Ny feiemaskin – ei oppklaring

Etter å ha lese Vest-Telemark blad tysdag sat mange folk i Vest-Telemark att med eit stort spørsmål: Kven av kommunane var det som skulle kjøpe ny feiemaskin? Folk som bur langs støvete kommunale vegar på Dalen, i Arabygdi og på Felle, kan nok knapt vente med å få svar på gåta som lokalavisa publiserte. No blir det avslørt: Det var formannskapet i Seljord som gjorde vedtaket. Me seier oss leie for feilen, og gjev att notisen:

Kjøper feiemaskin til ein halv mill

Den mannlege delen av formannskapet (altså i Seljord) blei svært så snakkesalege då dei fekk ei sak om innkjøp av feiemaskin på bordet sist torsdag. Den gamle maskina, som havarerte for eit par år sidan, blei grundig kommentert – til dels på teknisk detaljnivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av saksutgreiinga går det fram at kommunen etter havariet har leigd inn eksterne firma til å feie vegar og fortau. Dei årlege utgiftene til leigesoping har lege mellom 60 og 95 tusen kroner.

– Dette er midlar rådmannen meiner ein burde bruke på å kjøpe eigen maskin. Ein stor fordel med dette er at ho er tilgjengeleg resten av sesongen; mellom anna ved festivalar og andre større arrangement som nattope, skriv sakshandsamar Kåre Groven.

Noko ny maskin blir det ikkje – dei har prislapp på over ein million kroner. Men kommunen reknar med å få tak i ei bruka ei til ein halv million kroner. Eit samla formannskap var samde i pengebruken, som skal avgjerast endeleg av kommunestyret torsdag.