Desse innsamlingseiningane, eller masterane, har blitt sett saman i verkstaden til VTK i Høydalsmo. No blir dei plasserte slik at dei kan ta imot og sende signal frå dei nye straummålarane som kjem på nyåret. Overmontør Sigbjørn Teigland (t.v.), vaktmeister og montør av einingane Tor Kleiv og administrerande direktør Ketil Kvaale reknar med at einingane er utplassert ved utgangen av året.
Desse innsamlingseiningane, eller masterane, har blitt sett saman i verkstaden til VTK i Høydalsmo. No blir dei plasserte slik at dei kan ta imot og sende signal frå dei nye straummålarane som kjem på nyåret. Overmontør Sigbjørn Teigland (t.v.), vaktmeister og montør av einingane Tor Kleiv og administrerande direktør Ketil Kvaale reknar med at einingane er utplassert ved utgangen av året.

Nye straummålarar er på veg

Snart er det slutt på tida då ein må lese av straummålaren og melde forbruket til kraftleverandøren. No blir forbruket fjernlese. Før sommaren skal om lag 14.000 nye målarar vera på plass.

Men før straummålarane blir installert i dei mange Vest-Telemark-heimane må kraftleverandøren, i dette tilfelle Vest-Telemark kraftlag (VTK), setje opp innsamlingseiningar, eller masterar som det heiter på fagspråket.

– Det er rett og slett ein boks med to antenner som er montert på eit stativ. Den eine antenna tek imot radiosignala frå straummålarane rundt om i heimane, for så å lagre relevante data og sende dei vidare via mobilsignal til ein base der data frå mange kraftleverandørar blir lagra. Så hentar me enkelt sagt det me treng derifrå, forklarer Ketil Kvaale, administrerande direktør i VTK.

Artikkelen held fram under annonsen.

I starten av oktober har VTK og montørane vore på farten for å setje opp innsamlingseiningane som har blitt montert saman på verkstaden til VTK. Så langt er om lag 150 av 550 einingar sett opp.

– Dei blir monterte der transformatorane er i dag, legg Kvaale til.

Viktig å svare

Dei reknar med å ha plassert alle innsamlingseiningane ved utgangen av året. Og då byrjar utplasseringa av dei nye målarane. Men det skal ikkje VTK ta seg av.

Tor Ivar Berge (t.v.) og Thor Arne Heggtveit i VTK viser fram den nye straummålaren som skal på plass hjå alle husstandar før sommaren.
Tor Ivar Berge (t.v.) og Thor Arne Heggtveit i VTK viser fram den nye straummålaren som skal på plass hjå alle husstandar før sommaren.

– Nei, det er eit eige firma som skal montere desse. Det vil derfor vera viktig at folk fylgjer med i tida framover. Det blir nemleg sendt ut varsel frå OneCo om å gjere avtale om montering. Då er det viktig at folk svarar og avtalar tidspunkt det kan passe. Me er avhengige av at det er vaksne over 18 år på plass når monteringa skal skje, seier Thor Arne Heggtveit, prosjektleiar i VTK for utskiftinga.

– Samstundes oppmodar me folk om å rydde i sikringsboksen og gjera det framkomeleg til sikringsboksen, smiler Kvaale.

Fleire funksjonar

Dei nye målarane skal plasserast i sikringsskåpet. I tillegg til å lese av straumforbruket sender også målaren melding til kraftselskapet dersom husstanden har jordfeil eller spenningsavvik. Det blir også sendt melding om husstanden er straumlaus.

– Kva om folk har meldt inn for lågt forbruk i høve til det som er reelt. Vil slike avvik bli oppdaga ved bytte av målarar?

– Ja, det vil det bli. Mykje av dagens ordning er basert på tillit, men me har også høve til å sjølve lese av målarane dersom me trur det kan vera snakk om større avvik, svarar Heggtveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slepp stipulering

Dei nye målarane gjev også kraftleverandøren høve til å stengje av straumen via fjernstyring.

– Kva er så føremonene med den nye målaren for folk flest?

– For det fyrste slepp dei å tenkje på å melde forbruket. Det vil også vera sikrare med tanke på at me automatisk blir varsla om eventuelle feil. På sikt kan også kundane overvake eige straumforbruk, seier Kvaale.

– Kva med dei som er ekstra vare for stråling og liknande?

– Enkelte er ømfintlege når det gjeld mobiltelefon og elektriske apparat. Dersom det ligg føre slike tilfelle må den det gjeld skaffe erklæring frå lege eller psykolog som stør oppunder dette. Då kan me ta ut modulen i målaren som sender data automatisk, slik at det ikkje er radiosignal, svarar han.

Prosjektleiar Heggtveit peikar elles på at kundane vil få eit meir korrekt oversiktsbilete over straumforbruket.

– Det gjeld særleg hyttestraum. I dag er det mange som berre les av ein gong i året, og derfor blir forbruket ofte stipulert – anslege. Dersom hytta blir lite bruka ein periode kan det vera at forbruket derfor bli rekna høgare enn det som er reelt. Med dei nye målarane er det det faktiske forbruket som blir registrera, fortel han.

Innan sommaren 2018 skal etter planen alle husstandar i Vest-Telemark som er knytt til VTK vera utstyrt med dei nye målarane. Prisen vil bli om lag 3.000 kroner stykket. Dette vil bli lagt til i nettleiga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elles er det viktig å seie at personvernet er teke godt ivareteke i denne samanhengen. Innsamla data blir sendt i kryptert form, og er dermed ikkje tilgjengelege for andre enn dei som skal ha dei, avsluttar Kvaale og Heggtveit.