Eldre ynskjer heimevaktmeister
Nissedal eldreråd ynskjer å få tilbake tenesta med heimevaktmeister, fordi det ikkje er alle oppgåvene mange eldre heimebuande kan klare sjølve.
Fleire av medlemene i Nissedal eldreråd har over tid fått spørsmål som viser at det er mange eldre med behov for hjelp til ulike praktiske oppgåver. Døme er grasklypping, snømåking og ulike mindre vedlikehaldsoppgåver som ikkje er så enkelt for eldre heimebuande å få gjennomført. Dei som etterlyser slike tenester er ofte eldre personar som i liten grad har kontakt med dei kommunale heimetenestene og klarer seg sjølve i daglege gjeremål. Men ved til dømes snøfall strekker fysikken likevel ikkje til.
Kommunen hadde for ein del år tilbake ein heimevaktmester. Dette er eit tilbod som har vore sakna av eldre, etter at det blei fjerna, nemner eldrerådet i eit skriv til rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Eldrerådet er klar over at tenesta blei fjerna av økonomiske årsaker. Rådet vil derfor be kommunen gjere ei vurdering om å etablere denne tenesta att, men kanskje med ei ordning der det er eigenandel slik at det ikkje vert så utfordrande økonomisk å få ei slik ordning på plass», skriv rådet til rådmannen.
Ved å etablere heimevaktmesterteneste meiner rådet at ein truleg ville oppnå at eldre ville vere i stand til å kunne bu lenger i sin eigen heim og slik sett utsetje tidspunktet for når dei må ha behov for andre kommunale tenester. I dette ligg det også eit økonomisk moment som rådet meiner ein bør ta omsyn til ved vurderinga av å starte opp att ei teneste som heimevaktmester.
Rådet oppmodar kommunen til å gjere ei reell vurdering av forslaget/innspelet dei kjem med.
Innspelet blir budsjettvurdering
I svaret til eldrerådet ser rådmann Sverre Sæter klart dei positive sidene som blir peika på ved å etablere heimevaktmeisterteneste.
«Men som rådet sjølv nemner blei denne tenesta tatt bort av økonomiske årsaker, og kommunen sin økonomiske situasjon er ikkje blitt noko særleg betra dei siste åra», svarar rådmannen.
Han ser at sjølvsagt vil ei ordning med eigenbetaling gjere det noko lettare å få etablert ei heimevaktmeisterteneste.
«Kor høg ein slik eigenandel kan/bør vere vil det nok vere mange ulike meiningar om. Legg ein til grunn 100 kroner per time vil eit slikt tilbod koste kommunen rundt 320 000 kroner i året ved full stilling. I tillegg kjem utstyr/materiell som tenesta måtte trenge», opplyser rådmannen.
Så held han fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
«Momentet om at ein kommunal heimevaktmeister vil bidra til at eldre kan bu lenger heime og bli brukarar av kommunale tenester på eit seinare tidspunkt, synast i utgangspunktet logisk. Likevel har erfaringa etter at ordninga blei fjerna ikkje vist at eldre kjem raskare inn under kommunale tenester. Det er derfor vanskeleg å ta dette med som eit moment i den økonomiske vurderinga».
Elles nemner rådmannen at etablering av nye tilbod primært blir vurdert i samband med utarbeiding av budsjett. Rådmannen vil ta innspelet frå eldrerådet med i vurderingane når ein skal utarbeide budsjettet for 2019.