Den store hobbyen som tok av
I 1975 tok Petter Johnsen permisjon frå Oslo-jobb for å dyrke hobbyen sin meir, alpin. Som hovudaksjonær i Vrådal Panorama har skisenterleiaren no vore med og runda ein milliard kroner i investeringar.
Inne i Vrådal skisenter dukkar Petter Johnsen opp i ei viss fart veka etter at vinterferietrafikken i anlegget er over.
– Du har det travelt?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hyttesalet er heile året, så det går i eitt. Men det er slik det skal vere, svarar Johnsen.
I mange år har han hatt interesse for alpin. I 1975 kom han til Vest-Telemark og Treungen, og dreiv skiskule på Gautefall. Han var også med og bygde opp og dreiv alpinsenteret der.
– Eg tok eitt års permisjon frå jobben i Vegvesenet i Oslo. Det var litt tilfeldig at det blei Gautefall. Eg har alltid drive mykje med ski, og har vore aktiv utøvar og trenar. Det var min store hobby eg valde å jobbe med i permisjonstida. Ho blei forlenga og sidan har eg hatt perm, humrar Johnsen.
Kjøpte anlegget
Han var på Gautefall fram til hausten 1978, men gjekk då over til å ha avdeling med skiskule i Vrådal skisenter, der fyrste heisen var på plass 14 år tidlegare.
Sommaren 1978 blei det etablert eit selskap som overtok drifta av skisenteret i Vrådal og bygde skitrekk. Johnsen blei dagleg leiar på senteret i ei tid det ikkje var ei einaste hytte i området.
Den gongen hadde ikkje Johnsen eigarinteresser i skisenteret. I 1986 kjøpte han og fleire andre aksjonærar skianlegget.
– Eg hugsar ikkje summen, men det var sikkert ikkje så mange kronene, seier Johnsen.
Frå 1987 og fram til i dag er det investert 170 millionar kroner i skianlegget.
Artikkelen held fram under annonsen.
På børsen
I 2005 blei det etablerte selskapet Vrådal Panorama lagt ut på børsen i London.
– Det blei gjort for å hente inn pengar med tanke på endå meir utvikling, seier Johnsen.
Inngangssummen på børsen var rundt 150 millionar kroner. Seinare gjekk summen opp til 230 millionar kroner, men så kom finanskrisa i 2009. Vrådal Panorama blei tatt av børsen, og 6000 engelske aksjonærar blei kjøpt ut av selskapet.
– Då me gjekk av børsen var verdien 80 millionar kroner. Det var ein fordel å kjøpe ut engelskmennene. Me fekk litt kritikk for dette, men det er allright, seier Johnsen.
– Det kosta meg nok 20 millionar kroner å vere på børsen, legg han til.
Han vedkjenner at det var spennande å vere på børsen, og det var moro å vere på styremøte i London.
– Viss ikkje finanskrisa hadde kome, kunne me ha henta endå meir kapital og investert meir, seier Johnsen.
– Har du tankar om børsen att?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei. Eg er 60 år så eg får finne på noko meir sikkert, svarar Johnsen.
Utfordringar
For tida går det mykje på å forbetre seg, til dømes med det å lage snø og utnytte kuldegradene som er.
– Dei har det ikkje vore mange av i vinter. Blir det slik også i framtida, skal me klare å få til det også, seier ein optimistisk dagleg leiar.
Er luftfuktigheita rett kan senteret no produsere snø på null grader. Kapasiteten i produksjonsanlegget er rundt 30 kubikkmeter snø i minuttet.
– Det blir snø av det, og det er der ein må sikre seg og møte framtida. Ein må ha så godt snøproduksjonsanlegg som mogleg. Me må nok utvide anlegget endå meir, og utfordringa er å investere kanskje 15 millionar kroner til, seier Johnsen.
Eigentleg tek det aldri stopp på behovet for investeringar.
– Skal ein vere attraktiv og fylgje med, må ein lage noko nytt. Det går på aktivitetar både sommar og vinter, seier Johnsen om heilårsdestinasjonen Vrådal Panorama.
400 hytter
I 2001 blei det ja til fyrste hyttefeltplanen på om lag 150 einingar. Kvart år etterpå har det blitt bygd mange hytter rundt skisenteret, og talet er no oppe i 400 selte bygg på eit område der det totalt er 1000 godkjente tomter. 120 av hyttene ligg oppe på fjellet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me hadde eit jubileum sist haust ved at det var 50 år sidan fyrste heisen blei bygd. På same tida i 2014 passerte me ein milliard kroner investert i området, seier Johnsen.
Frå 1988 til 2002 leverte Vrådal skisenter 110 komplette snøanlegg, 120 heisar og nesten 300 trakkemaskiner i Noreg. Skisenteret blei bygd opp vidare av inntektene frå desse sala.
I fjor var omsetninga på rundt 70 millionar kroner i Vrådal Panorama, og sal av hytter utgjer årleg største delen av inntektene. Folk kjem og ser på tomt og bestiller ferdig hytte
– Salet har lege på 30–35 hytter i året. Frå 1. juli i fjor til no har me selt 20 hytter. Fleire av dei har kosta over fem millionar kroner. Fire av kjøparane hadde reservert kvar si hytte i Nissedal kommune. Men i Nissedal er det innført eigedomsskatt, og derfor valde dei Vrådal i staden. Han eine måtte fyrst kjøpe seg ut av kontrakten i Nissedal, seier Johnsen.
Naboskatt er fordel
Det fyrste eller andre spørsmålet han får frå potensielle hyttekjøparar, er om det er eigedomsskatt i Kviteseid kommune.
– No kan me bruke eigedomsskatten i Nissedal som ein fordel for oss, og det gjer me også, seier Johnsen med eit smil.
Dei fleste hyttekjøparane i Vrådal vil ha nøkkelen i døra.
– Me har maskiner til å opparbeide tomtene, og har sjølv ansvaret med å få opp hyttene. Andre firma hjelper til med bygginga, seier Johnsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anleggsavdelinga med fem fast tilsette og der det har vore tre lærlingar til no, har også hatt oppdrag andre stader i Kviteseid kommune.
– Me vil leggje inn anbod på gang- og sykkelvegen i Vrådal. Det er ein interessant jobb for oss, seier Johnsen.
Av dei 400 ferdige og private hyttene, har Vrådal Panorama sytt for bygging av 300.
– Dei andre gjeld der firma har kjøpt opp tomtene og gamblar sjølve. Då blir dei jo ein konkurrent til oss, men me set høge krav til firma at alt er i orden, utforming av hyttene og kvalitet, seier Johnsen.
Ein del eigarar av hyttene leiger friviljug ut bygget i periodar til Vrådal Panorama, og det set Johnsen pris på.
– Utleigesengene er viktig for oss. Det burde ha vore endå fleire varme senger i Vrådal. Om me skulle få til det krev det kapital, og er førebels ikkje noko me har tankar om, seier Johnsen.
Mange arbeidsplassar
Inklusiv eiga anleggsavdeling er det 20 heilårstilsette i Vrådal Panorama. Om vinteren har skisenteret 62 personar på lønningslista.
– Det blir ein del arbeidsplassar, og dei fleste som har heilårsjobb er lokale, seier Johnsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han og to søner har 73 prosent av aksjane i Vrådal Panorama. Investor Terje Stykket i Mjøndalen eig 23 prosent og resten har nokre engelskmenn.
Selskapet er i dag verdsett til 70–80 millionar kroner.
– Viss sal hadde vore eit alternativ, hadde nok summen tippa over 100 millionar kroner, trur Johnsen.
Eigenkapitalen i selskapet er 45 millionar kroner.
– Det er greitt å ha ein buffer i dårlege tider. Selskapet er oppe og går, men ein må fylgje med heile tida, seier Johnsen.
Selskapet er på offensiven i annonsering i Noregs største avis. Rundt 40 heilsiders annonser årleg i VG kostar.
– Det blir millionar av det, men annonseringa har gjeve bra respons og mange i bygda har glede av ho. Vrådal er ikkje akkurat kjent i Noreg. Derfor må det synest ein stad, elles hadde ein vel budd her oppe aleine, humrar Johnsen.
Livsstil
– Kor lenge har du tenkt å halde på i jobben som dagleg leiar?
– Det er greitt å bli pensjonist, men ikkje å slutte å jobbe. For det er moro, og eg har ingen plan om å slutte, svarar Johnsen.
– Korleis er jobben din?
– Kva er det han ikkje er då? Papirarbeid er største delen, og så er eg med og køyrer turløyper og slikt. Vidare må ein gjere vurderingar og investeringar. I desember fekk me ei ny trakkemaskin til over 4,3 millionar kroner. Ein må vite kva ein handlar, og då er det viktig å ha god planlegging fyrst, svarar Johnsen.
Så lenge selskapet får det til å gå økonomisk, synest Johnsen det er spennande.
– Og så er det viktig å ha med kommunen og politikarane. Kjem det eigedomsskatt i Kviteseid, blir det bråstopp på hyttesalet. Då kan du få selskapet billig, seier Johnsen.
Han har ein veldig interessant og variert jobb der det er moro å skape noko.
– Kor mange timar jobbar du i veka?
– Det blir vel sånn passe. Nei, eg tel ikkje timar. Det blir ein livsstil med turistar, skisenter, planlegging og anna. Så lenge eg kan ha litt ferie i laksesesongen er det allright, svarar Petter Johnsen i Vrådal Panorama.
Varierte aktivitetar
Vrådal Panorama tilbyr varierte aktivitetar året rundt for alle aldersgrupper, og har også kiosk, kafé, restaurant og bar. Alpinanlegget har åtteseters stolheis, sju andre heisar og 15 nedfartar. Vidare blir det preparert mellom 20 og 40 kilometer langrennsløyper i varierande terreng.
Ved sidan av stolheisen er det tre skiband på totalt 150 meter som er enkle å bruke for barn. Vidare har ein denne sesongen hatt tre snøparkar. Det er også tilbod om skiskule, og det blir undervist i slalåm, telemark, snøbrett og langrenn. Det er i tillegg ein moderne skiverkstad på senteret.
Vrådal skisenter er eitt av åtte skisenter i Telemark som har eit samarbeid der gyldig skipass ein stad utløyser gratis kort i dei andre anlegga.
Midt i Vrådal Panorama er det ein sekshols golfputtingbane og stor leikeplass med hoppepute, husker, leikestue og klatrestativ. På stranda ved Nisser er det hoppepute, klatretårn og bryggje. Det er høve til å leige robåt og kano til bruk på Nisser eller i dammen ved skisenteret.
Vrådal skatepark har ei flate på 36 gonger 9 meter i betong, og er både for nybyrjarar og dei meir rutinerte. Vrådal Panorama har også stisykling og terrengsykkelpark, der den lengste utforløypa er fire kilometer. Om sommaren er det gondolbane ved senteret.