Fyrst i fylket som demensvenleg samfunn
Kviteseid demensforeining har tatt initiativ til at Kviteseid kommune blir den fyrste kommunen i Telemark som signerer avtale om å bli eit demensvenleg samfunn.
Leiar i Kviteseid demensforeining, Monica Øygarden Halvorsen, seier at samarbeidet med Kviteseid kommune er svært bra og er veldig glad for avtala om at Kviteseid er fyrst ut i Telemark som demensvenleg samfunn nå blir signert.
Torsdag kveld inviterer foreininga til ope temamøte på kommunehuset i Kviteseid i samband med avtalesigneringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ynskjer å belyse ein tabulagt sjukdom, gjere han meir kjent og fjerne negative tankar om demens, seier Halvorsen.
Temakveld
På temakvelden kjem overlege ved Sjukehuset Telemark, Ulrike Sagen, for å fortelje om demens, og om korleis ein bør møte personar med demens. Dei frammøtte får også sjå ein sterk dokumentarfilm.
Regissør Ragnhild Bergem tar turen til Kviteseid for å vise filmen «Husker du meg?».
I dokumentarfilmen får ein fylgje tre personar som alle fekk demensdiagnose før dei fylte 60 år.
– Siri, ein av personane me får møte er berre 38 år! Dette er ein heilt spesiell og veldig sterk film som alle burde sjå, seier styremedlem Therese Mortensen.
Ville signere sjølv
Generalsekretær i Nasjonalforeining for folkehelse, Lisbeth Rugtvedt, har lagt merke til dei positive aktivitetane som er starta lokalt i Kviteseid, og vil kome for å signere samarbeidsavtale med Kviteseid kommune og ordførar Tarjei Gjelstad.
– Med ei slik samarbeidsavtale ynskjer me å skape endå meir aktivitet, det er mogleg å søkje om midlar til ulike tiltak og me kan til dømes halde kurs for andre om temaet, seier Halvorsen.
– Kven håper de møter fram på temakvelden?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kan vere alle som kan møte personer med demens i dagleglivet, eller i forbindelse med jobb. Alle kan ha nytte av å lære meir om sjukdomen, få meir kunnskap, ikkje vere redd for å spørje om hjelp og få vite meir om korleis ein kan møte personar som er sjuke med respekt. Det blir høve til å stille spørsmål på temakvelden også, seier dei fire kvinnene i styret.
– Me er eit lite samfunn der alle må hjelpe kvarandre, legg dei til.
Ynskjer fleire medlemmer
I tillegg til å auke kunnskap, ynskjer demensforeininga å auke aktiviteten i laget og dei vil gjerne ha fleire medlemmer. Tidlegare har dei mellom anna halde kanalcruise for eldre med MS Victoria, vore med-arrangør på sommarfestane ved omsorgssenteret og snart kjem Knut Buen til dagsenteret for å fortelje og spele.
– For å vere medlem treng ein ikkje ha sjukdomen eller ha nokon i familien med sjukdomen, me vil jobbe saman for at samfunnet skal bli meir demensvenleg. Det er så viktig at dei som blir råka av demens, personen sjølv og familien rundt, har nokon som støttar dei, seier Halvorsen.