Elddåp som restaurantdrivar
Anne Særsland (23) vil gjera det ho kan for å få Fjøllhalli til å gå bra. Skjærtorsdag fekk ho elddåpen – men etter det har det gått mykje betre. No ynskjer ho seg berre fleire gjester.
Det er stilt ved Fjøllhalli i Rauland ein kvardag i mai. Parkeringa ved skisenteret er tom, og slik nær høgfjellet er snøen gradvis i ferd med å forsvinne. Det er lenge sidan skisenteret stengte dørene, og endå litt lenger sidan høgsesongen.
– Påska er det store. Så er det daudt etterpå, smiler Anne Særsland.
Artikkelen held fram under annonsen.
23-åringen frå Hjartdal, no busett i Flatdal, overtok drifta på Fjøllhalli 1. mars, etter at både den tidlegare drivaren og vener hadde pressa på for å få nettopp ho til gjera det. 24 dagar seinare kom skjærtorsdag – dagen då alle i heile Rauland, heile Vinje og naboar i aust og vest skal ut på livet. Helst alle på ein plass. Rundt 800 menneske var innom Fjøllhalli denne kvelden – og dei som jobba i baren var heilt nye og alt for få.
– Det blei eit samansurium ut av milde. Ein elddåp og litt til, seier Særsland.
Det er slikt ein lærer av.
– Eg er kjempestolt av at me fekk påskeeftan til å gå knirkefritt. Då gjekk alt på skinner. No veit eg korleis det skal gjerast. Ein lærer heile tida, smiler restaurant-drivaren.
Spelar til dans i pinsa
Særsland er ikkje kokkeutdanna, men har jamt vore veldig interessert i matlaging. På Fjøllhalli er det ho sjølv som står for kokkeleringa, som den einaste fast tilsette førebels.
– Tanken var fyrst å prøve lokalmat, men det er vanskeleg å få til. No har eg landa på at det skal vera ein familierestaurant med noko for alle. Det skal ikkje krevje all verda å koma og eta middag her, seier ho, og legg til at ho får mykje skryt for maten.
Framover vil ho prøve seg fram for å finne ut kva folk vil ha. Fyrstkomande laurdag spelar festbandet «Rød Mix» til dans. Ho har også fått førespurnader om ølklubb, og lurar på å teste ut ungdomsklubb for dei under 18.
– Eg vil gjerne ha tilbakemeldingar om kva folk ynskjer seg for at dei skal koma hit, både frå lokale og hyttefolk, seier Særsland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Satsar på helgene
Det har vore mange drivarar innom Fjøllhalli dei seinare åra. No håpar Anne at ho skal få til noko som gjer drifta liv laga. Førebels satsar ho på helgene og held ope fredag, laurdag og sundag. Ei stund prøvde ho torsdagane også, men det var lite folk å sjå. Helgene er betre, både i restauranten og take-away. Og er det ein gjeng som sit og kosar seg i puben, held ho han open.
– Eg er ikkje den som gjev meg. Heile meininga med å overta drifta er at eg har eit langsiktig perspektiv, seier Særsland.