Ragnvald Skrede blei aldri dømt av raulendingane
Ragnvald Skrede blei ønskt velkomen til Rauland, også etter at han i lagmannsretten på Gjøvik i 1936 blei dømt for seksuelt misbruk av elevar på Vågåmo skule.
Det kom klart fram då forfattaren Egil Ulateig på eit møte på Raulandshuset torsdag kveld presenterte boka si om Skredesaka. Mens professor Otto Hageberg i «Svidd sjel», Skrede-biografien sin av året, ikkje tek stilling til skuldspørsmålet, er Ulateigs bok «Korsfestelsen» ei blank frifinning av læraren som seinare blei ein av landets fremste lyrikarar og litteraturkritikarar. Saka mot Skrede var eit politisk komplott sett i verk av storbønder og konservative i det sterkt klassedelte Vågå, og komplottet var hundre prosent vellykka i den forstand at Skrede blei dømt til tre års fengsel og frådømt retten til å vera lærar, hevda Ulateig.
Då han reiste attende til Vågå sommaren 1934, hadde Ragnvald Skrede og kona Johanna fleire gode år bak seg i Rauland. Da dei flytta hit i 1928, glei Skrede straks inn i eit miljø av kunst- og kulturinteresserte, og han var aktiv i ungdomslagsarbeid og som kulturarbeidar ved sida av skulearbeidet. På møtet på Rauland fekk vi Aslak Juvlands og fleire eldre raulendingars ord på at Skrede var svært avhalden som lærar, sjølv om han kunne slå i bordet og vera streng. Og han tok seg like mykje av ungar frå tronge kår som dei som kom frå gardane, fortalde Torill Nicolaisen med faren som kjelde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei gåte
Kvifor han så søkte seg attende til heimbygda, der familien Skrede var sterkt stigmatisert, mellom anna på grunn av skilsmissa mellom foreldra og ein eldre bror som i 1924 blei dømt som drapsmann, er ei gåte for fleire enn lesjaværingen Ulateig. I Vågå engasjerte Skrede seg også sterkt i samfunns- og kulturliv, og han blei jamvel formann i skulestyret for Arbeidarpartiet.
1. mai i 1935 var det to personar som gjekk under den raude fana på Vågåmo. Den eine var Ragnvald Skrede. Dei borgarlege i Vågå kjempa mot alt som smakte av sosialisme, men same året kom likevel «revolusjonen» til bygda: Syver Kleiven blei ordførar for Arbeidarpartiet. Seinhaustes året etter fall dommen på Gjøvik, sa Ulateig, og viste fram oppropet som 25 «samfunnsstøtter» i Vågå telegraferte til lagmannsretten. Aktor, den seinare justisministeren i Quislings regjering, Sverre Riisnæs, las det opp under rettsforhandlingane. Det var dette nettverket som felte Ragnvald Skrede, hevda Ulateig.
Reiste seg
Etter å ha sona dommen i Botsfengselet vende Skrede heim til Rauland, der Johanna framleis arbeidde som lærar. Her var han på vegarbeid i Grungedal, dreiv med direktesal av bøker, og under krigen sat han i forsyningsnemnda, der han sikra motstandsrørsla ekstra matrasjonar.
Eit anna menneske ville ha blitt slått ut av ein slik ublid lagnad som Skrede fekk, men han reiste seg. Ikkje lenge etter at krigen var over, flytta familien til Oslo, der han fekk arbeid i Verdens Gang, motstandsrørslas avis, og i 1949 debuterte han med ei diktsamling som blei svært godt mottatt.
Ulateig meinte å kunne slå fast at Skrede, sjølv om han blei sentral i det litterære og kulturelle miljøet i hovudstaden og elles, alltid bar dommen med seg og var merkt av han som diktar. Han peika mellom anna på diktet om «Reven» som går i fella og som ikkje ser annan utveg enn å bite foten av seg. Slik var det med Skrede òg, han gjekk resten av livet som ein triføtt rev. Etter at han freista anke dommen til høgsterett og fekk avslag, blei det lagt lokk på saka, eit svært tett lokk. Ulateig sjølv fekk ikkje kjennskap til Vågå-saka før for eit par-tre år sidan.
Eit gjenhør
Skrede skreiv ikkje berre dikt og bokmeldingar. Han prøvde seg også i andre sjangrar, men høyrespelet «Bjørg» som han skreiv for Radioteateret i 1954, var lite vellykka, meinte Ulateig og illustrerte det med eit redigert opptak av stykket som fortel om korleis bygdesladder kan forgifte. Stoffet var for nært og personleg til at Skrede kunne løyse det ut reint kunstnarleg, sa Ulateig.
Møtet på Raulandshuset blei også eit overraskande gjenhør med lyrikaren Skrede, klokt intervjua av Hartvig Kiran i samband med 60-årsdagen i 1964. I dette innslaget fekk me også overtydande prov på Skredes litterære kvalitetar, med to av hans beste dikt framifrå lesne av Finn Kvalem.