Kraftlag blir delt i to selskap
Vest-Telemark kraftlag (VTK) må delast inn i to selskap; nettverksemd og produksjon av kraft. – Dette gjer det dyrare for VTK og straumkundane, seier styreleiar Erik Skjervagen i VTK.
I sist kommunestyremøte i Fyresdal orienterte ordførar Erik Skjervagen (Ap), som også er styreleiar i VTK, om at kraftlaget er under ganske hardt press.
– Regjeringa har laga det vanskeleg for små kraftselskap. Taktikken er at slike selskap skal slåast saman, men ein slik tanke likar eg ikkje. Sjølvsagt kan det bli samanslåing av kraftselskap, men spørsmålet er kva eigarane av VTK vil, seier Skjervagen til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årsaka til at han meiner styresmaktene vil ha samanslåing, er eit vedtak om at kraftselskap i løpet av 2020 må ha delt inn nettverksemd og produksjon av kraft i kvart sitt selskap.
To sjefar og styre
– Regjeringa har laga det såpass vanskeleg at ein ikkje får lov til å bruke dei same tilsette i båe selskapa. Ein må ha to styre, kvar sin leiar av selskapa og så vidare. Det aukar sjølvsagt kostnadene for VTK, og fører til høgare nettleige og høgare kraftpris for oss som bur her. Men ikkje for dei i sentrale område, for der er kraftselskapa så store at det spelar ingen rolle, seier Skjervagen.
Han føler VTK er under press om kva ein skal gjere og kva avgjerder ein skal ta. Kanskje må ein tilsette fleire folk, men det er for tidleg å seie noko om nå.
– Me slepp ikkje unna å måtte dele inn i to selskap, men me ventar med denne saka så lenge som råd. I løpet av neste år kan styret byrje å tenke på saka, seier Skjervagen.
Felles driftssentral
Ei anna sak VTK må ta stilling til er ei utgreiing alle kraftselskapa i Telemark er med på om ein skal etablere felles driftssentral for heile kraftnettet i fylket. Sentralen skal ha 24-timars overvaking av kraftnettet heile året.
– Skagerak Energi vil sjølvsagt at ein felles driftssentral skal ligge i Skien, det er vel ikkje noko bombe. Då mistar me nokon arbeidsplassar, men får billigare drift og betre kundesystem. Det er ikkje tatt endeleg stilling til kvar sentralen skal ligge, men me er under tungt press for at det blir Skien, seier styreleiaren i VTK.