Neil Perry frå New Zealand og Tjønnefoss gjekk til topps på heimebane i saueklyppe-tevlinga på Stationen laurdag.
Neil Perry frå New Zealand og Tjønnefoss gjekk til topps på heimebane i saueklyppe-tevlinga på Stationen laurdag.

Sauestripp i baren

Det var lett blanding av ull og øl då dei raskaste saueklypparane i verda var samla i baren til sauestripp på Stationen i Treungen.

Noreg trekkjer til seg dei beste saueklypparane i verda grunna dei gode prisane. Laurdag var tolv av dei raskaste klypparane på plass på Stationen i Treungen for å vise sine kunstar for eit entusiastisk publikum. Dei frammøtte applauderte i takt med musikken medan klypparane fjerna ull til den store gullmedalje.

Sauestripp

Det er ikkje fyrste gong det blir arrangert saueklypp-tevling på Stationen. Suksessen for to år sidan gjorde at folk i Treungen etterlyste fleire slike arrangement då det ikkje vart noko i fjor. Anita Perry driv Stationen og ho er stolt av det utradisjonelle arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Andre har striptease, me har sauestripp, seier Perry med eit smil før Tjønnefoss Open i saueklypping tek til.

– Korleis kom du på å arrangere saueklypp i ein bar?

– Det blir arrangert NM i saueklypp. Dette er stort i til dømes England, der klypparar reiser rundt på marknader. Me har pub og søkte fylket for to år sidan og fekk godkjenning, seier ho.

Fyrst var dei tolv deltakarane frå Skottland, Wales, Irland, England, New Zealand og Noreg gjennom ein innleiande runde. Her gjekk dei fire raskaste vidare til finalen. Tim Orum frå Skottland var i ei klasse for seg sjølv i kvalifiseringa med 32,5 sekundar, nesten fire sekundar betre enn nestemann.

Tore Martingsdal frå Brusand ved Jæren kom seg ikkje vidare til finalen. Han klypper opp mot 10.000 sauer i året, men fekk det ikkje heilt til i den uhøgtidlege tevlinga.

– Huff, dette var ikkje noko bra, sukka han etter at sauen var snauklypt.

Heimesiger

På utsida venta dommaren for å godkjenne klyppen og sjå til at sauen ikkje hadde fått skadar. Skade på sauen ville nemleg ført til diskvalifikasjon.

Harald Valle var leigd inn som konferansier for kvelden. Han skapte god spenning blant dei i underkant 100 frammøtte. Det knytte seg stor spenning føre finalen. Neil Perry frå New Zealand og Tjønnefoss, som Valle presenterte han som, var fyrst ut i finalen. Til 60-tals musikk var sauen ferdigklypt på 31,2 sekundar. Dei tri utfordrarane prøvde seg ein etter ein. Til slutt var det bestemann frå kvalifiseringa, Tim Orum, sin tur. Til tonane frå Beatles starta han saksa. Men Orum klarte ikkje å fylgje opp den gode tida frå tidlegare på kvelden og blei klokka inn på 34 sekundar, noko som berre var tredje beste tid. Dermed blei det heimesiger då Perry stakk av med sigeren i Tjønnefoss Open. Perry pendlar for tida til Fatland slakteri på Jæren og klypper mellom 400 og 500 sauer til dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er godt fornøgd, men eg hadde ingen store forventingar før tevlinga. Eg er berre med for å ha det gøy. Det er det viktigaste, seier vinnaren av det noko uvanlege innslaget på ein laurdagskveld i Treungen.

Dei 20 sauene blei alle klypt føreskriftsmessig, og det blei ikkje rapportert om skadar på dyra. På førehand fekk Stationen godkjenning av fylkesveterinæren.

– Me hadde håpa på fleire folk, men både dei som kom og klypparane var fornøgde med arrangementet, oppsummerar Anita Perry.