– Folkehøgskuleåret endra livet mitt
Eitt år på folkehøgskule kan forandre mykje for framtida. Det er Samuel Massie eit levande bevis på. Måndag fekk elevane ved Seljord folkehøgskule eit sterkt og ærleg møte med eventyraren.
– Å komme inn i eit rom for å halde eit foredrag, sjå haldninga ein møter – trøytte andlet – sjå korleis engasjementet utviklar seg. Responsen etterpå, det er det som driv meg og det gjev meg utruleg mykje, seier Samuel Massie.
Måndag etter Dyrsku’n var alle elevane ved Seljord folkehøgskule samla for å møte bergensaren me fyrst blei kjent med då han var del av mannskapet på den dramatiske ekspedisjonen med «Berserk» i 2010.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter sju månadar ute på havet var det bare Massie og kaptein Jarle Andhøy som kom tilbake til Noreg. Tre kameratar og skipet blei borte i ferda til Antarktis og Sydpolen.
Måndag fekk folkehøgskuleelevane høyre historia om Massie som starta i fyrsteklasse. Alt var som det skulle vere. Han var glad, spent og treivst på skulen dei fyrste åra. Men med tida blei det meste snudd på hovudet. Dagane han skulka blei fleire enn dei han møtte i klasserommet. Glød, interesse og sjølvkjensle blei borte.
Møtet med gata og dop, kranglar heime.
– Eg blei problemet Samuel. Etter tre månadar på vidaregåande droppa eg ut, kjensla av å vere mislykka var tydeleg. Etter elleve år i skulen kjente eg megså mislykka. Strauk eg på skulen, strauk eg i livet, seier Massie.
Massie fortel om ein oppvekst der han fekk stadfesta lese- og skrivevanskar og fleire andre diagnosar. Den gongen blei dei bergensarens største fiende – i dag nyttar han dette som motivasjon til å tenke at han skal meistre.
– Alt har med innstilling å gjere: Kan eg, kan alle, seier han.
Gav meining
Ein dag Massie kom heim fann han eit handskrive brev i gangen. Det var frå Folkehøgskulen 69 grader nord. Han hadde fått studieplass etter at mor hans hadde skrive ein overbevisande søknad.
– Eg slengte brevet frå meg. Mamma gråt og ba meg prøve dette. Eg var negativ, men ein kompis overtala meg, og slik hamna eg i Nord-Noreg. Jarle Andøy var seglelærar, og fyrste gongen på havet spydde eg heile turen. Eg bestemte meg for å slutte, eg gav opp, med kompisen min fekk meg til å gje skulen ein siste sjanse. Og der ute i gneistrande kulde, i olabukse og hettegenser skjedde det noko. Kvar gong eg ikkje hadde meistra før, hadde eg gjeve opp. Nå opplevde eg meistringskjensle og eg fann meg sjølv, seier Massie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då skuleåret var ved vegs ende kom Andøy til Massie med eit tilbod. Han ville ha han med på Berserk.
– Eg signerte avtala og blei med. I starten var eg mykje sjøsjuk, men eg lærte å tenke positivt. Tankens kraft er uendeleg, seier han.
Måndag fekk elevane i Seljord høyre om ekspedisjonen, opplevingar, naturkrefter, møte med menneske, og om då dei kom til Antarktis og Massie fekk følgje Andøy vidare til Sørpolen, medan dei tre andre blei att for å passe på skipet. Ein storm blåste opp, Massie og Andøy grov seg ned og ei naudmelding gjekk ut frå båten. Når stormen roa seg var kontakten med Berserk broten. Tre vener og eit skip var borte, og blei aldri funne att.
Sjokket
– Eit stort sjokk, men me måtte halde fram og rakk flyet heim. Tilbake til sivilisasjonen – og alle spurde om kva som hadde skjedd. Eg flytta på hytta til bestefar, det var godt å vere der. Nokre månadar seinare blei eg med Andøy ned att for å prøve å finne svar – eg måtte for å finne meg sjølv tilbake, seier Massie.
Etter turen til Antarktis sat Massie att med fleire spørsmål enn svar. Det blei ein ny tur på hytta til bestefaren, denne gongen resulterte det i ei bok.
– Boka blei til for å bearbeide alt, seier han.
– Besøka gjev meg mykje
I Seljord fekk elevane høyre Massie lese frå boka, og levande og engasjert fortelje om livet som snudde.
– Så langt har eg truleg halde tusen foredrag, men det har ikkje blitt så mykje tid til det i haust sidan eg har to programleiarjobbar og eit eige prosjekt å ta hand om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Massie, som i fjor var deltakar i tevlinga «Skal vi danse» er i haust programleiar for same programmet og han er også i fjernsynsruta i programmet «Rett fra hjertet». Elles leiar han eit prosjekt der ungdom som har falle litt utanfor samfunnet blir fanga opp og målet er å gje dei livsmeistring og arbeidserfaring på sjøen.
– Sjukt bra
Etter applausen og jubelen hadde lagt seg var det mange som ynskte å helse på Massie og sikre seg eit eksemplar av boka han gav ut i 2014.
Det blei mange tydlege og takksame handtrykk og klemmar. Tilbakemeldingar som «sjukt bra», «inspirerande», «ærleg» og «rått» var elevane sine reaksjonar.
Ein elev som passerte ned skuletrappa var klar i talen; Han skulle ringe mor si, for å seie unnskyld, medan andre ynskte å få høyre meir om ekspedisjonen Massie hadde saman med Berserk.
– Korleis er det å reise rundt å halde foredrag, dele eigne tankar og erfaringar?
– Eg elskar å vere tilbake på folkehøgskulane. Det var eit svært viktig år for meg, og er det for andre. Eg har ikkje så mykje tid til å drive med dette nå, men eg synest det er viktig å finne tid. Eg vil kjempe for folkehøgskulane: Det endra mitt liv, og eg vil gjerne at det skal endre framtida til andre også, meiner han.
Reiser med bestefaren
I desember reiser Massie saman med bestefaren på ei spennande reise.
– Me måtte utsetje reisa sidan bestefar ikkje var frisk i fjor, nå reiser me uansett. Men eg må vente til me er ferdige med innspelinga av «Skal vi danse», etter det blir det ferie. Den endelege reiseruta er ikkje bestemt, det får bestefar og eg gjere denne månaden, men målet vårt er i alle fall Papa Ny Guinea, smiler Massie, og seier han gler seg til turen saman med bestefaren.