Rådmann Sverre Sæter i Nissedal meiner det er fire om lag like gode kandidatar til å vera vertskommune for eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark, og at det derfor bør vera politikarane som drøftar seg til kven av Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje som bør ha hovudkontoret. (Arkiv
Rådmann Sverre Sæter i Nissedal meiner det er fire om lag like gode kandidatar til å vera vertskommune for eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark, og at det derfor bør vera politikarane som drøftar seg til kven av Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje som bør ha hovudkontoret. (Arkiv

Ikkje noko lokaliseringsråd frå rådmennene

Rådmennene i dei seks Vest-Telemarkkommunane meiner både Kviteseid, Tokke, Vinje og Seljord er gode val som vertskommunar, og er klare på at politikarane no må bestemme kvar eit felles Nav-kontor bør liggje.

Saka om eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark har skote fart sidan Seljord i fjor haust blei invitert med i samarbeidet i Midt-Telemark med Sauherad/Bø og Nome. Politikarane i Seljord har sagt at Vest-Telemark er fyrstevalet. I desember i fjor fekk rådmennene oppdraget av Vest-Telemarktinget om å kome med ei tilråding i saka, her blei det også vist til at ein bør fastslå lokalisering av kontoret før det blir lagt ned eit stort arbeid i høve til omorganiseringa.

Fire gode val

Til tysdagens møte i Vest-Telemarkrådet har ikkje rådmennene kome fram til ein konklusjon om kven som bør vera vertskommune. Dei har sett på ulike kriterier, utan å kome fram til ein opplagt «vinnar».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både Kviteseid, Tokke, Vinje og Seljord står fram som gode val som verstkommune, skriv Sverre Sæter, Nissedal-rådmannen som har vore sakshandsamar i utvalet.

Men rådmennene er klare på at det ligg så mange føremoner i det å etablere eit felles Nav-kontor med alle dei seks kommunane, at den eintydige tilrådinga blir å arbeide for at dette skjer.

– Så vil me oppretthalde rådet om at det trass vanskar blir klargjort kva for ein av kommunane som blir vertskommune før det blir starta eit utgreiingsarbeid, skriv Sæter.

Det blir peika på at sentrale føringar med å etablere såkalla myndige einingar «ikkje går vår veg om me vel å ha det som i dag».

Midt-kontoret – føremon eller ulempe

Rådmannsutvalet har sett på eit utval av objektive kriterier då dei prøva å peike på ein vertskommune. Dei har sett på krav til infrastruktur (vekta med 40 prosent), kompetansekrav (30 prosent), kostnadseffektivitet (20 prosent) og nærleik til tenesta (10 prosent). Vinje skårar så vidt høgast med 73,0 poeng, men både Seljord, Kviteseid og Tokke fylgjer rett bak. Hovudkontor i Nissedal eller Fyresdal ser uaktuelt ut i utgreiinga frå rådmennene.

I tillegg har rådmennene diskutert argument som «trygg avstand» til felleskontoret i Midt-Telemark, røynsle med regionaliserte velferdstenester og samarbeidspartnarar.

– Nav-kontoret for Bø/Sauherad og Nome blir i så stor grad myndig at det truleg også etter kvart vil få tildelt spesialtenester. Eit så myndig kontor kan det både vera ei føremon og ei ulempe å vera nære. Faren kan vera at med tida kan vårt kontor lett bli absorbert. Er ein redd for at det skal skje, bør eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark vera anten i Vinje eller Tokke, peikar rådmennene på.

Det blir elles vist til at det før Nav si tid var eit arbeidskontor på Dalen, og at Tokke dermed har lang røynsle med å gje regionale velferdstenester. Medan det i Kviteseid alt er regionale tenester som PPT og barnevern, som eit argument for eit styrka fagtilbod til utsette grupper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politisk vurdering

– Det har vore utruleg vanskeleg å kome fram til eit eintydig råd. Når «pallen» er så jamn meiner rådmennene det er naturleg at vertskommune blir ei politisk vurdering, seier Sæter til VTB.

– Om politikarane ikkje klarer det i tysdagens møte bør ballen leggast død, legg han til.

– Kva om Seljord går til Midt-Telemark?

– Signala frå Nav-direktøren er at seks kontor er betre enn fem, men at fem er «bra nok» til å vera eit myndig kontor. Om Seljord melder seg av og dei andre fem er med, vil det bli fullt trykk vidare, seier Sæter.

– Men dess færre kommunar som er med, dess meir svekka blir me, legg han til.