Familiedrama på Dyrskun
Det er ei stund til Dyrskun, men planlegginga er i god gang. No er det underhaldninga på plassen som skal snikrast saman, og 1960-åra kan koma tett på i år.
Grenland friteater og krefter frå Øvre Telemark samarbeider i år om å skape underhalding på Dyrskun i Seljord. Med hjelp av kostymer, kulisser og mange frivilljuge vil dei stelle til ein «historisk dag» på Dyrskun.
I staden for å gå heilt tilbake til 1800-talet vil me i år ta ein tur inn i 1960-åra, seier Tor Arne Ursin frå Grenland friteater.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med hjelp av tidsriktige kostymer som falske augevipper, brødskalk i håret og brylkrem, saman med rekvisittar og køyretøy, er tanken å gjenskape Dyrskun slik ein kunne oppleve han på 1960-talet.
Hovudpersonar i oppsetninga blir ein kjernefamilie som sjølvsagt skal på Dyrskun. For å koma til Seljord haikar familien med ei dame som sel kosmetikk, og det saman med andre situasjonar utgjer handlinga i spelet.
Me har folk med til fleire taleroller, som Harald Valle, Lise Marit Syftestad, Jon Svartdal, og sjølvsagt Hæge Manheim og underteikna. Me treng fleire folk i både store og små roller på scenen, og me treng fleire folk bak scenen. No vil me gjerne ha med frivilljuge frå heile Vest-Telemark, seier Leif Arild Sanden.
Ein treng ikkje vera amatørskodespelar for å vera med, men til dømes like å kle seg ut.
Det blir difor skipa til eit informasjonsmøte på Dyrskuplassen til måndag der alle interesserte kan møte, utan ar dei dermed bind seg til å vera med.. Me treng òg fleire til å vera med på Seljordspelet, informerar Hæge Manheim.
I tillegg til at dei ynskjer meir mannskap, tek dei gjerne i mot gjenstandar og køyretøy til låns frå denne perioden, og dei treng ikkje vera fine. For stemninga rundt spelet skal vera så ekte som mogeleg, og publikum skal bli ein del av oppsettinga.
Tittelen på spelet er klar: «A change is gonna come» som i spelet blir oversett til «Ein sjans skå koma te kånn».