Meiningsmåling eller manipulering?

På informasjonsmøte i Morgedal den 19/4 vart det sagt at Kviteseid kommune skulle gjennomføre ei opinionsundersøking i veke 18 og 19. Ordføraren sa då at det skulle vera 5 til 6 enkle spørsmål. I undersøkinga var det 26 spørsmål, 22 av spørsmåla er veldig generelle, 4 er heilt konkrete, men berre eit av desse er spørsmål om kva du ønsker. Dei vert enkelt framstilt, men i røynda er dei svært kompliserte å gje eit korrekt svar på. F.eks:på ein skala frå 1 til 5, vil kulturtilbodet bli betre eller dårlegare? Ein kommune med litt over 5000 innbyggarar vil neppe ha meir enn ein kulturskule. Vil dette bli ei styrking, eller svekking av kulturtilbodet? Med berre ein kulturskule, vil det truleg berre vera att ein hornmusikk. Kvar skal dei spela 17. mai?

Avdi eg fekk mistanke om at spørsmåla ville vera ledande, ba eg kommuneadministrasjonen om å få sjå dei. Det fekk eg ikkje, spørsmåla var hemmelege. Mistanken min vart då styrka. I røynda er ikkje spørsmålstillinga ledande, men dei er veldig psykologisk lagt opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er desse spørsmåla laga av eit rådgjevings/pr-byrå?

Er spørsmåla godkjent av kommunaldepartementet og kjem dei derifrå?

Kven har vedteke at Kviteseid kommune skal gjennomføre oponionsmåling?

Kva skal denne målinga nyttast til? Ho vart gjennomført etter at intensjonsavtala var ferdig forhandla, og kan ikkje nyttast til å påvirke denne. Undersøkinga vart avslutta 9. mai, og vert difor klar berre nokre få dagar før folkeavstemminga. Er det rett at den einaste oppgåva meiningsmåliga har er å påvirke oss om kva vi skal stemme?

Spørsmål som burde vera aktuelle, men som eg ikkje fekk er:

– Ynskjer du ein felles Vest-Telemark kommune?

– Kan du nemne eit eller fleire eksempel der Kviteseid og Seljord har felles interesser?

– Har du fått tilsendt intensjonsavtala, eller blitt kjent med han på annan måte?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du klar over at intensjonsavtala kan gjerast om eller fjernast på første felles kommunestyremøte?

– Synest du det er greitt at den kommunale gjelda aukar med over 50% pr inbyggar i Kviteseid som følge av samanslåinga?

– Kan du nemne eksempel der to nesten like store kommunar har slege seg saman og innbyggarane er nøgde?

– I røynda har kommunen sitt forhandlingsutval gjeve bort alle dei viktigaste funksjonane, og gjeve Seljord reint fleirtal, når Seljord fekk skuve ut Nissedal. Vil dette vera ein styrke eller svakhet dersom me i ein runde nr. to skal forhandle med fleire kommunar?

– Me er i dag så små at me treng interkommunalt samarbeid, kan du nemne ei eller fleire oppgåver me vert store nok til å løyse med ei samanslåing av Kviteseid og Seljord?

– Kven av desse tenestene er det heilt greitt at Kviteseid mistar? 1. ordførar, 2. rådmann, 3. legekontor, 4. domstolane, 5. lensmannskontoret, 6. kyrkjekontoret?

– Kva bør den nye kommunen heite? 1. Kvise , 2. Brøløs, 3. Nesbukti , 4. Brunkeberg, 5. Morgedal, eller 6. eventuelt andre alternativ?

Til slutt spurte representanten frå Norstat om korleis det hadde gått i lamminga, det var jau eit hyggeleg spørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Fjalestad