Kim Roger Løite var ein av målskårarane då Kviteseid/Høydalsmo vann 7-2 over Ulefoss 2 på kunstgrasbanen laurdag.
Kim Roger Løite var ein av målskårarane då Kviteseid/Høydalsmo vann 7-2 over Ulefoss 2 på kunstgrasbanen laurdag.

Solid siger på heimebane

Kviteseid/Høydalsmo hadde full kontroll på gjestene frå Ulefoss i ein temmeleg kjølig heimekamp laurdag, og tok sesongens fyrste siger.

Kviteseid/Høydalsmo gjekk til pause med 2-1-leiing i sesongens fjerde kamp etter at Tarjei Haugo sette ballen i nettet tidleg i kampen og Jan Marcus Hjertås sikra heimelaget igjen leiinga rett før dommaren bles til pause.

Vêret var surt, sola var fråverande og det same må ein seie om heimepublikummet, sett vekk frå nokre få supporterar og familiemedlem av spelarane på sidelina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar Geir John Kåsa var godt nøgd med innsatsen.

– Det var ein bra fyrsteomgang. Me starta bra men var litt dårlegare ein periode, sa han før spelarane var klare for nye 45 minutt som skulle vise seg å bli endå kaldare.

Meir fart

Med bare eit par-tre varmegrader og sur vind blei det raskt endå kjølegare då dommar Sefik Begluk frå Skarphedin IL kalla spelarane ut på grasmatta att. Regnet piska ei tid godt, og tempoet måtte opp for å halde varmen. Noko også heimelaget sytte for å gjere.

Jan Marcus Hjertås (bak) sytte for to nettkjenningar og blei kåra til dagens beste spelar av lagkameratane.
Jan Marcus Hjertås (bak) sytte for to nettkjenningar og blei kåra til dagens beste spelar av lagkameratane.

Bare ti minuttar ut i andre omgang sette Jan Marcus Hjertås ballen i nettet att. Kim Roger Løite prøva å gjere det same nokre minuttar etter, men dommaren bles for ein av kampens mange offsidar.

Ein målhungrig Løite gav seg ikkje, og prøva att få minuttar etter. Denne gongen lukkast han med eit godt skot som målvakta ikkje hadde sjans til å fange.

Espen Lofthus meldte seg også på skåringslista og sikrar eit endå sterkare overtak for heimelaget med to nettkjenningar mot slutten av kampen.

Klaka målmenn

Shortskledd, med bare leggar og tynn trøye, seier det seg sjølv at det blir kaldt når regnet har piska kjølig i snart 40 minutt. Målvakta hadde akkurat hutra ut spørsmålet om kor lenge det var att av kampen, då ein av spelarane på Kvitesied/Høydalsmo trilla eit laust skudd fint forbi den kalde målvakta og i nettet. Kort tid etter viste det seg at målvakta til heimelaget også truleg har fått frosten i seg då han prøva å få tak i ein ball som bare glapp ut av hanskane og inn i målet bak seg.

Gjennom kampen blei det sendt mange oppgjevne uttrykk og rørsler mot dommaren, som verka ivrig på offside-dømminga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det blei mykje offside, men dommaren var god i dag mot han plar vere, seier ein nøgd trenar Kåsa.

– Kven meiner du var lagets beste spelar i dag?

– Eg vil ikkje trekkje fram ein i dag, men heile laget. Dei jobba veldig bra, meiner trenaren.

Så langt i år har laget tapa to kampar og spela ein uavgjort.

– Me burde hatt fleire poeng, men fotballen er rundt, så ein veit aldri korleis resultatet blir. Og gutta her er med for å ha det moro, seier ein nøgd trenar etter solide 7-2 over Ulefoss 2.

Årsbeste

Me spør spelarane om kven dei meiner var dagens beste, og dei er samstemte om at Jan Marcus Hjertås er dagens spelar.

– Og dette var sesongens klart beste kamp, meiner Olav Staaland.

Neste kamp for samarbeidslaget Kviteseid/Høydalsmo er borte mot Fossum KG i Skien fyrstkomande torsdag.