Gudmund Mangerud hoppa sitt siste gubberenn, medan David A. Pedersen så vidt har byrja på hoppkarrieren.
Gudmund Mangerud hoppa sitt siste gubberenn, medan David A. Pedersen så vidt har byrja på hoppkarrieren.

Tok sats for siste gong

Som 70-åring tok Gudmund Mangerud frå Flatdal sats for siste gong som hoppar. Han landa med stil og tok ein verdig avskjed som gubbehoppar.

Før kvar omgang var det store kontrastar på toppen av Hegnabakken i Kviteseid. Der stod fem år gamle David A. Pedersen som var prøvehoppar då veteranane møttest til dyst i det som mange reknar som årets høgdepunkt. Ved sida stod den eldste av dei som hoppa i laurdagens renn. Gudmund Mangerud frå Flatdal var den fyrste som sette utfor tilløpet i kvar av dei tri omgangane. Før den tredje og siste omgangen vanka det heider og applaus frå speaker Toralf Grave og dei frammøtte i Kviteseid, før Mangerud trygt stoppa på sletta.

Landa trygt

– Gubberennet er utruleg trivleg. Fellesskapen ein har her med kjentfolk frå ulike kantar av fylket, og utanfor, er kjempetrivleg, sa Mangerud då VTB fekk ein prat med han mellom 2. og 3. omgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ventar for tida på hofteoperasjon, og når denne er gjennomført innser han at hoppkarrieren er over. Hovudmålet hans i laurdagens gubberenn, var å lande trygt.

– Eg er kjempefornøgd. Det viktigaste for meg var å halde balansen og stå, seier den spreke 70-åringne frå Flatdal etter sin siste konkurranse.

– Korleis var du som skihoppar då du var yngre?

– Eg var ikkje noko aktiv hoppar, men heldt på litt som liten gut, men eg var alltid sist på resultatlistene, smiler han.

Løypte unnarennet

Mangerud var den einaste deltakarane i veteranklassa; Hudstodklassa for dei mellom 70 og 79 år. Rett nok deltok Hans Holte frå Gvarv i Vikingklassa, for dei over 80 år, men Holte tok ikkje sjansen på å prøve hoppet. For nokre år sidan fall han stygt på gubberennet, og blei frakta bort i luftambulanse.

– Eg tek ikkje sjansen på å hoppe når de ikkje har helikopter her, sa den sporty Holte før han løypte ned underrennet.

Det fyrste gubberennet i regi av Vest-Telemark gubbelag blei arrangert i 1927. Laurdagens renn var det 83., og spekar Toralf Grave kunne opplyse dei frammøtte at det lengste gubbehoppet som er gjort er på 29,5 meter. Slike lengder er ikkje bakken i Kviteseid laga for. Eit kraftig snøvêr gjorde heller ikkje forholda i bakken lettare for dei ivrige hoppentusiastane.

Totalt stilte 58 deltakarar til start i Kviteseid. I tillegg til dei to eldste klassene, deltok hopparane i Tåband-, Viuband-, Unggubbe-, Rekrutt- og Treskiklasse. I alle klassene var det eigne gjesteklasser for deltakarar frå utanfor Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trygve Feilbergs minnepokal blei vunne av Olav Nordskog frå Morgedal.