Seljord folkehøsgkule samlar inn pengar til Nepal.
Seljord folkehøsgkule samlar inn pengar til Nepal.

Fekk pris for solidaritetsarbeidet

Folkehøgskulen i Seljord blir heidra for solidaritetsarbeidet i Nepal av organisasjonen Barn av Jorden. Prispengane skal gå til ein bil til barneheimen elevane hjelper.

Folkehøgskuleelevane i Seljord har i seks år samarbeidd med barnerettsorganisasjonen CWIN (Child Workers in Nepal). Skulen støttar organisasjonens barneheimar for foreldrelause barn i Pasthali, med fokus på «Balika Peace Home». Jentebarneheimen blei totalskadd i jordskjelvet i fjor, og etter dette har folkehøgskulen i Seljord hatt som mål å samle inn pengar til å byggje opp att barneheimen. Før jol passerte dei 1 million innsamla kroner. Det er nok til å byggje opp att, men på grunn av blokaden som har vore mellom India og Nepal er prosjektet forseinka.

– På grunn av dette ynskjer Seljord folkehøgskule å bruke pengane (150 000 kroner) frå Barn av Jorden til ein bil til barneheimen, slik at pengane kjem jentene til gode i løpet av kort tid, og ikkje blir ståande på konto, melder Barn av Jorden på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tre–fire timar med buss til hovudstaden Katmandu. Staden for barneheimen blei valt for å skjerme jentene, men det skaper utfordringar – som når det er behov for å kome til sjukehus og lege, eller til politiet. Bare det å gå til busstasjonen tek 45 minuttar. Ein bil vil også gjera det enklare å delta på møte og fritidsaktivitetar i distriktssenteret Banepa, som dei i dag brukar halvanna time til og frå. Han vil også vera eit viktig supplement til redningsaksjonar av barn som blir utsette for overgrep.

«Seljord folkehøgskule gjer ein strålande innsats ved å engasjere skuleelevar år etter år til å samle inn pengar for å hjelpe andre som har det vanskeleg,» var styret i Barn av Jorden einige om.

– Dette set me stor pris på, ikkje minst fordi så mange i Telemark har bidrege ved skulens innsamlingsaksjon for å byggje opp att barneheimen. Me er svært glade på vegne av barna. Det er rørande og veldig stas, melder rektor Arve Husby ved Seljord folkehøgskule.

Arve Husby. (Arkivfoto)
Arve Husby. (Arkivfoto)

Det er berre nokre veker til elevar og tilsette igjen reiser til Nepal på den årlege skuleturen.

– No som me kan hjelpe «Balika Peace Home» ytterlegare i ein krevjande kvardag, gler me oss endå meir til turen, seier Husby.