Hideaki Watanabe fotograferar Åsne, Ingrid, Lars og Arne medan Ikuko Nara fylgjer med.
Hideaki Watanabe fotograferar Åsne, Ingrid, Lars og Arne medan Ikuko Nara fylgjer med.

Japansk fokus på norske tradisjonar

Familien Skjøtskift Øygarden i Rauland er ein av fem familiar i landet som skal bli presentert i ei japansk bok om norske tradisjonar. I joli har dei hatt besøk av skribent Ikuko Nara og fotograf Hideaki Watanabe heime på Sud-Øygarden. – Det er så sprøtt at me måtte takke ja, seier Ingrid Skjøtskift.

I 2005 er det 100-års jubileum for det diplomatiske forholdet mellom Noreg og Japan. Den japanske TV-reporteren Ikuko Nara og fotografen Hideaki Watanabe meinte det var eit passeleg høve til å presentere norske tradisjonar for japanarane. Dette blir gjort i ei bok som skal omhandle tradisjonane kombinert med det moderne livet i Noreg. Det er også planar om ei fotoutstilling i Tokyo.

– Me har plukka ut fem familiar i Noreg som me fylgjer i tradisjonelle festelege høve, forklarar Ikuko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Joli har dei tilbrakt på Sud-Øygarden i Rauland hos Arne Øygarden, Ingrid Skjøtskift og borna Åsne og Lars Erik. Familien er ein av dei fem utvalte og det var ikkje nei i deira munn då førespurnaden kom.

– Det er så sprøtt og så moro at me måtte bare takke ja, seier Ingrid.

Arne var litt meir skeptisk av seg, men let seg overtale.

Førebuing og feiring

Det var i vår Ikuko Nara ringte Ingrid med spørsmålet om ho og ein fotograf kunne fylgje livet på garden tett, med tanke på eit bokprosjekt og ei fotoutstilling. I mai var dei til stades i konfirmasjonen til Åsne og no har dei fått oppleve jol i Vest-Telemark. Ikuko og Hideaki har vore med på jolebakst hos Ågot Storlid, hugging av joletre og sjølve joleftan på Sud-Øygarden med risgraut på føremiddagen og fisk som jolemat.

– Me vil sjå korleis joli blir feira, men også korleis den blir førebudd. I Japan er det vanleg å feire nokon timar på joleftan i motsetning til Noreg der de feirar i fire veker. Det er lang feiring for ein dag, seier Ikuko.

– Jolefeiring i Japan er ein kort tradisjon som amerikanarane innførte under krigen. Joletre er det bare barnefamiliar og store butikkar som har og kaker blir kjøpt på eit konditori. Mange et dessutan middagen på restaurant, forklarar Ikuko.

Dei fire familiemedlemmene på Sud-Øygarden har blitt van med at Hideaki er rundt dei med kameraet sitt, og dei har lært seg nokre tips for å få han til å bli ferdig med fotograferinga.

– Me gjer noko spesielt for då veit me at han knipsar bilete, smiler Ingrid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Takksame

– Hadde dei spurt om å kome her for fyrste gong i jola kan det vere me hadde takka nei. Det er noko med det å skulle innlemme andre på ein slik dag. Men no har me blitt så godt kjent at det bare er koseleg, seier ho.

Ikuko og Hideaki er svært takksame for mottakinga dei har fått frå familien på Sud-Øygarden.

– Dei er veldig koselege alle saman. Me likte oss her frå fyrste stund. Det er ein fantastisk atmosfære på garden og ein perfekt familie, kyter Ikuko.

– Det som har imponert oss mest er at garden framleis er i drift samtidig som dei jobbar ved sida, seier ho.

Flotte motiv

Til vanleg jobbar ikuko i Europa for eit japansk TV-selskap og har sin faste base i Wien. Ho fekk sitt fyrste møte med Noreg for 20 år sidan då ho studerte i Ålesund. Sidan har ho vore ein flittig gjest både her i landet og i resten av Skandinavia. Hideaki held til vanleg til i heimlandet og kan ikkje norsk. Dermed må all kommunikasjon gå gjennom Ikuko.

– Den vakre naturen og landskapet er fantastisk og gjev mange flotte motiv. Den gamle garden og gode ljosforhold gjev eit nytt perspektiv til fotograferinga mi, seier han via Ikuko.

På turane til Vinje har dei blitt godt kjent med kommunen, og dei har introdusert Cheddarosten i Japan og Vesaas-kurven andre stadar i Noreg.

Sjølv om familien er van med å ha ein fotograf i huset er ikkje Ingrid heilt komfortabel med kamera. Då VTB vil ta bilete av familien seier ho:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Huff, å bli tatt bilde av er det verste eg veit...