«Det viktigaste eg har lært desse åra er å setje pris på det eg har»
Det var aldri eit alternativ å forlate dei afghanske våpenbrørne. I morgon blir oberstløytnant Jan Helge Dale frå Øyfjell heidra for innsatsen under ein krigsoperasjon i Afghanistan.
Våren 2009: Norske soldatar har overteke ansvaret for eit opprørskontrollert område i Afghanistan, der dei saman med afghanske styrkar skal drive vekk Taliban. Major Jan Helge Dale frå Vinje er sjef for kompaniet som skal hjelpe dei afghanske styrkane å ta kontroll og ansvar i Ghowrmach-distriktet. Målet er å slå ut Taliban, eller drive dei på flukt derfrå. Eit av måla er treningsleiren til opprørsgruppa i området. Det blir ein kamp på liv og død for soldatane.
Slost for livet kvar dag
I 1999 reiste Dale som ein av dei fyrste norske soldatane i Telemark bataljon til Kosovo. Ti år seinare leia han kompaniet sitt under ein dramatisk og krevjande krigsoperasjon. 2009 var året der Noreg tok eit endå lengre steg inn i krigen i Afghanistan.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Diskusjonen om Noreg var i krig eller ikkje kjentest uvesentleg for dei av oss som var der nede og slost for livet kvar dag. Du kjem ikkje nærare krig enn det me stod i der nede, seier Dale.
I morgon – på frigjerings- og veterandagen – får han utdelt ei høgt rangert medalje under seremonien på Akershus festning.
«Jan Helge Dale er tildelt St. Olavsmedaljen med ekegren for sin innsats som kompanisjef i Afghanistan våren 2009. Dales gode lederskap var avgjørende for at avdelingen løste oppdraget, og unngikk sivile og egne tap. Hans fremragende ledelse og kløkt var avgjørende for å manøvrere ut et afghansk kompani i livsfare», står det i grunngjevinga som er signert forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.
Denne medaljen blir tildelt for personleg innsats i kamp, under krig eller væpna konflikt, til nokon som på «fremragende måte har utmerket seg ved tapperhet eller ledelse».
Kjempa fleire døgn i strekk
Den konkrete hendinga det er snakk om er ein operasjon som varte i fire-fem døgn. Dei norske og afghanske soldatane rykkjer inn i kjerneområdet til Taliban, i krevjande terreng, for å ta kontrollen der. Når dei kjem til treningsleiren, har Taliban alt evakuert derfrå, og dei norske soldatane har tatt eit strategisk viktig område.
Men så slår vêret om. Kraftig regnvêr gjer forholda svært vanskelege, og Dale gjev ordre om å trekkje seg ut av området. Ein afghansk styrke på 40 mann blir sitjande fast – utmatta i gjørma, ute av stand til å kjempe seg ut. Dale bestemmer at dei skal snu for å redde dei som sit fast. Slik skildrar Forsvaret sjølv det som då hender:
«Nordmennene drar tilbake. Det er da Taliban angriper. De angriper fra tre ulike retninger. Det er tett tåke, ingen sikt, og det høljregner.
– Nattbrillene våre dugget, og våpnene klikket. Opprørerne hadde fortsatt hjemmebanefordel og kjente terrenget, vi mistet vårt største fortrinn: teknologien. Været jevnet ut fordelen vår.»
Artikkelen held fram under annonsen.
(«I fiendens leir», forsvaret.no)
Det var aldri noko alternativ å forlate våpenbrørne. Etter intense kampar, rakett- og granatangrep klarer dei å koma seg ut av området utan å miste nokon, og utan at sivile liv gjekk tapt.
– Det er viktig for meg å seie at det ikkje var mi forteneste åleine. Det var alle karane som var med i operasjonen. Eit team som stod saman, gjorde ein fantastisk god jobb og tok vare på kvarandre, seier Dale.
– Når to partar slost for livet vil nokon døy
På talibansk side gjekk liv tapt i angrepet. Dei norske soldatane blir førebudde på å handtere død og lemlesting før dei reiser til krigsherja område.
– Korleis tenkjer du som soldat på det å vera førebudd på å ta liv?
– Det er utruleg viktig å vera ærleg om kjernen i ein slik situasjon. Krig handlar om å gje liv og ta liv. Når to partar slost for livet vil nokon døy. Slik er den brutale røynda. Ein må vera førebudd på kva ein kan koma til å sjå. Og ein må vera førebudd på å bruke dødeleg makt. Viss ikkje vil ein kanskje nøle i ein avgjerande augneblink, seier Dale, som no er oberstløytnant.
Han understrekar at målsetjinga for alle operasjonar er at ein skal unngå at menneskeliv går tapt.
– Men i intensive kamphandlingar er ikkje det mogleg. Då er det anten dei eller oss, og ein må gjera det som trengs for å beskytte sine eigne og unngå at sivile blir skadde, seier Dale, og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me prøvar alltid å løyse ting utan at folk blir skadde eller drepne. Me har strenge reglar for bruk av makt – kva me kan gjera og ikkje gjera i ulike situasjonar. Og det er så fint med norske soldatar: Dei er ikkje ein triggerhappy gjeng som oppsøkjer konflikt. Maktbruk er alltid siste utveg. Norske soldatar er kjende for å ha gode haldningar og godt lynne, forklarar Dale – som ikkje vil seie noko om kven det er i motsetning til.
– Me prøvar å oppdra soldatane våre til å tenkje sjølve, seier majoren.
– Bidra til at folk får det betre
Frå 2009 fekk krigen i Afghanistan og Noregs rolle stadig meir mediemerksemd her til lands.
– Det var fokus på sjølve krigshandlingane. Men me såg effekten av det me gjorde: Me såg at sivilbefolkninga fekk det betre. Det er det som er motivasjonen – å bidra til at folk får det betre. Kameratskapen og det å løyse oppdrag i teneste for nasjonen er også viktige faktorar, seier Dale.
– Så mange barn som har mista alt
Eigentleg hadde majoren tenkt å bli lærar. I løpet fyrstegongstenesta bestemte øyfjellingen seg for å ta befalskulen. Papira derfrå kunne vera kjekke å ha, tenkte han.
– Men så treivst eg så godt at eg gjekk vidare til Krigsskulen, seier Dale.
Han hamna så i Telemarksbataljonen i 1999. Sidan då har han hatt totalt tre og eit halvt år i utanlandsteneste for forsvaret. Tre gonger på Balkan og fem i Afghanistan.
Nesten 20 år som soldat i krigsherja område har gjort at Dale set meir pris på det daglegdagse. Som å vera ute blant folk utan å vera på vakt. Å sjå at folk er blide og glade. Sjå ungar som leikar sutlaust utanfor dei trygge heimane sine.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det viktigaste eg har lært på desse åra er å setje pris på det eg har. Slik trur eg alle soldatar har det. Den nasjonen me er ein del av er verd ein innsats for å beskytte, meiner Dale – og legg til:
– Eg er veldig takknemleg for at ungane mine får vekse opp i Noreg. Eg har sett så mange barn som har mista alt.
Dale seier erfaringane frå tenesta også gjer noko med grunnverdiane til soldatane.
– Eg har lært meg å verdsetje ærlegdom og kameratskap på ein heilt annan måte. Og så blir ein litt mindre naiv. Det er lett å sitje i Noreg og vera naiv når den brutale røynda er så langt unna.
Saknar å vera i teneste
Etter Afghanistan-oppdraget i 2009 reiste Dale i 2010 til USA for å gå eitt år på militærskule. Då han kom att derfrå var Noreg i ferd med å nedgradere innsatsen i Afghanistan.
I dag arbeider Dale som sikkerheitsinspektør i hæren, der han har ansvar for operativ tryggleik.
– Eg prøvar å bidra til at me kan trene så realistisk som råd, samtidig som ein skal unngå unødvendige skadar, forklarar han.
– Saknar du å vera ute i operativ teneste?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, det gjer eg. Det høyrest sikkert rart ut, men når du står i ein krevjande situasjon og løyser eit vanskeleg oppdrag – så gjer du det du har trena for heile karrieren din, seier oberstløytnant Dale, og trekkjer pusten.
– Eg hadde sagt ja til eit nytt oppdrag når det måtte vera. Det er ein del av den militære profesjonen.