Dei to fyrste drektige purkene er på plass i fjøset hos Ole Kristian Bergve i Fyresdal, og fleire skal det kome.
Dei to fyrste drektige purkene er på plass i fjøset hos Ole Kristian Bergve i Fyresdal, og fleire skal det kome.

Jammen kom det dyr att på garden

Då fyresdølen Trond Bergve slutta med grisehald i 2005, sa sonen Ole Kristian at det aldri skulle kome dyr der att. Nå har han byrja med grisar, kyllingar og lam, sel diverse varer av gris frå garden og ynskjer å bli heiltidsbonde.

Trond Bergve dreiv med grisehald på Nyli like nord for Fyresdal sentrum frå 1987 til 2005. To år seinare overtok Ole Kristian Bergve garden, og han bur nå i eit oppussa hus saman med sambuar Marthe Johannessen og to barn.

– Å restaurere huset blei ikkje billig, slår Ole Kristian fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 2009 og fram til for halvtanna år sidan var det vekependling for han til jobb i Drammen. Seinare tida skjedde det noko som i alle fall ikkje er i tråd med haldninga han hadde for 12 år tilbake – der på garden skulle det aldri kome dyr att.

«Eg blei biten av basillen, og bestilte 15 smågris.»

Ole Kristian Bergve

Ole Kristian Bergve, Marthe Johannessen og sonen William synest alle det er moro med dyredrift på garden.
Ole Kristian Bergve, Marthe Johannessen og sonen William synest alle det er moro med dyredrift på garden.
Eit viktig innslag på Nyli er å tilby ulike slag kjøtvarer, og planen er å få på plass ein gardsbutikk.
Eit viktig innslag på Nyli er å tilby ulike slag kjøtvarer, og planen er å få på plass ein gardsbutikk.
Å ta på seg grilling av heil gris til fest og anna er noko Bergve ynskjer å satse på. Her får han hjelp av venen Anton Inge Rinden.
Å ta på seg grilling av heil gris til fest og anna er noko Bergve ynskjer å satse på. Her får han hjelp av venen Anton Inge Rinden.

– Eg har alltid lika dyr, og det er synd at småbruk står tome og gror ned, seier Ole Kristian.

Han tok eit val om å ta opp att grisedrifta som hadde lege brakk i årevis. Det blei ombygging av fjøset, taket blei heisa og det kom inn nytt alarmsystem og ventilasjonsanlegg. Med eigeninnsatsen kom summen opp i ein kvart million kroner, som blei tatt ut av eiga lomme.

– Eg søkte Innovasjon Noreg om tilskot, men dei stør ikkje grisehald på grunn av overproduksjon, seier Ole Kristian.

Bryllaupsgrisar

8. november i fjor kjøpte han dei fyrste dyra, to purker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei tok seg ikkje, så eg sende grisane til slakteriet Jens Eide i Lillesand. Eg bad om å få alt kjøtet i retur som ferdigpakka kjøttdeig, kotelettar, bogsteik og lårsteik, fordi me hadde plan om å ha eit utval av forskjellig kjøt å selje som gardsmat. 22 stykk 10–12 kilos kasser med diverse kjøtvarer blei selt unna på halvtanna døgn, det meste gjekk ut her i bygda. Eg køyrde rundt og leverte på dørene. Der starta det heile, seier Ole Kristian om satsinga på lokalt gardsmatutsal.

– Eg blei biten av basillen, og bestilte 15 smågris frå Eide. Dyra blei fôra i tre månader før dei blei henta med slaktebil. Tilbake til Nyli fekk me kotelettar, biffar, grillribber, kjøtdeig, flintsteik og pølse. Karripølsa har blitt ein stor slager, så den vil me ta inn att. Ein må jo prøve …, seier Ole Kristian med eit smil om nye varer.

To av butikkane i bygda har tatt inn ulike varer frå Nyli for sal, ei løysing Ole Kristian synest er hyggeleg.

– Interessa for gardsmat har blomstra veldig i det siste, og er i vinden. Planen vidare er å byggje kjøl, frys og eigen utsalsplass for gardsmat på Nyli, seier den ferske deltidsbonden.

Elles har han i sommar tatt på seg oppdrag med å heilgrille to grisar som like etterpå blei skore opp og servert 110 gjester i eit bryllaup.

– Eg har lyst til å leige meg ut til slike oppdrag framover, og servere mat frå eigne grillgrisar.

Veldig moro

– Førebels er ikkje dei dyra eg har og gardsmaten noko eg kan leve av. Eg har full jobb ved sida av i bygda, er litt alt-mogleg-mann. Målet er å bli heiltidsbonde på Nyli, seier Ole Kristian.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hadde vore veldig moro om sambuaren min hadde blitt heiltidsbonde, seier Marthe.

Ho har jobben med å leggje ut gardsmatvarer for sal på nettet, og har vore med på noko av fjøsstellet.

– Eg har aldri vore spesielt glad i dyr, og ingen hadde trudd eg skulle bli bondekone. Men det har blitt veldig moro, seier Marthe.

Plutseleg sauer også

I dag er det 30 slaktegrisar og to drektige purker i fjøset. Vidare er to lodne ullgrisar på plass, og dei er 50 prosent villsvin.

– Det er bare for å prøve at eg har dei to. Det skal visst vere kjempekjøtt, seier Ole Kristian.

I tillegg har det kome 42 kyllingar til gards, med tanke på snart å kunne starte med lokal eggproduksjon.

– Dette er gørrmoro, og det har kanskje ho merka. Eg er meir ute i fjøset enn inne i huset, seier Ole Kristian, og ser på sambuaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har faktisk kome endå fleire dyr til Nyli. – Eg tenkte at dei to barna våre kunne ha kvart sitt tåtelam. Så balla det på seg. Når har me 15 totalt som går på ferdig gjerda kulturbeite, og tåtelamma har kome frå Fyresdal-bønder. Me skal setje på nokon av lamma, og me får to søyer snart. Så har eg plutseleg litt sau også, seier ein humrande Ole Kristian.

Dermed kan det om ikkje lenge vere lokal gardsmat av lam også på garden. Og neste år er planen å ha 20–30 utegåande økologiske landssvin på garden.

– Draumen er å selje kvalitetsprodukt som kundane er fornøgde med, seier Ole Kristian.

«Ingen hadde trudd eg skulle bli bondekone, men det har blitt veldig moro.»

Marthe Johannessen

Ha fullt fjøs

Det går i eitt for han om dagane.

– Døgnet kunne ha vore lengre…

Artikkelen held fram under annonsen.

På Nyli er det plass til 400 slaktegrisar i året.

– Planen er å ha fjøset fullt. Eg kan ha 18 purker der som grisar to gonger i året, seier Ole Kristian.

– Korleis ser det ut på Nyli om fem år?

– Kaos, er det humrande svaret.

– Eg håpar det då er heilt fullt i fjøset, og at me har ein godt etablert gardsbutikk, fortset fyresdølen, som ser ut til å vere på god veg inn i eit nytt yrke.

Som heiltidsbonde.