Aasmund Nordstoga hadde premiere med bandet sitt under folkefesten i Vinjehuset. Lokalet var sprengd av tilhøyrarar då han framførte viser frå debutplata «Visefugg».
Aasmund Nordstoga hadde premiere med bandet sitt under folkefesten i Vinjehuset. Lokalet var sprengd av tilhøyrarar då han framførte viser frå debutplata «Visefugg».

Folkefest med brask og bram

Aasmund Nordstoga med band var det store trekkplasteret under folkefesten Vinje kommune skipa til laurdag for å feire med brask og bram at dei er Noregs kulturkommune 2009. Vinbyggjane strøymde til Vinjehuset for å ta del i festen og oppleve smakebitar frå eit stort og allsidig kulturliv.

Ordførar Arne Vinje sa i festtala at når ein er medviten på eigen kultur og identitet, så skaper det trygge menneske. Tryggleiken gjer at vinbyggjen ikkje er redd for å opne seg, og det har mellom anna letta integreringa av flyktningane. Eg er glad for å leie ein kommune der det ikkje herskar politisk strid om kultursatsinga. Kulturlivet i Vinje skal vere nyskapande, involverande og inkluderande, og heile tida ser me at det vert skapt noko nytt, sa ordføraren.

Overraskande vart Vinje i 2008 peika ut som Telemarks kulturkommune, og i februar i år valde Stortinget kommunen som heile Noregs kulturkommune. Viljen til brei kultursatsing og god planlegging vart trekt fram som sentrale element for at Vinje seira i kamp med Modum og Karmøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utan innsatsen til Signe Marie kunne me sett langt etter å verte Noregs kulturkommune. Ho er mykje meir metodisk og systematisk i arbeidet sitt som kultursjef enn mange trur, understreka Arne Vinje.

Stolte vinbyggjar

I Vinjehuset var det mange stolte vinbyggjar i alle aldrar å sjå. Tilstrøyminga til folkefesten var upåklageleg. Festen byrja med at borna flokka seg på golvet for å oppleve Cirkus Sibylla si framsyning. Etterpå tok dei to sirkusartistane ungane med på workshop og lærte bort fleire sirkuskunstar som dei etterpå fekk syne fram.

11 lag og organisasjonar viste seg fram i idrettshallen, og gav eit levande inntrykk av det allsidige kulturtilbodet i kommunen der tradisjon og nyskaping går hand i hand. Fylgjande viste kva dei driv på med: Flyktning hjelper flyktning, Raulandsakademiet, Høgskulen i Telemark, skyttarlaget, Litteraturdagane i Vinje/mållaget, Vinje historielag, Vinje handverkslag, pensjonistlaget, folkeakademiet, sjakklubben i Øyfjell og Rauland historielag.

Imponerande breidde

Etter at Haukeli-Edland Musikkorps og Rauland Musikkorps spelte feiande marsjar i vestibylen, fekk me oppleve smakebitar frå det lokale kulturlivet i festsalen. Vinje songlag opna seansen før elevar frå kulturskulen baud på fem nummer frå Ungdomens kulturmønstring. Folkemusikkstudentar frå Rauland fekk demonstrert gjennom felespel og kveding den høge kvaliteten det er på undervisninga.

Biletkavalkaden assisterande rådmann Sissel Bitustøyl hadde sett saman i samband med kommunens presentasjon i Stortinget, vart synt til song og gitarspel frå scenekanten av Ingebjørg Harman Bratland.

Smekkfull Vinjesal

Aasmund Nordstoga og hans band som har stor suksess med CD-plata «Visefugg» hadde premiere utanom Oslo, i Vinjehuset. Sjeldan har det vore trongare om plassen i Vinjesalen enn under denne konserten på heimebane for mjølkebonden på Plassen. Visene Aasmund og bandet hans har plukka ut, trefte folk i hjartet.

Ein vellukka folkefest vart avslutta med dans i idrettshallen med folkemusikkstudentar og bandet Gråsprengd.