Med sine 29 år er Gunnar Bjerke Osen landets yngste jordskiftedommar.
Med sine 29 år er Gunnar Bjerke Osen landets yngste jordskiftedommar.

Yngste jordskiftedommar i landet

Denne mannen er Noregs yngste jordskiftedommar.

Av 100 jordskiftedommarar her til lands, er Gunnar Bjerke Osen (29) frå Oppdal den yngste. Bjerke Osen har sitt daglege virke ved Øvre Telemark jordskifterett i Kviteseid.

– Dei aller fleste jordskiftedommarar er over 35 år, og snittalderen dreg seg over 50. Derfor er eg godt under gjennomsnittet og også den yngste i landet, stadfestar Gunnar Bjerke Osen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personlegdom viktigare enn alder

Bjerke Osen har ein teori på kvifor han er landets yngste jordskiftedommar.

– Det er klart at det er lettare å få ein slik jobb på ein liten plass samanlikna med byane. Når det er sagt, trur eg ikkje alder betyr alt. Når ein fyrst har formalitetane i orden og teorien på plass, kan ein 29-åring fungere like greitt i dommargjerninga som ein 40-åring, trur landets yngste jordskiftedommar.

Bjerke Osen meiner ei haldningsendring i forhold til alder er i kjømda.

– Det er ei trend i dagens samfunn at yngre krefter får prøve seg i posisjonar som tidlegare var reservert dei som hadde mange års erfaring. Det trur eg er ei sunn utvikling, seier han.

– Skil du deg ut på grunn av alderen?

– Jordskiftedommarane er ei ueinsarta gruppe. Sjølv om menn er i eit absolutt fleirtal, er dommarane svært ulike. Personlegdom tyder mykje meir enn alder, meiner Gunnar Bjerke Osen.

Ulikt folkelynne

Øvre Telemark jordskifterett omfattar dei seks Vest-Telemark-kommunane i tillegg til Hjartdal og Tinn. I fjor blei det avsagt dom i 27 tvistar, og det blei gjort 83 rettsfastsetjande vedtak ved Øvre Telemark skifterett.

– Me dømer mellom anna i grensetvistar der grunneigarane ikkje greier å bli einige om kvar grensa går. Dette er tvistar det ofte ligg sterke kjensler i, og temperaturen kan ofte bli temmeleg høg naboar imellom, medgjev han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjerke Osen innrømmer at det er store geografiske ulikskapar i folks lynne i Vest-Telemark.

– Ja, det er det. Dei geografiske ulikskapane i folkelynnet er heilt tydelege. Meir vil eg ikkje seie, uttalar han.

Jordskifteretten

* Er ein særdomstol

* Retten dømer mellom anna i ulike grensetvistar

* Det kan også være aktuelt å fastsetje erstatningar for tapt areal eller rettar ved offentlege utbyggingstiltak

* Føremålet med eit jordskifte er å leggje til rette for meir effektiv utnytting av eigedomar fyrst og fremst landbruks- og utmarksareal

* Jordskifteretten er til vanlig samansett av ein jordskiftedommar og to meddommarar