Enorme steinblokkar har knust skivestativet på skytebanen i Arabygdi. Knut Åsheim meiner det er for farleg å byggje opp att ny skytebane same staden.
Enorme steinblokkar har knust skivestativet på skytebanen i Arabygdi. Knut Åsheim meiner det er for farleg å byggje opp att ny skytebane same staden.

Skytebane øydelagt av skred

I pinsa øydela eit jordras skytebanen i Arabygdi. Skredet får store økonomiske konsekvensar for skyttarlaget. – Forsikringa dekkjer ingenting, og me har minimalt med kapital. Me er avhengige av stønad for å kunne byggje ny skytebane og me håpar at Statkraft og kommunen vil hjelpe oss, seier leiar i Arabygdi skyttarlag, Knut Åsheim.

– I år har folk måtta reist til Åmot, Rauland, Møsstrond, Bykle eller Åmot for å ta skyteprøva. Det er klart at folk likar grueleg klent å måtte reise så langt når ein er vane med å kunne skyte her, seier leiaren i Arabygdi skyttarlag, Knut Åsheim.

I pinsa i år øydela nemleg eit jordras både skivestativet og klubbhuset på skytebanen i Arabygdi. Klubbhuset har no blitt rive, og Åsheim meiner det ikkje er trygt å satse på å byggje opp att skytebanen sama staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er så skummelt her etter mitt vit at eg ikkje tør å samle bilar og folk her. Det er mange lause steinar oppe i fjellsida.

Dessutan meiner Åsheim det er lite truleg at dei hadde fått forsikra eit eventuelt nybygg på same staden. Styret i skyttarlaget har byrja å sjå framover og kikkar no på andre stadar ein kan etablere ein ny skytebane, men kvar den endar opp er enno uklart.

Treng stønad

– Aslak Kåsi kom opp her for å beise bygga våre rundt midten av mai, og då såg han at bakveggen i klubbhuset var heilt øydelagt. Det gjekk ikkje å koma seg inn i huset fordi det var fullt av steinblokkar og grus, kan Åsheim fortelje.

Så å seie alt av møblar og inventar vart øydelagt, og berre nokre skyteskiver, og eit par stolar vart redda ut heile. Skyttarlaget hadde berre ansvarsforsikring, så dei økonomiske konsekvensane er store.

– Forsikringa dekkjer ingenting, og me har minimalt med kapital. Me er avhengige av stønad og me håpar at Statkraft og kommunen vil hjelpe oss. Og så må det skje mykje dugnadsarbeid, så me satsar på at medlemmane våre er villige til å stille opp.

Sjølv om mange synes det er brysamt å reise langt av garde for å skyte får heller ikkje klubben stønad frå Det frivillige skyttarvesenet til opparbeiding av ny bane. Dei meiner nemleg at det er god nok dekning av skytebanar i landet og hevdar heile 50 prosent av skytebanane dei har gjeve stønad til ikkje er i bruk.

– Denne banen har i alle fall vore i bruk. Skyttarlaget har 90 medlemmar og i fjor var det 120 stykke som tok skyteprøva her. Me vil satse på å få opp att ein ny bane til neste sesong, så me må prøve å koma i gang med planarbeid rett etter sommarferie for å få det til, seier Åsheim.

Utløyste skred

For å koma til skytebanen i Arabygdi må ein køyre fleire kilometer på smal grusveg opp langs den stupbratte lia på nord-austsida av Totak. Grusvegen er det Statkraft som har bygd på grunn av eit ventilkammer til Songa Kraftverk, og Arabygdi skyttarlag fann ut at det var lurt å nytte seg av den alt utbygde vegen til å bygge ny skytebane. Klubbhuset og standplassen stod ferdige i 1997. Åsheim seier at ein ikkje veit akkurat kvifor skredet gjekk, men ein meiner at mykje snø og frost i bakken som vart utsette for brå temperaturstigning og store nedbørsmengder kan vera noko av årsaka. Raset ser ut til å ha starta ved ei luftesjakt i forbindelse med ventilkammeret til Statkraft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då jordraset vart oppdaga kontakta skyttarlaget Statkraft og Åsheim kan fortelje at dei hjelpte til med oppryddinga.

– Statkraft var til god hjelp, og me slapp å koste oppryddinga.