Jon Kallåk, Aasne Jamgrav, Ingebjørg Jamgrav, Helge Lauve og Martin Eriksen.
Jon Kallåk, Aasne Jamgrav, Ingebjørg Jamgrav, Helge Lauve og Martin Eriksen.

Der låtten sat laust

Mange gjekk heim med støle magamusklar etter Lugar-kvelden på Seljordshei grendehus.

– Viss eg ligg med kjeringi di, blir me skylde då?

– Nei, då blir me skuls.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode på kjeften

Somme har den gjevnaden at dei er gode på kjeften. Og somme tør å stå framfor eit publikum også. Gunnar Bjerke Osen og Svein Dag Midtsund er kollegaer i Øvre Telemark jordskifterett i Kviteseid. Av og til, når høvesvis dommaren og rettsleiaren ikkje er opptekne med jordskiftesaker, driv dei og muntrar opp andre. Som til dømes den norske domstoladministrasjonen, som held til i Trondheim, eller heiarane – slik dei gjorde laurdagskvelden. Om dommarar er like lettledde som dei seksti frammøtte på grendehuset skal me ha usagt. Men me har nok vårt på det tørre viss me påstår at låtten ikkje nokon gong runga slik mellom tømmeveggane i alle dei åra bygningen var bedehus; frå det stod nybygt på 1930-talet og til det for eit par år sidan blei gjort om til grendehus.

Stuttreist servering

I løpet av tida som grendelaget har vore eigar av huset har det, ved sida av festar, quiz og strikkekafé, vore arrangert fleire lugar-kveldar; mellom anna med Knut Buen. Smekk fullt var det i grendehuset den gongen som no. Og alle blei servert kjøtsuppe, koka på kjøt av hjort som blei skoten på Øverland på Seljordshei og deretter frakta til kokken Terje Nekstad i Vrådal som laga i alt 45 liter suppe.

Kålrot, gulrot og jordeple. Saman med kjøt som har sprunge rundt i skogane på Seljordshei og besøkt både Nuten og Netten før dyret blei felt. Stuttreist suppe, altså. Kjøt som ikkje hadde vore med på noko stuttmatprosjekt, eller på stuttreisekonferansen i Paris, som lugarane harselera venleg med. Repertoaret til Osen og Midtsund inneheld alt frå gamle revy-nummer på Sundvang i Kviteseid til innslag dei hadde i samband med Bodil Nordjorde si lansering av suppeboka for to år sidan. Det skjedde på Dalen hotell.

Bodil Nordjorde (Gunnar Bjerke Osen t.h.) demonstrerer korleis ein lagar nevagraut med mjøl frå ei nedlagt kvenn i Edland. Svein Dag Midtsund til venstre.
Bodil Nordjorde (Gunnar Bjerke Osen t.h.) demonstrerer korleis ein lagar nevagraut med mjøl frå ei nedlagt kvenn i Edland. Svein Dag Midtsund til venstre.
«Er du sikker på at det var her du sleppte han uti, då?»
«Er du sikker på at det var her du sleppte han uti, då?»
Anne Hellestad er ei av dei som har gjenge på sundagsskulen på Sion, bygningen som no er grendehus.
Anne Hellestad er ei av dei som har gjenge på sundagsskulen på Sion, bygningen som no er grendehus.

Samansett repertoar

Kva gjer ein når ein skal sjå litt skeivt på vesttelen? Jau, då tek ein på seg lusekufta med hol på ermane, slik medlemene av Lygarlauget (Jon Svartdal, Babben Sanden, Svein Dag Midtsund og Harald Valle) gjorde då dei herja rundt på OL-tenning, Cow-parade og andre store arrangement på 1990- og 2000-talet, lenge før kufta hadde blitt eit moteplagg. Då kan ein til dømes bli sauebonde som heiar på gaupa, for bortkomne sauer får ein trass alt erstatning for. Ikkje slik med kjeringar som forsvinn i tåka på sauleiting i Bitdalen, eller var under synfaring i samband med tvist om beiterettar?

Trønder- og Nissedal-skrøner

Etter mange år i Kviteseid er Gunnar Bjerke Osen framleis trønder. Så trønder at skrønene kjem som perler på ei snor. Også dei sanne historiene. Som når han driv auto-intervalltrening på Øvreveg. For de veit vel kva autointervalltrening er? Det er å gå – og så springe når det kjem bil!

Harald Valle frå Tjønnefoss kom med historier frå ulike delar av Nissedal kommune. Til dømes om den kjende lyrikaren og læraren Jon Fjone frå Nissedal (1911-1999) som ikkje lika banning. «Men av og til må ein kunna sitere slikt», meinte han.

Han fekk då jaggu (sic!) sagt det pinseven-mannen også som før jol stod utolmodig og venta på posten som var sein denne dagen: «Kvar i helvete blir det av 'Korsets seier'?»

Folk lo og lo. Heldt seg på magen, kikka på sidemannen og flira. Og når «dei faste postane» var unnagjort var det klart for fleire historier. Som den om tildragelsen som skjedde slik at ordensmakta måtte tilkallast. Det var den gongen i farne tider då det ikkje var slikt nærpoliti, så då kom lensmannen med ein gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Heim att

Anne Hellestad, fødd Gravalid, må heim att til Seljordshei når det er fest på grendehuset. Dét er eit hus ho ofte besøkte i barndomen.

– Her gjekk eg på sundagsskulen for Dordi Dale, og her var det joletrefestar. Bedehuset var det einaste forsamlingshuset me hadde, seier Hellestad, som storkosa seg på festen, akkurat slik som grendelagsleiar Arvid Øverland hadde instruert forsamlinga om då han ynskte velkomen.