«Av og til er det litt kjedeleg å ha den stemma eg har»
Ingebjørg Bratland har aldri kjent på eit så stort forventingspress som no. På sitt tredje soloalbum har ho våga meir enn før.
– Beklagar veldig at eg er litt sein. Eg møtte kjentfolk eg berre måtte rø litt med på vegen.
Ingebjørg Bratland har hasta inn på restauranten, og kasta av seg den grøne haustkåpa. Ho har gått nokre minutt frå leilegheita på Grünerløkka til Youngstorget. Du veit torget midt i Oslo der Arbeiderpartiet har kontor i den raude høgblokka som ser ned på grønsakshandlarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var ikkje kven som helst Ingebjørg møtte på sin veg. Men akkurat no er me mest opptekne av det som skjer i det du les dette. Det tredje albumet «Hjarteskjel» er i dag ute der du høyrer musikk.
Har lagt vekk perfeksjonisten
– No som plata er ferdig er eg inne eit slags vakuum. Det var veldig stress med å få alt ferdig til fristane, men etter det har det berre vore å vente. Eg er veldig spent på kva folk vil synes.
To år er gått sidan ho gav ut albumet «Månesinn» til strålande kritikkar. Folket tok det like godt imot, over 40.000 kjøpte plata hennar. Ho har noko å leve opp til.
– Eg føler eigentleg litt ekstra press denne gongen. Førre skive gjekk jo så bra, den selde bra og mange kom på konsertane. Både eg og dei rundt meg har høge forventingar. Eg kjenner det blir litt spennande.
Likevel verkar ho roleg og lite oppjaga. Det er tredje gongen no, og 27-åringen har blitt ein erfaren og etablert artist. Ingebjørg meiner ho har lagt vekk perfeksjonisten i seg. Ho må ikkje lenger synge den same songen hundre gonger i studio for at alt skal bli heilt perfekt. Ho tek litt lettare på det og har ifølgje seg sjølv blitt litt lat.
– Det blir ikkje så polert då. Eg trur det er bra, berre det ikkje bikkar heilt. Eg gjev ikkje heilt faen liksom, seier ho flirande.
Fire produsentar på eitt album
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette albumet er spesielt på mange måtar. Der dei aller fleste har ein produsent, klarte Bratland aldri å lande på ein. Fire produsentar kom til slutt gjennom nålauget etter ein omfattande utveljingsprosess som ho vel å kalle ein slags dating.
– Eg sleit litt med å finne dei rette personane. I løpet av det siste året har eg vore innom sju produsentar. Til slutt fann eg ut at fire av dei kom vidare til Oslo, smiler ho og held fram.
– Det er jo veldig rart å kome inn i eit studio og skulle skrive saman ein person du aldri har møtt. Ingen av dei hadde same dialekt som meg akkurat, så det blei til at eg skreiv sjølv då eg kom heim. Men eg har blitt fornøgd altså.
Produsentdatinga har ført til eit variert album der Bratland er innom fleire stilar. Der det fyrste albumet var nedpå, strengbasert og ganske akustisk, og det andre hadde fleire elektroniske element i, er «Hjarteskjell» ei god blanding av dei to.
– Det har meir kantar, om du skjønnar. Lydbilete er røffare. Og den er veldig variert. Då eg skulle bestemme rekkjefylgja på låtane, var det nesten så eg tenkte, den låta er jo litt malplassert. Men den raude tråden er uansett stemma mi. Noko som både er bra og au litt kjedeleg.
Bør utfordre meir
Det er kanskje litt vanskeleg å skjøne. Ho som har ei stemme sjølv kongen har tørka ei tåre av. Ingebjørg meiner likevel særpreget i stemma hennar gjer det vanskelegare å overraske publikum.
– Uansett kva slags låt eg får i fanget, blir det på ein måte takla på same måten. Difor er det av og til litt kjedeleg å ha den stemma eg har. Sjølv om eg veit eg skal vere takknemleg for det særpreget eg har. Eg veit det er difor eg har kunna leve av dette frå såpass ung alder. Kanskje bør eg utfordre stemma litt meir, men når ein har funne ein stil er det trygt å halde på den.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nettopp difor var det så viktig å få på plass dei rette produsentane. Det er dei som formar drakta til tekstane Bratland hovudsakleg skriv sjølv. Det er der ho har våga. Akkurat som Dagbladets musikkmeldar meinte ho burde gjere då han gav terningkast til førre album.
– Kanskje eg tok til meg det han sa. Eg har våga meir no. Generelt er det nok det mange kan seie til meg. Og produksjonen på førre album var nok ganske snill. Dei eg har jobba med no er tøffare og dette albumet har blitt det tøffaste frå mi side.
Songane er som skjøre musklar
Albumnamnet kom til ho på ei solseng ved eit basseng i Frankrike. Lista var lang, Ingebjørg brukte elimineringsmetoden og «Hjarteskjell» gjekk av med sigeren.
– Det er mange som spør: er det mat eller er det skjellet? For meg er det båe delar. Hjarteskjell er ein liten skjør muskel, som ligg inni i noko som er hardt. For meg er desse songane små skjøre musklar, som er pakka inn i eit skjell. Også likar eg å ete det då.
Dei personlege tekstane er på mange måtar kamuflerte og pakka inn i eit skjell. Du les ikkje dagboka til Ingebjørg Bratland i tekstane hennar.
– Det er jo dine tankar og kjensler som du deler med folk. Difor kjennes det godt at det er inne i eit skal og at eg ikkje brettar dei ut på eit sylvfat. Tekstane er jo veldig personlege, sjølv om eg også blir inspirert av andre sine historier, bøker eg les og bilete eg ser. Men då eg høyrde gjennom tenkte eg med ein gong, jaja Ingebjørg, kvar av desse låtane handlar jo om deg.
Ingebjørg ler godt, hiv kåpa på seg og går ut i solskinet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Karrierehøgdepunktet
Ute på torget er det haust og lauvet flyg rundt grønsaksbodane. Bratland beklagar seg for at ho ikkje får sjå haustfargane heime i Vinje. Det er travle dagar med albumslepp og øving til haustens miniturné i dei fire største byane i landet. Vinbyggjen når stadig breiare ut i befolkninga og trekkjer meir publikum frå alle aldrar.
Musikken hennar har blitt strømma meir enn 25 millionar gonger, og mange yngre oppdaga ho nok etter samarbeidet med rapartisten, Lars Vaular i fjor. Og ja, det var han ho berre måtte rø litt med på vegen hit.
Kanskje er det det samarbeidet som gjer at hovudstadens storstove, Oslo spektrum blir fylt opp med Ingebjørg Bratland-fans i alle aldrar i slutten av november.
– Dæven døtte, det er vilt. Eg tenkte Oslo spektrum var å sikte litt vel høgt. Det var ikkje min idé for å seie det slik. Eg er jo ikkje veldig ambisiøs.