Audun Vesterdal, formann/oppsynsmann i Kviteseid kommune, forklarer at dei måtte til med «akutt kantslått» for å forsikre seg om at det blir brøytt og strødd langs vegane i vinter.
Audun Vesterdal, formann/oppsynsmann i Kviteseid kommune, forklarer at dei måtte til med «akutt kantslått» for å forsikre seg om at det blir brøytt og strødd langs vegane i vinter.

Måtte til med «akutt kantslått» i Morgedal

Fleire morgedølar reagerte på at oppryddinga lét vente på seg etter trimming av kantane i Morgedal. Onsdag ettermiddag var kommunen i gang med oppryddingsarbeidet, etter kantslåtten som blei gjort i hui og hast for å sikre vintertrygge vegar.

Måndag fekk VTB ei rekkje snappar frå misfornøgde morgedølar (sjå nokre av dei i bildekarusellen over). Langs gamleveg hadde det vore kantslått måndag, men oppryddinga hadde det ikkje blitt gjort noko med. Heller ikkje tysdag ettermiddag, då me var på staden for å ta bilde.

Fleire stader var det eine køyrefeltet sperra av tre og buskas, og ein stad hadde eit tre dette ned over inngjerding. Særleg lengst opp på gamleveg var vegen nesten heilt dekt. Morgedølane lura på når dette skulle fjernast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trimminga fann også stad i Ordal og Åsgrend.

Hindrar strø- og brøytestreik

Onsdag ettermiddag heldt kommunen på med å rydde langs gamleveg.

Fleire stader langs gamleveg såg det slik ut. Morgedølane lura på kvifor ingen rydda med ein gong.
Fleire stader langs gamleveg såg det slik ut. Morgedølane lura på kvifor ingen rydda med ein gong.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.
Denne snappen fekk VTB av ein lesar i Morgedal.

Audun Vesterdal, som er formann/oppsynsmann i Kviteseid kommune, seier at kantslåtten var noko som måtte gjennomførast så fort som råd, og at det rett og slett ikkje var nok timar i døgnet til å få alt unnagjort på ein gong.

– Me fekk beskjed om at dei som strør og brøyter ville ikkje fare langs vegane her sidan dei har skade på lastebilane og utstyr, som følgje av tre og greiner som stikk ut i vegane. Så me måtte berre akutt gjera dette no, for at me skal behalde vegane opne og i køyrbar stand til vinteren, seier Vesterdal.

– Dette er absolutt ikkje noko me gjer kvart år. Me prøva så godt me kunne, men me hadde ikkje kapasitet til å halde på lenge nok. I går var me i Åsgrend for å ta resten der, i dag er me her for å rydde, legg han til.

Mangla ressursar

Stadene som fekk fyrsteprioritet var gamleveg i Morgedal, Åsgrend og Ordal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me har fleire andre stader me må kome oss rundt til etter kvart. Som til dømes Tveitgrend og Møsasida. Dei må me ta på nyåret, forklarer han.

Vesterdal forstår frustrasjonen til morgedølane, men seier at det var mangel på ressursar som gjorde at dei spara oppryddinga.

– Maskinføraren køyrer tolvtimarsdagar, og eg og ein annan sprang etter med motorsag for å kutte opp og prøve å gjera vegen open for at to bilar kunne møtast, men så, klokka ti på kvelden etter mange overtidstimar orka me ikkje meir, og då såg me det at sidan morgedølane det gjeld har E134 på andre sida her så kan dei køyre rundt. Men eg forstår frustrasjonen hjå dei som bur heilt i enden av vegen, seier han.

Til innbyggjarane sitt beste

To døgn etter kantslåtten langs gamleveg, er altså kommunen på plass for å rydde.

– No er me i full gang med å hogge opp kvisten, og håpar å bli ferdige med det i løpet av dagen eller morgondagen (torsdag), seier Vesterdal.

Når det gjeld gjerda kantslåtten gjekk hardt utover, meiner Vesterdal at kommunen ikkje kan ta på seg ansvaret for det.

– Dei plassane me har sett inngjerding under denne kantslåtten, må eg seie at eg har blitt litt provosert. Når gjerda står så nære vegen kan me ikkje slå kant utan at det går utover dei, diverre. Me har bede dei det gjeld om å sette gjerda lenger frå vegen tidlegare, men det verkar ikkje som om dei høyrer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hadde dei fått beskjed denne gongen?

– Nei, det hadde dei ikkje. Men viss dei hadde hatt gjerda sine tre meter frå vegen hadde ikkje dette skjedd.

Han forstår at det er lett for dei som blei råka å tenke at dette berre er slurv, men håpar at folk forstår at det låg ein god tanke bak.

– Dette var tenkt for innbyggjarane sitt beste, for å gje ein god vegstandard på vinteren. Hadde me ikkje teke denne sjauen no, hadde me ikkje hatt strøing eller brøyting til vinteren. Og då kan eg love deg at det ville blitt kaos, seier han med eit smil.