Avskil med ein stor kulturberar
Seljordskyrkja med sine 170 sitjeplassar blei for lita for dei mange som ville ta avskil med sogeseiaren, kulturformidlaren, venen og familiefaren Sigurd Telnes før helga.
Alt ein time før seremonien skulle ta til var mange på plass. I duskregnet strøymde folk inn gjennom kyrkjeportane både frå sud og vest og steig opp steintrappa. Inne i kyrkjeskipet blei benkane fylte opp bakanfrå – slik vanen er. Snart måtte dei som ville sitje ta den kronglete trappa opp på galleriet. Når det også var fullt der, var ståplassar i våpenhuset neste alternativ. Heller ikkje dette romma alle dei frammøtte, så ein del måtte halde til utandørs.
Landstad-dåm
Etter at ljoden av kyrkjeklokkene hadde tona ut spela kantor Keith Griggs «I himmelen, i himmelen», ein folketone frå Heddal som preludium. Lite hadde vore overlate til det tilfeldige når dei musikalske innslaga var plukka ut. I likskap med «I himmelen, i himmelen» var fyrste salmen «Den blomstertid nå kommer» omsett av diktarpresten og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad, som var prest i Seljord i åra 1839 til 1848. Som mange kjenner til var Sigurd Telnes pådrivaren for å få i gang Nasjonalt Landstadsenter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hardingfele og kveding
I 2015 gav barnebarnet til Sigurd Telnes, Sara Fjågesund Aase, ut cd-en «Sogestrenger» saman med bestefar sin. Ein av slåttane der er «Gonil Dale», slåtten som Mattis Haugerud (1908–1967) komponerte om henne som etter segna blei fanga inni Gagnåsnuten. Denne slåtten framførte hardingfelespelaren Sara framfor morfar si båre før minnetala, som blei halden av den yngste av dei tre døtrene til Bergljot og Sigurd Telnes, Tone. Ho fortalde om det mangslungne livet til far sin, og om heimen «der tru og overtru gjekk hand i hand», slik ho så treffande karakteriserte det. Elles vart andre som ville seie noko oppmoda om å gjera det på minnesamværet som vart halde på Seljord folkehøgskule etterpå.
Etter salmen «Eg er ein gjest i verda», og skriftlesing ved eldstedotter til Sigurd, Bergit Lisleåsheim Telnes, kvad Ragnar Haugstøl visa «Med eg var liten». Visa er skriven av diktaren Jørund Telnes (1845–1892), som var langbestefar til den avlidne. Prest denne dagen var Kjell Johan Nenseter. Etter tala song kyrkjelyden «Jesus lever, gravi brast!» til tonefylgje av orgelet.
Spela kista ut
Prosesjonen som førte båra ut av kyrkja blei leia av Eivind Aase på slåttetromme, medan barnebarna Svanhild Amdal Telnes, Rut Telnes Fjågesund og Sara Fjågesund Aase spela «Bruremarsj frå Undredal». Ute hadde regnet auka på, det var som om heile Vallarhaugen og bygdi sturde over tapet. På sudsida av kyrkja, ikkje langt frå der Taraldskyrkja skal ha stade, var grava kasta opp. Før jordfestinga blei to vers av diktet av Jørund Telnes «Me slær framfor oss krossen din», til tonen av «Eg veit i himmelrik ei borg», sungne. Til sist desse to versa:
Gud, med oss alle saman ver,
så Krist for alle lyser!
Gud hjelpe dei som ute fer,
og dei som svelt og fryser!
Artikkelen held fram under annonsen.
No sovnar far og mor og eg
og alle borni dine.
I morgon soli vekkjer meg
når ho på veggen skine.