Telemarksforsking skriv i rapportutkastet om kommunereforma at industriverksemdene i Vest-Telemark har tøffe vilkår. Her er bilete av Bergen Plastics, no Tokke industri, sin fabrikk på Dalen som i vår sendte oppseiingsvarsel til tilsette.
Telemarksforsking skriv i rapportutkastet om kommunereforma at industriverksemdene i Vest-Telemark har tøffe vilkår. Her er bilete av Bergen Plastics, no Tokke industri, sin fabrikk på Dalen som i vår sendte oppseiingsvarsel til tilsette.

Reformutgreiinga viser skeivfordeling i nye arbeidsplassar

Dei fleste nye arbeidsplassane i Vest-Telemark mellom 2001 og 2013 blei skapte i Seljord, Nissedal og Kviteseid.

Telemarksforsking er godt i gang med utgreiingane kring ny kommunestruktur i Vest-Telemark. Dei fyrste rapportutkasta er festa på papir, og viser mellom anna at Seljord-Kviteseid-Nissedal–alternativet peikar seg ut når det gjeld nye arbeidsplassar i perioden.

Det er Vest-Telemarkrådet som har gjeve oppdraget, etter ynske frå dei seks kommunane i regionen, om å greie ut dei ulike framlegga til kommunestruktur. Etter at politikarane har gjort sine vedtak, er det fire aktuelle alternativ: 1. Seljord, Kviteseid og Nissedal. 2. Fyresdal og Tokke. 3. Tokke og Vinje. 4. Behalde dagens kommunestruktur, men utvide samarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidsplassar og folketal

Telemarksforsking har valt å gjere utgreiingane etter fem viktige moment. Dei har lagt til grunn: 1. Nærings- og folketalsutvikling. 2. Økonomi. 3. Tenesteproduksjon og myndigheitsutøving. 4. Samfunnsutvikling. 5. Lokaldemokrati.

– Me har teke med punktet om nærings- og folketalsutvikling fordi me ser det som avgjerande for oppgåvene kommunane må løyse, og kva økonomiske rammer dei har til å gjere dette. Punktet er også viktig for at me kan seie noko om kva som må til for å styrkje kommunanes rolle som samfunnsutviklar, skriv Telemarksforsking i rapportutkastet.

I avsnittet om næringsutvikling skriv dei vidare at det er tett samanheng mellom arbeidsplassar og folketalsutvikling i kommunane. Dei har derfor sett nærare på flyttemønsteret, og årsaker som vekst i arbeidsplassar og attraktive bustader.

Flest nye jobbar i Seljord og Nissedal

Seljord og Nissedal har hatt størst vekst i talet på arbeidsplassar, står det å lese.

234 nye arbeidsplassar har det blitt i Seljord i perioden 2001–2013. Talet for Nissedal er 152, Kviteseid 94, Tokke 49, Vinje 42, medan Fyresdal har mista fire arbeidsplassar i perioden.

Det er verdt å merke seg at det har skjedd endringar i tida etter 2013. Mellom anna har det blitt sett i drift næringshagar, og samstundes har det blitt oppseiingar i industrien.

Sårbart næringsliv

Telemarksforsking skriv vidare at kommunane har varierte utfordringar, men at fleire av dei ser ut til å ha eit sårbart næringsliv særleg når det gjeld landbruk og industri. Båe næringane har vore omfatta av omstillingar og innstrammingar over lang tid. Særleg har industrien fått tøffare vilkår grunna internasjonal konkurranse over fleire år.

– Det er derfor behov for utviklingsarbeid som kan bidra til å sikre og vidareutvikle eksisterande næringar, men òg leggje til rette for entreprenørskap, innovasjon og ny næringsverksemd, skriv Telemarksforsking.