Lite å utsetje på utkledinga under «julibordet».
Lite å utsetje på utkledinga under «julibordet».

Fargerik festival

Nøgde festivalgjester fekk servert alt frå dansebandslagerar til lokalprodusert rjomegraut.

Dersom du følgjer oppskrifta: «tusenvis meir eller mindre danseglade menneske, eit knippe kjende internasjonale og nasjonale musikarar, ein ganske stor campingplass og ei handfull cowboyrekvisittar», som du til slutt blandar saman i ei bygd i Vest-Telemark, har du mest sannsynleg laga din eigen Seljordfestival. Heile 17 000 stykk fann vegen til Seljord i løpet av føregåande helg, for å sjå band og artistar som Smokie, Johnny Logan, Bellamy Brothers og Ole Ivars. Musikarane leverte varene, og Dyrskuplassen var i løpet av festivalen nærmast ei oase av folkeleg atmosfære. Kvar enn du gjekk var du omringa av glade menneske, anten du svinga deg på eit dansegolv, slappa av på campinga, eller om du oppsøkte fast og/eller flytande føde i eitt av dei mange serveringstelta.

«Julibord»

Forutan dei ulike konsertane, var campinga ein stad mange hadde funne vegen til. Det vart grilla, drukke, prata og til og med leika på området, som i år talde 1700 ulike campingeiningar. Folk hadde slått opp telt og parkert campingvogner tett i tett, og ein kunne utan store problem sjå at folk kosa seg i det fine vêret som festivalen var velsigna med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei som tilsynelatande kosa seg mest var ein vennegjeng frå Sarpsborg. Dei har dei siste fem åra via ei helg i juli til festivalen i Seljord. Gruppa på 26 har som tradisjon å feire det dei sjølv kalla «julibord» på Seljordfestivalen, og hadde dekt opp eit stort langbord med både ribbe, peparkaker og gløgg, samtidig som dei sjølve var kledd i juleinspirerte antrekk.

– Me elskar å kle oss ut, svara Unni Halvorsen Tovik, ein av pådrivarane bak tradisjonen. Vidare kunne ho fortele at det i tillegg til maten og kleda også vart spela julemusikk og gått rundt eit juletre.

– Men det har dessverre brunne ned, ler ho.

Sarpingane, som alle er i alderen 45-65 år, er også fulle av lovord angåande sjølve festivalen.

– Det er kjempebra her, atmosfæren er så god, og musikken er enda betre, seier Tovik, før ho legg til at dei sjølvsagt kjem tilbake neste år.

Mange i arbeid

For å få ein slik festival til å fungere, krevst det også ein del arbeidarar. Anten dei sel mat og drikke, riggar scener eller organiserer diverse ting, legg dei ned mange timar for at alt skal gå så knirkefritt som mogleg.

To av desse arbeidarane heiter Asgeir Storrusten og Knut Tore Brubakk, høvesvis frå Flatdal og Høydalsmo. Dei synes begge at festivalen er ein fin sommarjobb.

– Det er veldig ålreit, du møter mange mildt sagt interessante menneske, i tillegg til at du får veldig mange varierte arbeidsoppgåver, så tida her gjeng veldig fort, seier Storrusten, som blant anna har forsørgja gjestene med kortreist rjomegraut og norskprodusert øl.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg er det jo ganske mange artige situasjonar, for det er jo ein del alkohol i omløp her, ler Knut Tore Brubakk, på si side arbeider med å organisere campinggjestene.

– Men frå spøk til alvor, eg trur det er ei god erfaring, for ein lærer veldig mykje, legg han til.

Lokale leverandørar

I år hadde arrangørane bytta ut mange av dei tradisjonelle matleverandørane. Som eit alternativ til den sedvanlege festivalmaten, kunne ein i år få kjøpt mat og drikke levert av aktørar frå området. Ein kunne få pølsebrød laga på Kakeringen i Åmot, rjomegraut frå Flatdal eller kjøtprodukt frå Våmartveit. Sistnemnde var det Vinje Slakteri som stod for, og i tillegg til Seljordfestivalen har dei også avtaler om å levere kjøtt til Countryfestivalen seinare i sommar, samt at dei sjølv skal ha stand på fleire andre festivalar. Eigar Knut Erik Jordstøyl var naturlegvis godt nøgd med å få eit slik oppdrag.

– Me har levert 1200 kilo kjøtt til festivalen. Alt frå edelgris til elgburger. Det betyr sjølvsagt veldig mykje for slakteriet. Så sant kundane er fornøgde er det veldig bra for omdømet vårt. Eg trur og mange festivaldeltakarar set pris på å få skikkelig mat, som attpåtil er lokalprodusert, seier Jordstøyl, som saman med Aslaug Kostveit eig og driv slakteriet.