Russepresident på Kvitsund, Anne Heggtveit, til høgre.
Russepresident på Kvitsund, Anne Heggtveit, til høgre.

Møt russepresidentane her

Kva meiner russepresidentane på Dalen, i Seljord, på Kvitsund og i Bø om russetida, knutar og framtida?

Seljord-russen 2017

Russ ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord, Ane Sudgarden Sørbø (Langlim).

Det har vore bra! Mange av oss var på Landstreff Telemark, som var ei gøyal oppleving, det var artig å møte andre medruss. Me har hatt litt andre samlingar som også har vore veldig morosame. Men akkurat nå er det mykje førebuing til eksamen, så russetida kjem som andre prioritet.

Me har gjort om ein russeknute der ein eigentleg krabbar frå Stortinget til slottet, men me valde heller å krabbe frå skulen til Dyrskuplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me ser positivt på framtida og gledar oss til å bli ferdig med vidaregåande. Det blir sjølvsagt litt trist, då dei fleste av oss må flytte vekk frå bygdene.

Om den store pengebruken nokre stader tenker me at det er greitt, så lenge dei har økonomien til det. Mange blir jo sponsa av mor og far, og det er ikkje greitt. Me meiner at det er mykje anna som ein kan bruke desse pengane på. Russetida er trosalt bare i overkant av 17 dagar, så det blir for dumt å bruke så mye pengar på så kort tid.

For russen i Seljord har gjennomsnittsprisen vore på rundt 5000 kroner, vil eg tru.

Russ ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord, Ane Sudgarden Sørbø (Langlim) (t.h.).
Russ ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord, Ane Sudgarden Sørbø (Langlim) (t.h.).
Bø vidaregåande skule, Lawrence Dean Mulbah (Rauland) og russepresident Camilla Ajer (Lunde).
Bø vidaregåande skule, Lawrence Dean Mulbah (Rauland) og russepresident Camilla Ajer (Lunde).
Russepresident Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Dalen, Anne Bondal (Fyresdal).
Russepresident Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Dalen, Anne Bondal (Fyresdal).

Me har ikkje laga eigen russelåt.

Planen akkurat nå er å reise til Dalen, så me kan feire med russen der sidan me er ganske få russ her i Seljord.

Dalen-russen 2017

Russepresident Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Dalen, Anne Bondal (Fyresdal).

Russetida har vore super så langt. Mange av oss har vore på landstreff Telemark og landstreff Stavanger, noko som klart har vore høgdepunkt. Men me kosar oss også saman med klassa. Me har eit godt miljø, så kjenner det blir trist å reise frå denne gjengen ...

Knutesjefen, Margit, har kosa seg med å lage lokale variantar av knutane. Nokon eksempel er å «forfølgje russepresidenten til ho meiner du har fortjent knuten», «Pokémon-trenar for ein dag – prøv å fange medruss/ andre elevar, og få dei til å kjempe mot kvarandre», «del ut is i barnehagen» og «super-like 5 personer du kjenner på tinder». Hahah, mykje å velje mellom her.

Russen ser veldig positivt på framtida, sjølv om mange er veldig skuleleie nå. Me er klare for å ut og sjå kva resten av verda har å by på – som studentar og turistar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føler det er litt forskjell på by og bygderuss når det gjeld pengebruk. Mykje større press på russen i byen med at dei må prestere og vere best, også på dette plan. Det er sikkert heilt sjukt moro å vere på buss, men sjølv har eg ikkje noko behov for å bruke så mykje pengar på noko så «unødvendig». Eg trivst veldig godt på van, og synest det er nok styr med å ha alt i orden der, hehe (kan ikkje forestille meg all styret det må vere i ein buss ...) Prøvar sjølv å spare så mykje som det gjeng, syns sjefane i denne russebransjen dreg nok pengar ut av oss ungdommar.

Det er veldig forskjellig frå person til person på kor mykje me pengar brukar. Eg bruka ein del før russetida starta på dress, jakke, russekort og liknande. Men me reknar med at snittet ligg på 20 000 kr, og meir for oss fem i Himeros som er på van. Men for min eigen del har eg hatt det så moro at eg ikkje angrar på nokon ting. Har vore veldig førebudd på at det kom til å gå mykje pengar i denne tida.

Me har russelåt. Shoutout til Steinar Bolstad Skålid som laga «Himeros2017» for oss. Gutane i klassa har også song, den heiter «The Walking Red». Det lagar litt ekstra liv når det er vår song som kjem på anlegget.

16. mai skal me kose oss saman, grille litt og nyte siste kvelden som russ.

Kvitsund-russen 2017

Russepresident ved Kvitsund gymnas, Anne Heggtveit (Åsgrend).

Russetida så langt har vore morosam, utfordrande og fin. Det har vore mykje skule med tentamenar og dei siste vurderingspunkta i alle fag. Men me har fått til litt forskjellig kos med klassa, og skal nyte dei siste dagane som russ.

Me har ein del lokale knutar. Internat er ein gylden moglegheit for å finne på mange ulike knutar. Éin er for eksempel å sove på alle internatbygga.

Framtida ja ... Dei fleste har nok tenkt seg eit friår, sleppe all bekymring og strev, medan det er nokre som skal rett på studiar. Det er vel med glede og sorg me ser på framtida, borte frå Kvitsund.

Veit ikkje heilt kva eg meiner om pengebruken til mange russ, utanfrå er det litt rart at folk brukar så mykje tid og energi på noko som varer i bare nokre veker. Det er kanskje ikkje det beste med tanke på skule og økonomi, men det har blitt ein stor del av russetida! Det er jo heilt klart moro (håpar eg) for dei som gjer det, men eg er glad for at me slepp det her på Kvitsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snittforbruket ja, hmmm …, det blir nok ikkje meir enn eit par tusen kroner. Russeklede og slikt blir fort ein tusenlapp, og om ein skal på ulike treff og slikt så forsvinn pengene, men snittet på Kvitsund er nok ikkje høgare enn 2000.

Me har ikkje satsa så veldig på russelåtar. Det er nokon som har laga noko sjølv for moro skyld, men det er ikkje lagt ut for alle sine øyro.

16. mai er jo siste dagen som russ, så ein må vel avslutte med eit smell. Me har ikkje planlagt noko veldig ennå, men det blir nok at alle russane samlar seg og at me kosar oss.

Bø-russen 2017

Bø vidaregåande skule, Lawrence Dean Mulbah (Rauland) og russepresident Camilla Ajer (Lunde).

Russetida så langt har vore veldig bra. Me har hatt masse moro både her i Telemark og på landstreff andre stadar.

Me har nokre lokale knutar. Mellom anna har me den tradisjonelle knuten «krabbe ned Bø-gata» og me har også ein knute som går ut på å bade i fontena på skuleområdet.

Russen ser positivt på framtida. Me er fokuserte på eksamen som kjem etter russetida og at utdanning er viktig. Til hausten skal nokon starte å studere med ein gong, andre tar eit friår eller eit år på folkehøgskule.

Det er veldig individuelt kor mykje pengar russen har lagt i russetida. Om ein er med på ei russegruppe blir ein som regel einig om eit felles budsjett for gruppa. Og så kan ein sjølv velje kor mykje ein vil bruke på treff, klede og liknande.

Nokre russegrupper har russesongar, andre har ikkje. Nokon har også fleire russesongar.