Dugnadsfolk frå Arabygdi i Grindehola. F.v. Nina Ringhus, Anne Nyland, Torgeir Seltveit, Karen Seltveit, Valborg Nylend og Magne Øygarden. (Privat foto)
Dugnadsfolk frå Arabygdi i Grindehola. F.v. Nina Ringhus, Anne Nyland, Torgeir Seltveit, Karen Seltveit, Valborg Nylend og Magne Øygarden. (Privat foto)

Myllar-slåttar i Urdbøurdi

– Eg var mykje i Urdbøuri og leika som barn. Men dette er fyrste gong eg spelar fele der.

Det seier Ottar Kåsa. Laurdag innvier han Grindehola som konsertstad med Myllargut-slåttar på hardingfele.

Myllarguten budde siste delen av livet sitt i Arabygdi, og døydde der. Det er derfor godt i tråd med historia at Ottar Kåsa laurdag både fortel om Myllaren, og spelar slåttane hans i Urdbøuri i Arabygdi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inngjert i urdi

Grindehola er ei open slette i urdi. Berg og steinar står som grinder, eller gjerde, rundt sletta.

For fleire år sidan fekk Ragnvald Christenson i Haukeli ideen til å ta i bruk Grindehola til konsertar og spel. «Kongstanken» var å få til eit spel om Myllarguten. Ein idé han ikkje har sleppt – sjølv om det kom ein del offentlege kjeppar i hjula i fyrste omgang. Christenson, og grunneigar Magne Øygarden, sytte for å få bygt veg inn til hola. Det førde til ulike reaksjonar, mellom anna utsegner om at urda var freda. Fylkeskommunen og Vinje kommune trekte seg frå eit samarbeid.

I ettertid kom det fram at Urdbøurdi ikkje er freda, det er berre «Kyrkjesteinen» midt i urda som har fredingsstempel.

Grindehola, ei slette mellom store steinar i Urdbøuri. (Privat foto)
Grindehola, ei slette mellom store steinar i Urdbøuri. (Privat foto)
Ottar Kåsa har spela på dei store scenane, her på Landskappleiken på Geilo i fjor. No gler han seg til å Innvie Grindeholet i Urdbøuri med Myllar-slåttar.
Ottar Kåsa har spela på dei store scenane, her på Landskappleiken på Geilo i fjor. No gler han seg til å Innvie Grindeholet i Urdbøuri med Myllar-slåttar.

Derimot vedtok kommunen, i samråd med fylkeskommunen, at vegen inn til Grindehola måtte fjernast og bli ført tilbake til opphavleg stand, meldte rådmannen i Vinje til Christenson i 2012. Likevel:

– Etter ei synfaring for eit år sidan (2011, red. merk.) såg me at området var i ferd med å gro att og at ei fjerning ville føre til større sår enn å la vegen ligge. Pålegget blei derfor ikkje fylgt opp frå kommunens side, skreiv rådmannen i 2012.

Opningskonsert

– Me kallar det opningskonsert, for å signalisere at no er Grindehola open for alle som vil stelle til underhaldning av ulikt slag, seier Ragnvald Christenson.

Han skryter av det gode samarbeidet med grunneigarane, Magne Øygarden som eig området der Grindehola ligg, og Oddvar Hamre, som eig området på vestsida av Totak.

– Han eig den sletta som vil høve svært godt til eit framtidig Myllargutspel. Her er det god plass både til ein scene og publikum, opplyser Christenson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nemner også Harald Sandvik, som alltid stiller velviljug opp når nokon spør han om ei handsrekning.

Sjølv om planane om eit Myllargutspel blei forpurra tidlegare, arbeider styret for vidare med planane. I denne omgang, og med økonomisk støtte frå Bygdefondet i Haukeli, og utskifta høgspentstolpar frå Vest-Telemark kraftlag, har dei bygt ein scene i Grindehola.

Fin kulisse

Ottar Kåsa gler seg til å spela på heimebane, i Urdbøuri.

– Det er moro at det skjer noko i Arabygdi, at det blir litt liv, seier han.

Han synest det er fint at ein kan bruke ein slik stad til konsert og andre arrangement.

– Det er ei fin kulisse rundt arrangementet, seier Kåsa.

Han synest også det er moro at Ragnvald Christenson har hatt ideen til å bruke Grindehola, og ikkje har gjeve seg ved den fyrste motstanden, slik at ein no kan ta Grindehola i bruk.

– Det må bli Myllar-slåttar, seier Kåsa når me spør kva han har på repertoaret til opningskonserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nemner fyrst og fremst spelemenn som Tarjei Romtveit og Audun Nordheim, sistnemnde med særprega Arabygdi-spel, som læremeistrane hans i Myllar-spel. Men han har også lært av Lars Underdal og andre, og av ulike opptak.