Seljord trekte seg frå brannsamarbeidet
Seljord kommune vil ikkje vere med og samarbeide med Kviteseid og Nissedal når det gjeld brannvern.
I vår sa Seljord kommune nei til å samarbeide med Kviteseid og Nissedal.
Årsaka var at ingen av rådmennene verken i Kviteseid eller Nissedal godtok vedtaka me gjorde i formannskapet i Seljord, seier rådmann Kristian Torp-Hansen i Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kravde økonomisk gevinst
Vedtaka gjekk på at Seljord skulle få ein økonomisk gevinst, at ei stilling frå Seljord vart overført til kontorfellesskapet, at samarbeidet vart mest mogleg fleksibelt i høve til brukarane, at samarbeidet skulle ha ein prøveperiode på tri år og at samarbeidet innan utgangen av det tredje året skulle evaluerast.
Torp-Hansen forklarar at Seljord blei invitert med på samarbeidet av Kviteseid og Nissedal i fjor. Kviteseid og Nissedal har jobba i to år med samarbeidsplanane.
Me fekk beskjed om at kontoret for brannordninga kunne bli lokalisert i Seljord, men me har aldri kravd å få brannsjefstillinga til Seljord. Men me trekte oss då rådmennene i Kviteseid og Nissedal ville at me skulle vere med utan vilkår, seier Torp-Hansen.
Ny runde i haust
I haust tok rådmennene i dei tri kommunane opp att tanken om eit eventuelt samarbeid innan landbruk og brann.
Det blei ikkje noko av då me fekk beskjed at Kviteseid skulle ha både brannsjef og landbrukskontoret. Dessutan har me rekna på det og funne ut at me ikkje sparar ei krone på samarbeidet, seier Torp-Hansen.
Han er også kritisk til å flytte tilsette ved Seljord kommune til kontor i andre kommunar.
Me er få allereie at hadde me flytta på tilsette ville fagmiljøet i Seljord blitt veldig lite, meiner han.
Ynskte ikkje å delta
Sektorleiar Anne Aasmundtveit i service og utviling i Kviteseid kommune synest det er synd at Seljord trekte seg ut av brannsamarbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seljord sa ifrå i vår at dei ikkje ville vere med. Men så vendte dei seg til oss att i haust og spurde om å få vere med. Då hadde Kviteseid og Nissedal jobba med samarbeidsplanane lenge. Me sa til Seljord at dei gjerne kunne vere med, men at dei ikkje fekk brannsjefen for den hadde me planlagt skulle halde til i Kviteseid, seier Aasmundtveit.
Ho ynskjer Seljord kommune velkomen i samarbeidet og seier at ved neste samarbeidsrunde kan kanskje Seljord få eit ansvarsområde lagt til kommunen.
Me kjem nok til å sjå på nye område me kan samarbeide om til våren, seier Aasmundtveit.
Det planlagde samarbeidet mellom Kviteseid og Nissedal skal etter planen starte opp alt om fem veker.