Lensmann Bjørn Håvard Olsen (t.h.) i Tokke, leiar i Politiets Fellesforbund Telemark, Tor Ragnar Steffensen, og polititillitsvalt i Vest-Telemark, Walther Lie.
Lensmann Bjørn Håvard Olsen (t.h.) i Tokke, leiar i Politiets Fellesforbund Telemark, Tor Ragnar Steffensen, og polititillitsvalt i Vest-Telemark, Walther Lie.

Støtte til dagens lensmannsstruktur

Politiets Fellesforbund i Telemark er motstandar av å leggje ned lensmannskontor. Økonomien i politidistriktet er ei utfordring, og 23 politistillingar står ledige i Telemark grunna pengemangel.

Tor Ragnar Steffensen, representerer som leiar i Politiets Fellesforbund i Telemark 200 av dei 230 tilsette i politidistriktet. Vest-Telemarkrådet (VTR) hadde invitert Politiets Fellesforbund til sitt møte i Morgedal for å drøfte den pågåande utgreiinga av politistrukturen i Vest-Telemark.

– Den prosessen politimeisteren har gåande no er ein utfordrande prosess. Me som fagforeining veit ingenting, og me er ikkje med i arbeidsgruppa lensmann Geir Kjartan Lid i Kviteseid leiar. Vårt standpunkt er klart; me er motstandar av å leggje ned lensmannskontor fordi me ynskjer at politiet skal vere tilstades lokalt, sa Tor Ragnar Steffensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han slo fast at den dårlege økonomien i Telemark politidistrikt er ei kjempeutfordring, men Steffensen sa han ikkje visst kva grep ein må ta.

– Ei grundig kartlegging av konsekvensane ved å slå saman lensmannskontor, er eit arbeid fagforeininga reknar med å verte involverte i. Samanslåinga av politiet i Skien og Porsgrunn har ikkje gjeve fleire politifolk ute i gatene. I dag er 23 politistillingar ledige i Telemark for at ein skal halde budsjetta, fortalde Steffensen.

I fylgje fagforeiningsleiaren ynskjer medlemmene hans best mogleg polititeneste for publikum. Heile tida er tilbodet ein balansegang i høve til økonomien i politidistriktet.

Etterlyste prioriteringar

– I politiet er det 122 ulike mål med krav som skal rapporterast vidare til Politidirektoratet. Politiets Fellesforbund har bede politimeisteren om klare prioriteringar, men dette er det ikkje teke tak i enno. I heile politidistriktet driv ein på med omorganiseringar, og det er heilt sikkert at det kjem til å skje ting, meinte Steffensen.

Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland og Olav A. Veum, leiar i Vest-Telemark Næringsforum (VTNF) er observatørar i arbeidsgruppa til lensmann Geir Kjartan Lid. Kiland uttrykte skepsis til arbeidsgruppa.

Underleg oppleving

– Det var ei underleg oppleving å sitje som observatør i arbeidsgruppa som bestod av berre lensmann Lid. Eg sakna mandat for arbeidet og referat frå møtet. Ei omorganisering av polititenesta i Vest-Telemark er økonomisk motivert og styrande for arbeidet. Me har fått vite at politiet i Telemark må nedbemanne med tosifra tal stillingar, men det er ikkje sagt at kuttet skal takast i Vest-Telemark, fortalde Kiland.

3. juni er det nytt møte i arbeidsgruppa. Då skal lensmann Lid vere ferdig med sitt utgreiingsarbeid. Etter litt finpuss skal utgreiinga leverast politimeisteren 14. juni.

– I mi verd er det utenkjeleg at ikkje tillitsvalde er med. Eg mistrivst sterkt i rolla som observatør i dette arbeidet. Heile prosessen synest avgjort på førehand og konklusjonen er tatt om ikkje me i Vest-Telemark signaliserer tydeleg verdien av nærpolitiet, meinte Ketil O. Kiland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politisk sak

Ordførar Olav Urbø (Sp) i Tokke hevda at spørsmålet om nedlegging av lensmannskontor i Vest-Telemark er ei økonomiske sak og ikkje noko anna. Difor meinte Urbø det er trist at politimeisteren seier det motsette.

– Det er ei politisk sak å sikre eit nært polititilbod i Vest-Telemark, sa Tokke-ordføraren.

Ordførar Solveig Abrahamsen (H) i Seljord karakteriserte prosessen i politiet som uryddig, og melde om stor frustrasjon hjå det lokale politiet.

– At éin lensmann sit og styrer heile prosessen meiner eg er ein skandale. Seljord kommune kjem til å kome med innspel, varsla Abrahamsen.

Olav A. Veum meite det var behov for å nyansere biletet litt. Han minna om at arbeidsgruppa er supplert av lensmennene Bjørn Håvard Olsen i Tokke og Torodd Aase i Seljord.

Ressursar

– Eg vil åtvare mot å tilleggje politiet meir uedle meiningar enn dei har. Sjølv opplever eg at lensmann Geir Kjartan Lid har eit oppriktig ynskje om å skape eit best mogleg polititilbod i Vest-Telemark ut frå ein politifagleg ståstad. Samtidig må politiet vere ærleg på at denne saka handlar om ressursar. Når politidistriktet skal spare inn kring 20 stillingar har det med ressursar å gjere, konkluderte Olav A. Veum.

Ordførar Arne Vinje (SV) i Vinje gav uttrykk for at det var rart å høyre skildringane som kom fram på VTR-møtet. Han meinte det ikkje samsvarde med inntrykket han sat att med etter at politimeister Anne Rygh Pedersen orienterte VTR på marsmøtet.

– Ho var klar på at spørsmålet om endra politistruktur i Vest-Telemark skal vere basert på ein brei og open debatt. No sit eg med inntrykk av at konklusjonen alt er trekt, og styrer retninga i det pågåande politifaglege utgreiingsarbeidet. Alternativet om at strukturen ikkje vert endra eksisterer ikkje. Det kan ikkje vere slik at går me imot endringar i Vest-Telemark, så mistar me alt og endar opp med ein politistasjon i Bø, meinte Arne Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feiloppfatningar

Lensmann Bjørn Håvard Olsen, som leia den fyrste utgreiingsgruppa, meinte det var nokre feiloppfatningar ute og gjekk i VTR i høve til slik han sjølv oppfatta den pågåande prosessen. Olsen peikte på at det er viktig med ei felles oppfatning av kva ein driv på med.

– Eg må be om å verte trudd på at ynsket vårt er å gje ei best mogleg polititeneste. Som politifolk har med yrkesbyrgskap. Eg er mykje nærare den oppfatninga Olav A. Veum gjev enn meininga til Ketil O. Kiland. Det pågåande arbeidet dreiar seg om politifaglege vurderingar om konsekvensane av sju-åtte ulike framlegg til organisering av politiet. Når rapporten ligg føre vil det vere mogleg for VTR å gripe tak i han og jobbe vidare, fortalde lensmann Olsen som meinte prosessen er rett.

Tokke-lensmannen avviste at ein politistasjon i Bø er sett fram som eit trugsmål. Olsen sa at dette meir var ein observasjon av tankar høgare opp i det sentrale politihierarkiet.