Turistsjef i Rauland Turist, Torben Andersen, meiner omsynet til kundane er det viktigaste. Ifølgje han vil kundane ha kommunikasjonen på bokmål.
Turistsjef i Rauland Turist, Torben Andersen, meiner omsynet til kundane er det viktigaste. Ifølgje han vil kundane ha kommunikasjonen på bokmål.

Meiner reiselivet bryt med god språkrøkt

Vinje mållag er kritisk til korleis kommunen vert marknadsført på dei lokale reiselivssidene. Kritikken går særskilt på målbruken, der nynorsk i stor grad er fråverande.No skal målbruken, som ein del av rullering av næringsplanen, handsamast i kommunestyret.

– Me ser den manglande bruken av nynorsk blant mange i det lokale næringslivet som svært alvorlig. Det er ikkje tenkt enkeltmannsforetak der eigarane er bokmålsbrukarar. Det store problemet er at hovudmarknadsføringa i Visit Rauland, Visit Vinje og Visit Haukeli skriv hovudsakene sine på bokmål, uttrykkjer leiar i Vinje Mållag, Ragnvald Christenson, i eit brev til Vinje kommune.

Mållaget har sett seg lei på at reiselivet i kommunen konsekvent marknadsfører seg på bokmål, og meiner Vinje kommune no må ta grep. Dette grunngjev dei mellom anna med at kommunen er ein av dei største aksjonærane i Visit Rauland, og dermed kan stille krav til kva for målform som skal nyttast i marknadsføringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen stør lag og foreningar økonomisk, og då må ein også kunne legge føringar for målbruken, seier Christenson.

Identitet

Han er også kritisk til korleis reiselivet i kommunen er organisert.

– Slik det er i dag så har ein tre kommunar i ein kommune. Ein må finne ei form der Vinje kommune som heilskap vert marknadsført, og det må skje på nynorsk. Me er så heldig at me har ei dialekt som ligg tett opp til det nynorske skriftspråket. Det er ein viktig del av vår identitet, og difor er det sjølvsagt at ein også skal marknadsføre seg på det skriftspråket, slår Christenson fast.

Vinje Mållag, her ved leiar Ragnvald Christenson, er svært kritisk til målforma som vert nytta til å marknadsføre kommunen på lokale reiselivssider. Mållaget meiner kommunen no må ta grep.
Vinje Mållag, her ved leiar Ragnvald Christenson, er svært kritisk til målforma som vert nytta til å marknadsføre kommunen på lokale reiselivssider. Mållaget meiner kommunen no må ta grep.

Målbruksplan

I 2011 vedtok Vinje kommune Målbruksplan for Vinje, som mellom anna seier at det offisielle skriftspråket i kommunen skal vere nynorsk. Det tyder at alle tilsette og alle kommunale organ pliktar å nytte nynorsk som skriftspråk i tenesta. Vidare i målbruksplanen heiter det også at kommunen vil arbeide for å få til eit samarbeid med dei næringsdrivande i kommunen om å drive god språkrøkt i lysingar, skilting og anna marknadsføring.

– Dette har vore tema i mange, mange år, og det er difor me no har tatt initiativ til at ein også ser på målbruken i samband med rullering av næringsplanen, seier ordførar i Vinje kommune, Jon Rikard Kleven.

Sjølv er ikkje ordføraren i tvil om at all marknadsføring i kommunen bør vere på nynorsk.

Målmedviten kommune

– Eg meiner at kommunen bør framstå som ein målmedviten kommune. Språket er ein del av identiten vår. Me prøvar å etablere eit Vinjesenter som mellom anna skal vere berebjelken for nynorskbruk på Austlandet, og då er det naturlig at ein også marknadsfører seg på nynorsk, seier Kleven.

Ordføraren er klar på kva han meiner om kva for skriftspråk som bør gjelde i kommunen, også i marknadsføring. Det er likevel opp til kommunestyret å avgjere kva for krav som vert stilt til reiselivet når det gjeld målbruken i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I rulleringa av næringsplanen ligg det inne eit vedlegg som omhandler reiselivssatsinga i kommunen, der ein mellom anna kjem inn på bruk av nynorsk. Ein ser at ein full overgang til nynorsk har marknadsmessige sider og kan vere ressurskrevjande å gjennomføre i det daglege. I forslaget til rullering av næringsplanen hevdar ein at det kan finnast kombinasjonar som kan bidra til å løyse utfordringa med målbruken, og at aktørane uansett bør ha eit medvite tilhøve til problemstillinga.

– Kundane våre forstår ikkje nynorsk

Torben Andersen, turistsjef i Rauland Turist, er kjend med kritikken om målbruken på reiselivssidene. Likevel er han tydeleg på at det er omsynet til kundane deira som avgjer skriftspråket på nettsidene.

– Nettsidene er i all hovudsak for våre besøkjande turistar. Størsteparten av turistane som kjem hit er danskar. Faktisk er me ein av dei største destinasjonane her i Noreg når det gjeld danske turistar, og dei forstår rett og slett ikkje nynorsk, seier Andersen.

I tillegg nyttar ein stor del av hyttefolket i kommunen seg av nettsidene, og dei ynskjer at informasjon skal bli publisert på bokmål.

Hyttefolk vil ha bokmål

– Me gjennomførte ei undersøking blant hyttefolk i kommunen som mellom anna gjekk på dette med målbruk. Sjølv om turistar syns det er flott å høyre dialekt medan dei er i kommunen, så ynskjer dei skriftleg kommunikasjon på bokmål. Det er kundane våre me må ta omsyn til, slår Andersen fast.

Han syner også til at nettrafikken truleg ville ha gått ned dersom ein la om frå bokmål til nynorsk.

– Me jobbar mykje med søkjeord, og når folk søkjer på nett så er det gjerne på bokmål. Me ville difor ha mista ein del av nettrafikken vår dersom me skulle ha nytta søkjeord på nynorsk, seier Andersen. Han syner til at i heile fjor var det til 350 000 menneske som til saman var innom nettsidene deira 1,2 millionar gonger.

Fellesportal

Turistsjefen syner også til at nettsidene er ein fellesportal for dei største reiselivsverksemdene i kommunen, noko som bidreg til den store nettrafikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Verksemdene publiserer sine saker på desse sidene. Nokon skriv på bokmål, medan andre skriv på nynorsk. Det er ikkje slik at me er imot at det vert publisert saker på nynorsk, men når det kjem saker på bokmål så skriv me ikkje desse om. Det vil krevje heilt andre ressursar enn det me disponerer, slår Andersen fast, og vektlegg nok ein gong at deira fokus er på kundane.