Vinje-lensmann Trond Neri Flothyl seier politiet har gode spor etter personen som har brote seg inn i minst ti hytter i Fyresdal den siste tida. (Arkiv
Vinje-lensmann Trond Neri Flothyl seier politiet har gode spor etter personen som har brote seg inn i minst ti hytter i Fyresdal den siste tida. (Arkiv

Vandrande innbrotstjuv har brote seg inn i minst ti hytter

Sven Erik Skomdal frå Fyresdal meinte det var noko mistenkeleg med mannen han møtte langs vegen 2. pinsedag.

Fyresdølen var så klar på at mannen ikkje passa inn i området der det ikkje ferdast folk, at han ringte politiet etter observasjonen 2. pinsedag. Det var før dei fyrste meldingane om hytteinnbrot i Våmur-området kom til politiet. Skomdal gav politiet eit signalement og bad om at det blei sendt ein bil. Den mørkkledde mannen med ein liten sekk på ryggen vandra sørover langs vegen i retning Kilegrend. Skomdal peikar på at det er halvanna mil mellom husa på strekninga.

– Han var ein merkeleg figur som knapt kunne gå, skildrar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet prioriterte ikkje turen til Fyresdal. Skomdal synest det er leitt at ein ikkje blir tatt på alvor, for han er sikker på at mannen han såg er den same politiet no leitar etter i samband med minst 10 hytteinnbrot den siste tida.

– Det er greitt å vera etterpåklok, men eg kjenner området. Dette er ikkje ein plass folk går. Politiet må lære seg å lytte når folk med lokalkunnskap seier frå. Tilliten forsvinn, seier han. 

På same måte

Politiets operasjonssentral opplyste på Twitter tysdag kveld at ein tjuv har brote seg inn i minst 10 hytter ved Fyresvatn i løpet av dei siste 14 dagane.

– Innbrota er gjort på same måte, det er mellom anna stole småting frå kvar hytte, og det gjer at politiet trur det er same gjerningsmann som har vore på alle hyttene. Politiet trur vidare at tjuven no er ute av bygda, informerte ordensmakta, og bad om at hytteeigarar sjekkar hyttene slik at dei ikkje står opne.

Trond Neri Flothyl, lensmann i Vinje, seier dei har vore til Fyresdal etter hytteinnbrot tre gonger den siste tida. Han seier dei har sikra seg gode spor, og at dei har eit godt håp om å finne ut kven som står bak.

– Kvifor trur de tjuven har reist frå bygda?

– Me har spor som leiar ut av bygda for å seie det slik, seier Flothyl.

– Eg har eit godt håp om at saka blir oppklara. Me har mange opplysningar, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil kome i kontakt

Lensmannen vil ikkje vera kategorisk på når innbrota har skjedd, eller om dei har skjedd i fleire rundar. Han ser ikkje bort frå at mannen som blei observert 2. pinsedag kan ha noko med innbrotsraida å gjera. Flothyl seier dei har eit namn på ein person dei meiner er interessant, men at dei ikkje har kome i kontakt med vedkomande.

Flothyl kjenner til at det har kome tips frå publikum. Han seier det heile tida må bli gjort harde prioriteringar av politiet.

– Det er ikkje jamt vinningssaker blir prioritert fyrst, seier han.

– Men, det er veldig bra at det blir meldt frå. Det gjer at brikkene i eit puslespel kan passe saman. Eg håpar ikkje tipsarane mistar motet, seier Flothyl.

– Alle må prioritere strengt, om det er politikarar eller politiet. Me kan ikkje anna enn å gjera det beste ut av det. Men eg veit godt at Vest-Telemark er stort … seier Flothyl.

Aldri trudd det kom kjeltringar der

VTB skreiv 13. juni om Toralf Momrak som hadde hatt uvedkomande i hytta i løpet av helga. Hytta ligg 2,5 kilometer frå bilveg. Det var fyrste gong han hadde hatt innbrot i løpet av dei nesten 50 åra han har eigd hytta.

– Hytta ligg så langt frå allfarveg at eg aldri hadde trudd det kom kjeltringar der, sa Momrak til VTB.

– Han har vore over alt. Eg trur det er éin person, og han har lege i senga og overnatta i hytta. Han har bruka propan og ete og kosa seg av maten eg hadde der, og det er bore inn vatn i bytter. Vedomnen stod open. Det ser ikkje ut til at det er forsvunne mykje frå hytta, men ein pulk er borte. Den ligg nok att i terrenget ein stad, fortalde han vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var då sikker på at det var ein vandrar i fjellet, og oppmoda hytteeigarar til å fylgje med.