Ei kulinarisk reise i lokal mattradisjon
Bodil Nordjore takka torsdag for tildelinga av Ingrid Espelid Hovigs pris for norsk matkultur med å invitere heile det matfaglege rådet til Vinje og ei kulinarisk reise i den lokale mattradisjonen. Samstundes kjem ho med boka «Bodils fjellmat».
Etter at 17 matekspertar frå hovudstaden hadde vore på Høgskulen på Rauland og fått grundig orientering om matstudiet Bodil Nordjore har fått på beina, ete hennar namngjetne byggraut som ho utvikla i samband med OL på Lillehammer i 1994, og høyrt slåttespel av professor Vidar Landa, gjekk ferda vidare til Vå.
Yvonne Mindre og Gunnar Haugo ynsket fylgje velkomen til gards der velstelte hus, telemarkskyr og geiter danna ei ypparleg ramme for at det er liv laga også for dei mindre gardsbruka i fjellbygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tri telemarks-kalvar som berre var nokre dagar gamle, fekk stor merksemd hjå dei tilreisande. Ingrid Espelid Hovig opplevde at to kalvar fekk namn etter henne. Kvigekalven lyder no namnet Ingros, medan oksekalven heiter Ingemann. Ho sette tydeleg pris på å få to flotte representantar for nasjonalrasen vår, kalla opp etter seg.
Imponerande mangfald
På garden var det dekt til fest med eit imponerande utval av lokale matrettar basert på gardens eigne ressursar. Yvonne kunne be matekspertane til bords. Blant alt det gode som var sett fram, var det røykt pinnekjøt, kjøtkaker, mandeljordeple, gulrøter, gomme, haglette, heimeysta brun geitost, kalvedans med raud saus, moltekrem, tyttebærsyltetøy og kling.
Yvonne og Gunnar gav et framifrå døme på det store mangfaldet i den lokale matkulturen, og kor verdfullt det er at han blir teken vare på.
Heime hjå Bodil Nordjorde på «Blåbærslottet» hennar høgt oppe i lia ved Vinjesvingen med imponerande utsyn mot både Smørklepp og Vinjevatnet, ynskte ordførar Arne Vinje velkomen.
I Vinje kommune set me stor pris på å ha Bodil. Der ho er skjer det noko, og det arbeidet ho gjer, blir verdsett, påpeikte ordføraren.
Lokal ressurs
Ordføraren var oppteken av at det kulinariske området blir utvikla som ein lokal ressurs, og at foredling av lokale matrettar skapar meirverdi. Han meinte det er viktig for samfunnet å ha noko som ikkje berre er ei salsvare, men òg er knytt til identitet, og som vinbyggjen er stolt av å representere.
Til slåttespel av Tarjei Romtveit sette gjestene seg til bords i det nybygde eldhuset for å nyte heimebrygga øl frå Morgedal før Bodil serverte ein seks rettars middag der alt var lokal tradisjonsmat.
Eg vaks opp i Byrte i ei slekt med mange sterke kvinner som i generasjonar har synt gjestfridom og glede over å lage og servere god mat. Heile tida flaug eg i skjørtekanten til langbesta som visste å skape fest rundt eit måltid. Desse verdiane ynskjer eg å føre vidare, fortalte Bodil Nordjore.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bok om fjellmat-tradisjonen
I desse dagar kjem boka «Bodils fjellmat» ut. Her formidlar ho mattradisjonar som framleis er levande i mange fjellbygder. Ho vil at andre skal få ta del i noko av eigen arv og kunnskapen til tidlegare generasjonar.
Det er opplyftande å røyne at stadig fleire søkjer kunnskap om tradisjonsmat. Difor er det viktig for meg å gjere kunnskapen tilgjengeleg for andre matinteresserte, og levandegjere tradisjonane på alle matar. Det er berre slik dei kan bli førte vidare, seier Bodil Nordjorde til VTB.