Bård mista oljejobben
To av femten i avdelinga til Bård Haugen frå Rauland fekk behalde jobben på boreriggen. Han var ikkje ein av dei.
Bustadfeltet Øvre Såtehov på Rauland har på skøy blitt kalla Dollaråsen. Gode jobbar i oljebransjen har gjort at mange unge folk har kunna bygd seg flotte hus i bustadfeltet.
Så kom nedgangen. Oljeprisen stupte. Stadig færre kontraktar blei lyst ut. Og ein rigg utan kontrakt treng ikkje arbeidarar. Oppseiingane starta i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Berre i det vesle bustadfeltet har fire oljearbeidarar mista jobben det siste året. Bård Haugen er ein av dei. Han starta i jobben i selskapet Transocean 1. juni i fjor, i fast rotasjon med to veker på arbeid og fire veker fri. Men alt 1. juni i år var det slutt. Ganske nyinflytta i nytt hus, med sambuar og ein liten baby fødd for ein månad sidan.
– Me ville vente med å få barn til eg var i ein sikker jobb med mykje fri og faste ordningar. Og det fekk eg i fjor. Så lenge det varte, smiler Bård.
– Eg trudde dette var sikkert. Plutseleg var det ikkje slik likevel, legg han til.
Fått ny jobb
Han er eigentleg tømrar, og starta i oljebransjen i Vinje Industri for åtte år sidan. Og det er der han har fått arbeid att no – han kallar seg heldig.
– Det er ein fin plass å arbeide, sjølv om ein sjeldan veit når ein skal ut eller kor lenge ein blir ute, seier Bård.
Ein nabo av han har teke opp att tømraryrket. Dei andre i nabolaget har også fått seg arbeid att etter oppseiingane.
– Me som har arbeidd med mekanikk og hydraulikk i oljebransjen har alltid anna arbeid å falle tilbake på. Men dei som arbeider på dekk, med drilling, har ikkje det. Det finst ikkje noko liknande ein kan gjera på land, seier Bård.
– Korleis var stemninga på riggen den siste tida før du måtte slutte?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Å, den var veldig dårleg. Nedbemanningane var det store samtaleemnet, svarar han.
Les også:Vinje Industri er usikre på kva hausten bringer, men er optimistar
– Klarar seg uansett
Det er ikkje godt å seie når trenden i bransjen vil snu. I mellomtida er mange usikre på jobbane sine. Det er krevjande når ein har lagt opp økonomien etter høge inntekter. Ein kollega av Bård hadde sju millionar kroner i lån. Så reiste dama frå han. Like etter mista han jobben.
Bård sit heldigvis betre i det enn kollegaen.
– Sjølv hadde eg vel klara meg uansett – eg ville nok fått meg arbeid ein stad, og har ein økonomisk sambuar. Men det var veldig godt at eg fekk koma tilbake til Vinje Industri, seier Bård.
Må jobbe for pengane
Det er vanskeleg å spå når botnen er nådd, og kva retning bransjen vil gå i.
– Mange meiner bransjen kanskje har hatt godt av dette. Nokon tek jobben der ute for gitt. At dei er fire veker heime, og susar på i dei vekene dei er på arbeid. Ein må skjøne at ingenting skjer automatisk. At ein må stå på og jobbe for pengane, meiner Bård.
Ein ting er uansett sikkert: Oljebransjen treng folk framover, òg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nedgangstider i oljebransjen
Det Dagens Næringsliv (DN) kallar «oljesmellen» fører til endringar i det som er Noregs viktigaste næring. I 2014 var det rundt 330 000 tilsette i petroleumsrelatert verksemd i Noreg, av dei 186 000 i direkte petroleumsrelaterte verksemder (operatørselskap og leverandørar) og 143 000 i indirekte petroleumsrelaterte verksemder (leverandørar av generelle varer/tenester som til dømes transport og finans), i fylgje interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass.
Rundt 22 000 oppseiingar har så langt ramma dei direkte petroleumsrelaterte verksemdene, i fylgje DNB Markets. Statistisk sentralbyrå (SSB) reknar med at over 30 000 jobbar blir borte som fylgje av lågare investeringsaktivitet. I løpet av hausten i fjor blei oljeprisen halvert.
Stein Lier Hansen er administrerande direktør i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri, som er det største NHO-forbundet. Han seier i eit intervju med DN-tv at botnen ikkje er nådd, og at arbeidsløysa vil bli betydeleg høgare enn i dag.
– Men det er ikkje nokokrise. Dette er eijustering i ein sektor som har vakse enormt frå 2004 til 2012, seier Hansen i intervjuet frå juni.
Han peikar på at investeringane i Nordsjøen framleis vil vera store, men at ein stadig større del av arbeidet gjerast i utlandet, slik at ein ikkje får den same sysselsetjingseffekten og verdikjedene som Kyst-Noreg har vore vant til.