Heilt vilt med nei til turløyve
Tidlegare har innbyggjarane på Fjone fått snøskuterløyve til felles sosial grendedag. No kan dei bare gløyme å gjenta eit slikt trivselstiltak.
For nokre år sidan fekk folk på Fjone snøskuterløyve i samband med sosialt samvær oppe på heia. Ein gong var 50 innbyggjarar med på fellesturen.
Det var veldig mange eldre folk med, og slike som ikkje elles kunne kome seg på heia. Me brukte snøskuterar med sledar. Turane var veldig vellykka, fortel Ragnhild Haugstøyl, Laila Heimdal og Berit Grønås.
Artikkelen held fram under annonsen.
I år hadde grendefolk lyst til å ta opp att det trivelege tiltaket. Haugstøyl ringde derfor landbrukskontoret for å spørje om nokre snøskuterløyve. Svaret var at lovverket ikkje tillet slike turar.
Eg hadde vel ikkje ringd om eg ikkje hadde tru på at me fekk løyve, seier ei skuffa Haugstøyl.
Styrkje samhaldet
Dei tri damene ristar på hovudet over at det ikkje går an å få løyve til ein fellestur i året. Planen var å nytte fast løyetrasé opp til heia. Der skulle det vere bålkos, kaffikoking og skileik for både unge og vaksne. Vidare skulle det vere fisking på isen, ein fagdag barna sikkert ville ha glede av.
Det skulle rett og slett vere ein dag for å styrkje samhaldet i bygda, og at dei som ikkje klarer å kome seg opp i terrenget skulle få oppleve dei flotte heiene, fortel dametrioen.
Grønås har operert båe hoftene, og såg derfor fram til felles tur der ho fekk hjelp til å kome seg ut i fjellet.
Me blir nekta å kome på heia. Dette er trakkassering av bygdefolk, seier ho.
Å sitje på høgare hald og bestemme slikt som dei gjer om snøskuterkøyring er langt utanfor kanten. Men me føler oss makteslause til å gjere noko med det, seier trioen på Fjone.
Faste tresear
Dei meiner Stortinget må ta seg saman og gje løyve til ein så uskuldig og triveleg aktivitet som ein årleg fellestur med snøskuterar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politikarane i kommunane i heile Noreg bør gå saman og slå skikkeleg i bordet overfor Stortinget. Her er ikkje så mykje å finne på i bygdene. Me har lyst til at det skal bli etablert faste snøskutertrasear. Tenk om me på Fjone og fyresdølane kunne møtast i lovlege former oppe på heia til triveleg sosialt samvær, seier damene.
Dei ser ikkje snøskuterkøyringa i faste løyper som nokon trussel mot villreinen.
Reinsdyra bryr seg katta om snøskuteren, og dyra går jo her nede i bygda om vinteren, seier trioen.
Elles er dei forundra over at staten krev inn avgift på snøskuterar, når det ikkje er lov å køyre på vegane.
Få på plass skutertrasear i bygdene. Når ungdomen kjem heim i helgene må dei få lov til å køyre i faste løyper. Eit alternativ for dei i dag er at dei heller reiser på fest, avsluttar Haugstøyl, Heimdal og Grønås.
Brusfabrikk fekk snøskuterløyve
Eit samrøystes hovudutval for landbruk og teknikk i Fyresdal stør rådmannen i å gje Telemark Kildevann dispensasjon for bruk av snøskuter i samband med bedriftas utflukt til Mjåvatn og Grøssæ. Løyvet gjeld inntil sju snøskuterar, og all køyring skal skje i etablerte løyper. Søkjar må sjølv innhente løyve frå aktuelle grunneigarar. Løyvet gjeld for køyring 26. mars eller 2. april 2011.
Sakshandsamar og skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan har kome til at ein kan nytte paragraf seks i motorferdselslova i dette tilfellet, sidan tiltaket ikkje ber preg av å vere ein rein tur.
Momrak-Haugan registrerer at brusfabrikken har vore gjennom eit intensivt år med høgt arbeidspress. Verksemda ynskjer å styrkje samhaldet i arbeidsstokken med fokus på sosialt samhald på tvers av nasjonalitet, språk og sosial tilknyting.
Artikkelen held fram under annonsen.
Telemark Kildevann ynskjer å nytte utferda for å knytte tilsette tettare til arbeidsplassen og bygda mellom anna gjennom sosiale opplevingar. Dei tilsette er av ulik nasjonalitet, og fleire av dei har avgrensa eller inga skievne, skriv skogbrukssjefen i saka om løyve til å transportere personell, proviant og utstyr til Mjåvatn og Grøssæ.
Det er særs positivt at bedrifta legg til rette for opplevingar som kan styrkje samhaldet blant dei tilsette. Eg ser ikkje at den omsøkte transporten vil vere til sjenanse eller ulempe av noko slag, konkluderer sakshandsamaren.