Oppmodar bygdefolk til å leite etter lege
Fyresdalordføraren oppmodar bygdefolk om å hjelpe med å få tak i ein lege i fast stilling. – Alle kjenner ein lege her og der, så me bør prøve å kontakte nokon.
I eit heilt år har ein prøvd å få tak i ny kommunelege i Fyresdal. Ein har ikkje lykkast, sjølv om stillinga har vore utlyst tre gonger. Eit slikt null-resultat har fått politikarane til å reagere, og i kommunestyremøtet i slutten av oktober blei administrasjonen utfordra til å kome tilbake med fem punkt å jobbe med for å rekruttere lege.
I kommunestyremøtet i november orienterte kommunalsjef Berit Ramsvatn-Kemp om arbeidet så langt, og tankar for vidare jobb med å rekruttere lege i fast stilling.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg skjønar at politikarane er opptekne av saka og bekymra, det er administrasjonen også. Me hadde kvalifiserte og gode søkjarar i dei to fyrste utlysingane, men lønskrava blei så høge at me ikkje kunne innfri dei, innleia kommunalsjefen.
Langsiktig
Det blei orientert om ulike grep kommunen har prøva på. Mellom anna har rådmannen vore i kontakt med ein klinikkoverlege på Sjukehuset Telemark. Det enda med ei liste over aktuelle namn å kontakte.
– Éin lege høyrdes veldig interessant ut, heilt til det viste seg at han ikkje har hatt turnus. Då kan me ikkje ta han inn, sa Ramsvatn-Kemp.
Selskapet Placement – som hjelpte Fyresdal med rekruttering av mange nederlendarar for nokon år sidan – skal ha 8 000 kroner for å hjelpe kommunen med å gjere utlendingar kjent med den ledige stillinga.
Skal ein lyse ut stillinga i tidsskrift i utlandet, kostar det rundt 30 000 kroner per land, opplyste kommunalsjefen. Om ein brukar eit byrå som skal prøve å få tak i lege, kan prisen kome opp i 80 000 kroner, men det er uvisst om ein då er garantert å få nokon tilsett i stillinga.
– Me kan bruke vikarbyrå slik me gjer no, men det er ikkje å anbefale. Det er veldig dyrt, sa Ramsvatn-Kemp.
I dag leiger kommunen inn to unge legar, der den eine kostar 40 000 kroner i veka gjennom byråavtale.
– Me treng at det er føreseieleg og langsiktig, sa kommunalsjefen om at ein må få på plass ei fast løysing.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje klokt med ny utlysing
Så kom Ramsvatn-Kemp inn på noko ho synest er interessant – tenkje interkommunalt.
– Er det moglegheiter for å sjå på eit felles legekontor med pilotar ut i kommunane? Eg veit slike samarbeid ofte strandar på lokalisering. Då er det enkelt å vere Fyresdal, for ein er så sikker på at ein ikkje får det her, sa ho om felles kontor.
– Å ha felles kommunelege 1 er ei moglegheit å sjå på, fortsette Ramsvatn-Kemp.
Elles har kommunen bruka Nav-base, der ledige stillingar blir lagt ut til EØS-land og Sveits.
– Me fekk kontakt med ein som har autorisasjon og kan jobbe som vikar, men han kan ikkje jobbe i kommunelegestilling fast for han er ikkje allmennlege, sa kommunalsjefen.
Så var det om ein skal velje å lyse ut jobben nok ein gong.
– Det trur eg ikkje er klokt nå. Det kan faktisk bli negativt viss ein går ut endå ein gong og melder eit behov, sa Ramsvatn-Kemp.
Ho undra elles på om det er nokon middel, utanom løn, som gjer at ein kan lokke til seg lege i fast stilling, i tider der legane ofte søkjer seg inn mot byområde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avvise høge lønskrav
Ordførar Erik Skjervagen (Ap) minna om at Fyresdal har hatt god legedekning i mange år, og han har ikkje gjeve opp håpet om at det skal bli slik att. Men høge lønskrav kjem ikkje kommunen til å innfri.
– Me aksepterer ikkje eit lønsnivå på 1,3–1,4 millionar kroner. Legane i Fyresdal er dei best betalte i kommunen uansett, dei tener over ein million. Me er på linje med andre kommunar i Vest-Telemark. Me må finne den rette som vil vere her, og då er det god nok løn, sa Skjervagen.
Ramsvatn-Kemp skaut inn noko om nemnte lønskrav på opptil 1,4 millionar kroner for å seie ja til å bli fast lege i Fyresdal.
– Lønskravet var faktisk mykje meir enn det …, sa ho.
– Ja, då var det endå verre då, svara ordføraren.
Per Helge Seltveit (Sp) syntest det høyrdest interessant ut med eit felles interkommunalt legekontor. Då svara ordføraren dette:
– Eit slikt stort kontor trur eg er utopi. Me har hatt ein del diskusjonar i Vest-Telemarkrådet om det.
Tone Irgens Veum (Sp) kom med ynske om at det blei sett i gang reelle forhandlingar med nabokommunar om det går an å tenkje seg ei form for fellesskap for legane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har eg veldig lita tru på, det er feil spor å jobbe med nå. Andre kontor har relativt bra med legar nå, og tenkjer ikkje i dei banar i det heile. Og det er kommunar som ikkje ynskjer å vere med i eit slikt samarbeid uansett, svara ordføraren.
Treng lure forslag
Veum kom med eit spørsmål til rådmannen:
– Bryr fylkeslegen seg om at kommunen ikkje har lege? Eller er det utanfor hans område? Har det vore kontakt med han?
Rådmann Ketil O. Kiland opplyste at ein ville ta kontakt med fylkeslegen for å høyre om det er moglegheiter for hjelp derfrå.
Ordføraren prøva seg med ei oppsummering, og ynskte ikkje å bruke opptil 80 000 kroner til ein byrå viss ein ikkje får resultatgaranti om at dei ordnar lege. Han tenkte heller å bruke Placement, og i tillegg lyse ut stillinga i dansk og tysk legeskrift.
– Det skal seiast opp ein del legar på Sjukehuset Telemark, så det kan losne. Og det er nokon legar der ute i dag som er ledige, sa Skjervagen.
Så kom han med ei oppmoding:
– Alle kjenner ein lege her og der, så me bør prøve å kontakte nokon, forhøyre oss. Me kan like godt lykkast med ein slik strategi.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er det andre lure forslag? Det trengst, fortsette han.
Han avslutta legesaka med desse orda:
– Det er så gode vilkår og såpass bra å jobbe her, at det burde vere attraktivt. Med to legar her er dei godt betalt og ikkje overarbeidde. Eg kan eigentleg ikkje skjønne at me ikkje får lege.