Den tidlegare gamleheimen på Storåslid kan bli nytta til akutt innkvartering av flyktningar.
Den tidlegare gamleheimen på Storåslid kan bli nytta til akutt innkvartering av flyktningar.

Storåslid kan bli innkvarteringsplass

Flyktningsituasjonen fører mange til Noreg. Det er store behov for midlertidige innkvarteringsplassar. No kan den tidlegare gamleheimen på Storåslid i Skafså bli ein slik stad.

I tysdagens kommunestyremøte informerte Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) om at Storåslid kanskje blir akutt innkvarteringsplass for flyktningar.

– Det er skissert at det er husrom til 50 flyktningar, men at det også kan bli sett opp ein brakkerigg på eigedomen for å huse endå fleire, sa Felland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje formell rolle

Han informerte også om at kommunen ikkje har nokon formell rolle i saka. Det er eventuelt ei avtale mellom eigar av eigedomen og Utlendingsdirektoratet (UDI). Men dersom det blir sett opp brakkerigg må kommunen inn i biletet.

– I så fall ventar me ein søknad om reguleringsendring. Også tiltak som vatn, avlaup og brann er noko me må vurdere om det blir aktuelt, forklara ordføraren.

Felland peika på at avgjerder om å huse flyktningar midlertidig skjer fort. Derfor er han glad for å ha fått litt informasjon om det som kan skje.

– Me har blitt spurt om korleis me stiller oss i saka. Haldninga er at me må vere positive til å hjelpe med slik busetjing ein periode. No er det viktig å seie at det førebels ikkje er avgjort om det blir noko av, sa Felland.

Kortare periode

Ordføraren sa også at det truleg er snakk om opphald ein kortare periode før dei blir sendt vidare til permanente mottak.

– Det er i utgangspunktet snakk om dagar, men me veit at det fort kan bli til veker og månadar. Elles kan dette få positive ringverknader for næringslivet lokalt. Både drosjenæringa og handelsnæringa kan få eit oppsving, forklarte han.

Det er Bjørn Kristiansen som eig Storåslid, og han har i lang tid prøva å selje eigedomen. Men det er ikkje Kristiansen som har kontakta kommunen for å informere om saka.

– Me har blitt kontakta av Bård Rieber-Mohn, dagleg leiar i BRM Omsorg AS. Han har vore i kontakt med eigaren av Storåslid om eit eventuelt kjøp av den tidlegare gamleheimen, forklarer Felland til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil sjå på meir permanent løysing

I ein e-post til kommunen skriv Rieber-Mohn at selskapet, BRM Omsorg AS, har inngått avtale med eigaren av Storåslid om kjøp i samband med oppretting av flyktningmottak. Han skriv vidare at han gjerne vil ha ei avklaring frå kommunen om kva som kan bli akseptert på eigedomen, og at han gjerne ser på ei meir permanent løysing. I e-posten skriv han også at UDI i utgangspunktet nok ynskjer eit transittmottak eller eit naudmottak.

– Me sender i dag brev til BMR Omsorg AS der me gjev uttrykk for at me er grunnleggjande positive til å etablere akuttmottak på Storåslid, kommenterer Jarand Felland.

Sa opp samarbeidsavtale

Kommunestyret i Tokke vedtok tysdag å seie opp samarbeidsavtala dei har hatt med Telemark Lys AS i Fyresdal. Avtala gjekk ut på at Fyresdal-bedrifta skulle stå for integreringsarbeidet med flyktningane som den siste tida har kome og dei som kjem til Tokke.

– Avtala blei underteikna på eit tidspunkt då talet på flyktningar til Tokke var lågare enn det som seinare har blitt vedteke. Det gjer at me ynskjer å gjere arbeidet sjølve, sa Tokke-ordføraren i tysdagens møte.

Vil behalde meir

Det statlege tilskotet ligg ein stad mellom 180 000 og 220 000 kroner i året for kvar flyktning. I avtala med Telemark Lys AS gjekk 95 prosent av det årlege tilskotet til bedrifta, medan Tokke kommune berre fekk 5 prosent. Dette skal mellom anna dekke dei kommunale tenestane som flyktningane har krav på.

Tokke kommune ynskjer å byggje opp eige mottaksapparat for å handtere situasjonen.

– Men kan hende kjem me til å samarbeide med Telemark Lys AS om enkelte integreringstiltak i framtida uavhengig av at me har sagt opp avtala, sa Felland.

Avtala blei inngått i desember 2014.