasjerte og kompetente personar, seier ho.

Påstandane om stor kriminalitet blir også kontant avvist av mottaksleiaren.

– Eg har oversikt over saker som gjeld bebuarane våre, og kan opplyse at dei ikkje er meir kriminelle enn me som er født her i landet, hevdar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein av bebuarane våre har desverre gjort fleire lovbrot i Kviteseid, men han er arrestert og sett i varetekt. Han kjem ikkje tilbake til bygda, forklarar ho for å vise at rettsapparatet fungerar for asylsøkjarane også.

Sanner dreg også fram det gode samarbeidet mottaket har med lensmannskontoret og at dei saman går inn for å førebyggje kriminalitet.

– Om det er noko lensmannen i Kviteseid vil minne om eller opplyse, blir det straks teke opp i møte på mottaket, forsikrar ho.

Mottaksleiaren er skeptisk til både innhaldet og tidspunktet rett før valet for Høgres utspel.

– Slike udokumenterte påstandar som Høgre set fram midt i valkampen kan byggje opp under framandfrykt og hat og få fram mykje grums. Det var vel ikkje meininga, spør Sanner.

Mange positive sider

Sanner ynskjer også å peike på dei positive sidene ved å ha eit mottak i bygda. Dei blei ikkje nemnt i det heile i Høgres utspel, hevdar ho.

– Mottaket gjev sju arbeidsplassar, me betalar 100.000 kroner i månaden i husleige til fleire huseigarar og bebuarane handlar for minst 200.000 kroner i månaden i daglegvareforretningane. I tillegg kjem andre ringverknader som kjøp i andre forretningar, oppdrag til handverkarar og anna, seier ho.

Kviteseid mottek også 375.000 kroner i året i tillegg til auka rammetilskot som vertskommune for asylmottaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ynskjer ei evaluering velkommen, men krev at misnøye og negative opplevingar kjem til oss før det blir sett fram som fakta. Me ser fram til dialog, diskusjon og samarbeid, uansett kven som vinn valet i Kviteseid, men synest det er eit rimeleg krav at evalueringa byggjer på fakta, ikkje lause påstandar, avsluttar mottaksleiar Sanner.

Sjokkert over Høgres utspel

Turid Syftestad i Kviteseid har røysta Høgre i mange år. Nå er den tid forbi.

– Eg er oppskaka og fullstendig sjokkert over at Kviteseid Høgre kan tillate seg å kome med eit slikt valkamputspel. Det vitnar om mangelfull menneskeleg innsikt, meiner Turid Syftestad.

Redsle for det ukjende

Syftestad synest Høgres utspel om å leggje ned asylmottaket tyder på redsle for det ukjende.

– Når det kjem nye menneske til ein liten stad vil det nødvendigvis bli meir av alt – både av det som er negativt og det som er positivt. Men samla sett kjem Kviteseid til å bli eit fattigare samfunn om asylmottaket leggjast ned. Det er redsla for det ukjende og uvisse kring eigen identitet som får Høgre til å fremje at asylsøkjarane bør reise herifrå, hevdar Turid Syftestad.

Ho meiner saka er samansett av fleire aspekt.

– Det er ikkje haldbart å hevde at det er ugunstig at asylsøkjarane bur spreidd. Det er denne spreidde busetjinga som er best for alle partar. Når asylsøkjarane bur spreidd blir dei lettare for dei å bli ein del av Kviteseid-samfunnet. Det er også mykje lettare for kviteseidingar å kome på besøk til asylsøkjarane dersom dei bur under meir normale forhold samanlikna med det å bu i eit mottak, påpeikar Syftestad.

Vidsyn utover sitt eige

Turid Syftestad er viss på at barn og unge i Kviteseid kjem til å gå glipp av mykje lærdom dersom asylsøkjarane forsvinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Unge i Kviteseid kjem til å sigle akterut samanlikna med unge på større stader. Dersom asylsøkjarane forsvinn vil dei unge miste sjansen til å bli kjende med nye kulturar, språk, mattradisjonar og ulike haldningar til livet. Det er svært verdfullt for både unge og eldre å få eit vidsyn utover sitt eige, meiner ho.

Ho synest det ser ut som om ein del politikarar prøvar å verne om seg sjølve.

– Det blir ei fiktiv verning. Verda utanfor Kviteseid rasar framover. Det er her me må hengje med. Me kan ikkje stoppe utviklinga og isolere oss. Det går fint an å bevare eigenidentitet sjølv om me er opne for andre, kommenterer Turid Syftestad.