Endeleg fint vêr for utekino – men så …
To traktorar frå Treungen, éin lastebil, mange ulike bilar og eit benka publikum var å sjå på Drive-in kinoen i Fyresdal sist fredag. Dessverre blei det drive-out lenge før planlagt for dei frammøtte på flystripa.
Det er fredag ettermiddag og me har leiar Svein Slyngstad i ungdomsklubben i Fyresdal på tråden. Éin time før midnatt og i knallvêr skal han og friviljuge medhjelparar ha alt klart slik at eventyrog komediefilmen Pirates of the Caribbean: Salazars revenge kan rulle på eit 8 gonger 12 meter stort lerret på flyplassen i bygda.
– Det er veldig bra at folk stiller på dugnad – det er alfa og omega for å få til ting her i bygda. Og ein stor takk til vêrgudane. Me har måtta avlyse kinoen to–tre gonger før. Sist var for éin månad sidan i eit surt og fælt vêr, seier Slyngstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Eg tenkte det var lurt å kome utan tak i kveld, så me får mykje lyd.»
Lars Erik Wraa
Spent
Eit par gonger i året er det utekino på flyplassen.
– Det er laga eit system som gjer det enkelt å sveive opp og ned lerretet. Éin gong var det nesten 300 betalande på kinoen. Eg er spent på kor mange det kjem i kveld. Det er konfirmasjon i bygda dagen etter – kjem dei med gjestene sine eller har dei ikkje tid til å kome, undrar Slyngstad.
– Det er plass til mange på ei flystripe, legg han til.
Ungdomsklubben er stengt denne kvelden, og kanskje vel dei unge då å ta turen til utefilmen som har 12 års aldersgrense og varer over to timar.
Ein kiosk skal vere på plass også denne kinokvelden, og nå er det 8. klasse som skal ta seg av salet Inntektene skal gå til turen med Kvite bussar til Polen når dei kjem i 9. klasse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Elevane bestemmer prisane på det dei sel, seier Slyngstad.
Kjem vel til å sovne
Me er på plass på flystripa halvtimen før kinoen skal starte. Åttandeklassingane Johanne Teksle, Kristu de Kruif og Karoline Nedrebø står klare i kiosken med mellom anna popcorn, pølser, brus og kaker.
– Det blir nok bra å stå her i kveld, trur dei og smiler. Like ved går Slyngstad litt bekymra.
– På førre driv-in kino var det stappfullt her halvtimen før filmen starta, men nå …, seier han, og ser rundt seg der det ennå ikkje har kome veldig mange køyretøy.
Vaktene i området dirigerer dei lågaste bilane lengst fram mot lerretet og dei som er større må plassere seg bak. Heilt bak parkerer Jørn Helge Krossli lastebilen, og han har med fire gutar som i høgda får orkesterplass.
– Det var nokon ungar som hadde lyst til å ha det slik. Dei ser godt her, men kjem vel til å sovne, seier ein humrande Krossli.
– Det er så komisk – alle bilane her og så kjem de i lastebil, seier ei dame med eit smil til sjåføren. Kanskje hadde ho også lyst til å sitje på orkesterplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grei bil på utekino
Plutseleg kjem det køyrande to små og gamle traktorar som stiller seg like ved lastebilen. Kjetil Lauvdal (17) og Marius Grimstveit (16) frå Treungen er ute på langtur, i alle fall når det er snakk om det å endeleg kome fram til målet sjølv om Fyresdal ikkje ligg meir enn fem mil unna.
– Me veit ikkje kor lang tid me har bruka, har ikkje tatt tida. Og så har me stoppa litt også, seier tenåringane.
Den vesle campingvogna som hang bak eine traktoren på turen er plassert i sentrum av bygda, for her skal det overnattast. Men fyrst er det traktorkino.
I godt humør kjem Monica Solli og Lars Erik Wraa frå Vråliosen køyrande fram mot lerretet i ein Triumf Herald 1964-modell. Taket på det lekre køyretøyet er ikkje med, men frontruta er der framleis. Sjåføren Wraa prøvar å plassere bilen slik at ein ser best mog- leg. Og dei treng ikkje sveive ned rutene for å høyre …
Traktortur:Nissedølane Kjetil Lauvdal (t.v.) og Marius Grimstveit køyrde kvar sin traktor til utekinoen i nabokommunen. Campingvogna hadde blitt parkert ein annan stad i Fyresdal sentrum.Dalstroka innafor:Monica Solli synest det er tøft at det blir skipa til drive-in kino og at det skjer nok i dalstroka innafor. Lars Erik Wraa sa seg ikkje usamd i det.Gjekk i svart-kvitt:Den over to timar lange filmen blei til kortfilm etter få minuttar, og det enda med drive-out kino på flystripa.
– Eg tenkte det var lurt å kome utan tak i kveld, så me får mykje lyd. Dette er ein grei bil å ha på utekino i godt og varmt vêr, seier Wraa.
– Eg lura Lars med i kveld, humrar passasjeren, i full gang med å ta ein snap av bladfyken og sende det ut i verdsveven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skjer noko
– Det er artig at dei får til slikt som dette, seier Wraa om kveldens arrangement.
– Drive-in er jo så tøft – og at det skjer noko i dalstroka innafor, legg Solli til.
Men akkurat det som skulle vise seg å skje i dalstroka innafor denne kvelden, hadde ho nok ikkje venta. Og sikkert ikkje dei andre 102 betalande heller.
Litt over klokka 23 og i det den rette mørkestemninga er på plass for å vise film, er reklamen på lerretet i gang. Så brakar det laus med sjølve filmen, men etter få minuttar kjem det ein lite lovande lyd. Der rauk sikringen gitt. På veg til sikringsskåpet må Slyngstad ha sett ny personleg fartsrekord til beins, for der gjekk det unna.
Etter å ha ordna sikringa ville ikkje filmframvisaren vere med på ein omstart. Det var då arrangøren skulle ha gått framom publikum med ein plakat «Vi beklager teknisk feil», slik info som kom på TVen i si tid.
Tekniske problem gjorde at kinoen til slutt måtte avlysast.
– Folk tok det med godt humør – det var ingen sure miner. Dei fekk pengane tilbake, seier Slyngstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men 9. juni er det klart for kino igjen i bygda.
– Då blir det walk-in kino …, seier Slyngstad om at tilbodet er tilbake i samfunnshuset. I alle fall for den kvelden.