Anne trivst godt ute i naturen og går gjerne på lange turar. Her er ho på Steinnuten i Botnedalen.
Anne trivst godt ute i naturen og går gjerne på lange turar. Her er ho på Steinnuten i Botnedalen.

«Eg ser moglegheiter i staden for avgrensingar. Ser du avgrensingar fyrst får du aldri gjort noko.»

Då Anne Helen Jupskås blei 60 år fekk ho strikkhopp i gåve av elevane sine. Ho har jakta i over 30 år, og viss ho kan velje tek ho helst med seg soveposen, steiketakka og god mat ut i skogen. I juli reiser ho til Arktis for nye eventyr.

I enden av ein grusveg og opp ein bakke ligg eit lite lafta hus på toppen av ein knatt. Det vesle brune huset i skogen. Det er ikkje så stort, men akkurat passe for dei som bur her – Anne Helen Jupskås (63), hunden Birka og ein liten kattepus.

– Då mor mi kom for å sjå min nye heim, lo ho og sa at dette er det berre du som kunne finne på. Eg har alltid vore glad i å vere ute i naturen, og har hatt ein draum om eit lite hus i skogen. Her trivst eg og finn roen, med molter og blåbær i hagen og skogen som næraste nabo. Betre blir det ikkje, seier Anne, som flytta til Kvålsgrend frå Dalen for ni år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flytta rundt

Anne Helene Jupskås blei fødd på Rødberg i Nore og Uvdal kommune. Med ein far i anleggsbransjen drog dei vidare til Sunndalsøra i Møre og Romsdal. Der budde dei til ho var sju år gamal før dei flytta til Dalen. Der blei dei buande.

Som 16–åring flytta Anne til Notodden for å gå på samarittkurset, før ho tok hjelpepleien i Oslo. Ho ønskte å bli sjukepleiar. Ho fann seg ein daling, Dag, dei gifta seg og fekk tre søner i lag. Då gutungane var små jobba Anne nattevakter ved Helsesenteret på Dalen, men etter kvart orka ho ikkje fleire av dei. 43 år gamal bestemte ho seg for gjere noko ana. Ho ville ta studiekompetanse og bli ingeniør.

– Eg var allereie 43, år og skulle eg bli ingeniør måtte eg gå fem år på skule. Eg hadde vore nærare 50 år då eg var ferdig utdanna, og innsåg fort at det ikkje var mange som ville tilsette ein så gamal og nyutdanna ingeniør. Eg bestemte meg for å studere realfag, matte og fysikk på lærarskulen på Notodden.

Då Anne fylte 60 år fekk ho strikkhopp frå brua på Vemork i gåve frå elevar og lærarar ved Høydalsmo skule. Då ho blei 50 hoppa ho i fallskjerm. ­– Det var utruleg moro å hoppe i strikk på Vemork. Det kunne eg gjort igjen, seier ho, og fortel at ho fekk fallskjermhopp av vener i gåve då ho blei 50 år.
Då Anne fylte 60 år fekk ho strikkhopp frå brua på Vemork i gåve frå elevar og lærarar ved Høydalsmo skule. Då ho blei 50 hoppa ho i fallskjerm. ­– Det var utruleg moro å hoppe i strikk på Vemork. Det kunne eg gjort igjen, seier ho, og fortel at ho fekk fallskjermhopp av vener i gåve då ho blei 50 år.
– Eg søv så godt ute i det fri. Lufta er frisk, ein kan sjå på stjernehimmelen og kjenne regnet i håret. Alt er godt ute, seier Anne. Her ligg ho i soveposen på Kjerag.
– Eg søv så godt ute i det fri. Lufta er frisk, ein kan sjå på stjernehimmelen og kjenne regnet i håret. Alt er godt ute, seier Anne. Her ligg ho i soveposen på Kjerag.
Anne og venninna Kristin nøyer seg ikkje med enkel turmat når dei skal på tur. Dei har med ei steiketakke på bluss og diskar opp med herlege rettar.
Anne og venninna Kristin nøyer seg ikkje med enkel turmat når dei skal på tur. Dei har med ei steiketakke på bluss og diskar opp med herlege rettar.
Anne Helen og hunden Birka er gode venner. Om dei ikkje er på tur i skogen, sit dei ofte slik utanfor huset sitt og ser ut over Kvålsgrend.
Anne Helen og hunden Birka er gode venner. Om dei ikkje er på tur i skogen, sit dei ofte slik utanfor huset sitt og ser ut over Kvålsgrend.

Anne var student på heiltid på Notodden. Ho budde der i vekene, og heime på Dalen med borna i helgene. På denne tida hadde ho og Dag skilt lag, men dei hadde eit godt forhold til kvarandre og samarbeidde godt.

– Eg arbeidde natt på helsesenteret så ofte eg kunne, eg hadde ein jobb i Statistisk Sentralbyrå, dreiv brygga på Dalen om sumaren, studerte på fulltid og hadde tre born heime. Dei var 15, 12 og 10. Han yngste flytta med meg det første halvåret, men han ville tilbake til Dalen. Eg, mor mi og Dag hadde eit svært tett og godt samarbeid for å få alt til å gå rundt. Eg får ikkje rost dei nok for alt dei har gjort for meg, seier ho rørt.

At Anne drog til Notodden åleine og var mykje borte frå ungane sine var det ikkje alle som syntest noko om, og det fekk ho høyre.

– Det var ei som spurte meg ei gong om eg var heime og leika mamma. Då blei eg lei meg. Det var vanskeleg å vere borte frå gutungane, og frå dag éin på skulen var eg innstilt på å slute på dagen om det ikkje fungerte med borna. Dei var godt teke vare på og hadde det veldig bra i lag med pappaen deira og bestemor. Eg valte å få meg ei karriere, ei inntekt og ein jobb eg trivst med for å kunne forsørgje meg og familien min, fortel Jupskås.

– Eg ser moglegheiter i staden for avgrensingar. Ser du avgrensingar fyrst får du aldri gjort noko, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Galapagos

Det siste året på skulebenken skulle Anne ha ein praksisperiode på seks veker. I lag med to andre elevar bestemte ho seg, i samråd med mor, eks-mann og born, for å reise til den norske skulen i Kathmandui Nepal. Like før avreise gjekk det av ei bombe i området dei skulle til og reisa blei avlyst. Dei fekk ordna at dei kunne ta praksisperioden på den norske skulen i Ecuador i staden.

Like før påske drog Anne. Før dei starta å arbeida var dei på ein rundtur i jungelen og ein tur til hovudstaden Quito, som ligg 4759 meter over havet og er den nest høgast liggande hovudstaden i verda. Der blei Anne dårleg og måtte på sjukehus.

– Vi var på stader med svært tynn luft og eg fekk problem med pusten og måtte på sjukehus. Eg var på sjukehuset i eit framandt land. På den andre sida av kloden og tenkte på ungane. Då merkar ein kor langt unna ein er, og det var ikkje noko god kjensle. Eg hadde mest lyst til å reise heim att, men eg gjorde det ikkje, fortel ho.

– Det var eit fantastisk eventyr som eg seint vil gløyme. Me skulle besøke den fantastisk vakre øy-gruppa Galapagos, men det fekk me ikkje til. No, 20 år etter, har eg ein konto som heiter Galapagos. Når kontoen er stor nok skal eg reise dit.

Då ho var ferdig utdanna lærar begynte ho å arbeide på Høydalsmo skule, og der er ho fortsatt.

– Eg er nok ein av dei lærarane som må bærast ut. Eg trivst så godt i jobben min og så lenge helsa er god ser eg ikkje grunn til å slutte. Eg tek ofte med meg elevane på tur. Det likar dei godt. Då søv me ute og kosar oss.

Jegerprøveinstruktør

Då Anne studerte på Notodden fekk ho tilbod om å vere med på kurs som jegerinstruktør. Det takka ho gladleg ja til.

– Då eg gjekk inn på kurset såg eg kjapt at eg var den einaste dama der. Dei såg rart på meg, som om eg hadde gått feil og ikkje hadde noko der å gjere. Før så lika eg eigentleg ikkje jakt og takla dårleg det synet jegerar har på dyr, men då eg blei i lag med Dag fekk han meg til å vere med ein gong. Ut frå skogen kom ein okse, ei ku og ein kalv. Me hadde med oss to elg-bikkjer og det var to som skaut. Det var frykteleg spennande, pulsen var høg og eg blei biten av basillen. Året etter tok eg jegerprøva og har jakta sida. No held eg jegerprøvekurs, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis er det å vera den einaste dama med i jaktlaget?  

– Det er veldig moro, men det eine året trur eg dei var drit lei meg. Eg tok tre oksar på to dagar. Dei gratulera meg veldig då eg tok den fyrste, og gjorde det same då eg tok den andre same dagen. Då eg skaut den tredje dagen etter blei dei småsure, seier Anne låttmild.

– Det var moro då!

Drit i det fri

Jakt og friluft har lenge vore ei stor interesse for Anne. Dei siste 30 åra har ho vore på både elg-og reinsdyrjakt kvart einaste år, og vore aktiv i vilt- og villrein-nemda i over 20 år. I juli reiser ho til Bjørnøya i Arktis, der ho skal arbeide med sjøfuglen Alkekonge for norsk polarinstitutt i 3,5 veker.

– Dette blir eit eventyr og eg kan nesten ikkje vente til eg skal reise. Eg veit ikkje så mykje om kva eg skal gjere ennå, men eg er open for alt. Det blir ei fantastisk oppleving, sjølv om fasilitetane er svært enkle, seier ho.

– Me er tre stykke som skal dele på ei hytte på 10 kvadratmeter. Eg kjenner éin av dei frå før. Me har ikkje toalett eller dusj og heller ikkje dekning på mobil. Det blir nydeleg, eg likar å leve primitivt i periodar. Det blir sikkert kjekt med ein dusj etterkvart, men me luktar jo like vondt alle saman. Eg er vand med å vere ute og gange på do i det fri, det gjeng fint, sjølv om det hadde vore kjekt med ein do då,  smiler ho lurt.

Droppar teltet

Anne trivst best ute i naturen, og overnattar meir enn gjerne under open himmel. Telt, det gidd ho ikkje drasse på.

– Eg er vand med å vere mykje ute, og likar meg best ute. I fjor sumar drog eg og venninna mi Kristin på køyretur langs sørlandskysten – med soveposar og steiketakke på bluss. Me sov under open himmel ute ved Lindesnes fyr, på Solastranda, me var på flo og fjære i Stavanger, og då me var på Kjerag sov me óg ute i det fri. Ei natt sov me på hotell, og då vakna eg på natta og vurderte å ta med meg dyna ut på verandaen, fortel ho og fortset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg søv så godt ute i det fri. Lufta er frisk, ein kan sjå på stjernehimmelen og kjenne regnet i håret. Alt er godt ute.

Når Anne og Kristin er på tur har dei ikkje med seg posar med ferdig turmat. Dei synest det er viktig å ha med seg god og ordentleg mat.

– Me har med oss ei steiketakke og lagar mellom ana egg og bacon til frukost, og indrefilet med poteter og steikt sopp som me finn sjølv til middag. Det er óg viktig å ha med noko godt å drikke. Ingenting er så nydeleg som å ete seg god og mett ute, for så å krype inn i soveposen og ligge og sjå på skyene og stjernene, seier Anne.