Det var stor interesse for det ope møtet om Kraftfond-Møsstrond som blei halde på grendehuset onsdag kveld.
Det var stor interesse for det ope møtet om Kraftfond-Møsstrond som blei halde på grendehuset onsdag kveld.

Ynskjer eit fond som gagnar bygdi og området

Nær 30 personar møtte fram på det opne møtet om Kraftfond-Møsstrond på Hovden. Før sommaren bør dei nye vedtektene for fondet vere klare, meiner styreleiar Øystein Høgetveit.

Dei frammøtte på grendehuset på Møsstrond onsdag kveld var samde om at det er bra at ei arbeidsgruppe skal sjå nærare på vedtektene for Møsstrond-Kraftfond. Dei var opptekne av at fondet skal stø opp om tiltak som gagnar bygdi og heile Møsstrond som område.

Leiar av kraftfondsstyret, Øystein Høgetveit, leia møtet der styret orienterte om kraftfondet, korleis det blei til, vedtektene som er gjeldande og bad om innspel til kva møsstrendingane ynskjer at fondet skal bli bruka på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva bør fondsstyret vektleggje? Ei arbeidsgruppe er i gang med å sjå på vedtektene frå 2016, dei må vurdere om det er naudsynt å spesifisere endå meir. Arbeidsgruppa skal ha nytt møte nå i februar der dei må vurdere vedtektsendringar og kome med eit forslag til kommunestyret, uttala Høgetveit. Han vonar at kommunestyret og Fylkesmannen har sine vedtak på plass i løpet av sommaren slik at fondsstyret kan arbeide ut frå nye vedtekter neste haust.

Ynskte presisering av område

Spørsmål som tidlegare har blitt stilt, og som blei gjenteke på møte, er til dømes kva område kraftfondet skal dekkje. Dette seier ikkje dagens vedtekter noko direkte om. Bjørn Skinnarland er oppteken av at midlane frå fondet skal gå til Møsstrond.

– Om ein ser på dei gamle vedtektene er det presisert kva område som gjeld, til dømes med kva eigedomar som grensar til Møsvatn. Det er mykje bra å hente i dei gamle vedtektene, oppmoda Bjørn Skinnarland, og kom med ynske om ryddigare ordlyd i komande vedtekter for kraftfondet.  

Høgetveit meinte at dette var noko arbeidsgruppa kunne ta med i det vidare arbeidet, og fortalde også at styret lenge hadde diskutert punktet i vedtektene som handlar om at ein ikkje skal stø dagleg drift, og at å slå eit jorde er vel eigentleg dagleg drift.

– Eg meiner personleg at det var heilt rett å stø tiltak som ivaretek kulturlandskapet på Møsstrond. Det ville vere synd om ein ikkje tok vare på kulturlandskapet. Det var difor me i 2017 kom fram til at styret ville gje stønad til dei som beitepussa og slo arealet sitt. Det blei utbetala om lag 300 000 kroner til dette. Men det er ikkje sikkert at dette blir noko me stør årleg, seier Høgetveit.

Han la til at det også var gjeve tilskot til stikking og fellesareal på Varland i 2017.

Heller ljos i glasa

Næringssjef i Vinje kommune, Toril Nicolaisen, opplyste om at det også er gjeve tilskot til private vegar på Møsstrond frå kraftfondet.

– Til dømes vegen til Hove. Det er vedteke av kommunestyret at private vegar på Møsstrond kan få utbetalt tilskot frå kraftfondet, uttala Nicolaisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Debatten gjekk vidare om kva andre område kraftfondet kunne bidra med midlar, som til dømes steinrydding i båthamna på Varland, eller om det ville vere mogleg å samarbeidd med grunneigarlaget på Møsstrond om innkjøp av ein ny lekter.

– Det er i alle høve viktig for meg at kulturlandskapet blir ivareteke. Om det bur folk på plassane eller ei, uttala Høgetveit.

– Eg meiner at tilskot skal bli gjeve til dei få som bur på Møsstrond. Det er ikkje mange, uttala Trygve Vågen.

– Men det er då triveleg for dei som bur her å sjå at det blir slått gras på naboeigedomen, undra Høgetveit.

– Eg skulle heller sett ljos i glasa, enn at graset blir slege, konkluderte Hill Romtveit.

– Det er sant som Trygve seier, det er viktig med busetnad for å halde kulturlandskapet i hevd, la Skinnarland til.

I tillegg til leiar Øystein Høgetveit finn ein nestleiar Asbjørg Neset og styremedlemmer Halvor Lien, Kjetil Vaagen og Gunn Seltveit Bøe i Kraftfond-Møsstrond.

Dagens vedtekter

Dagens vedtekter for Kraftfond-Møsstrond blei vedteke av Vinje kommunestyre og Fylkesmannen i Telemark i 2016, og erstatta dei tidlegare reglane for Møsstrond bustadfond.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vedtektene til kraftfondet står det mellom anna at fondskapitalen består av 25 millionar kroner innbetalt av Øst-Telemarkens brukseierforening, og det er avkastning av denne kapitalen ein kan nytte kvart år i tillegg til 22,5 prosent av konsesjonsavgiftene knytt til 1942-reguleringa. I 2017 hadde kraftfondsstyret høve til å nytte 750 000 kroner, men berre 450 000 kroner blei bruka.

Avkastninga av kraftfondet skal i hovudsak bli nytta til næringsføremål og kommunale og private fellestiltak på Møsstrond. Fellestiltak som kvart år kan få støtte er til dømes felles snøskuterløype og snøskuterveg, felles lagerbygg eller sanitæranlegg på Varland. Det står også at tiltak som kan styrke busetnaden på Møsstrond skal bli prioritert.

Fondsmidlane kan ikkje bli nytta til dagleg drift av kommunen, ein kan ikkje stø verksemder for å dekkje renter, avdrag på lån eller dagleg drift og ein bør ikkje stø verksemder som mottek store overføringar frå staten. Kraftfondet bør heller ikkje bli nytta til aksjeteikning i private verksemder.

Styret i kraftfondet blir oppnemnd for fire år av gongen, og minst to av medlemmene skal vere busett på Møsstrond. Fondsstyret kan utforme nærare reglar for tildeling av midlar, men kan i kurante saker delegere avgjerdsmynde til administrasjonen i Vinje kommune, står det i vedtektene.